Logg på Korsveien

Strevar du med å logga deg inn på Korsveien? Her er oppskrifta på korleis du går fram, steg for steg.

Steg 1: Gå inn på korsveien.no, og trykk der det står «Glemt brukernavn eller passord?»
Steg 1: Gå inn på korsveien.no og vidare til «Glemt brukernavn eller passord?»
Steg 2: Fyll inn mobilnummeret ditt og trykk på «Tilbakestill passord»-knappen
Steg 2: Fyll inn mobilnummer.
Steg 3: Sjekk mobilen din. Der skal du ha fått ei melding med brukarnamn og passord. Dersom du ikkje får noko, gå tilbake til steg 2 og prøv å fylla inn e-postadressa di i staden for mobilnummer.
Steg 3: Sjekk mobilen din.
Steg 4: Trykk på lenkja som heiter «tilbake til innlogging».
Steg 4: Trykk på «tilbake til innlogging».
Steg 5: Du er no tilbake på innloggingsskjermen. Fyll ut brukarnamnet og passordet du fekk tilsendt. Merk at brukarnamnet ditt sluttar med rodekors.org, ikkje rodekors.no.
Steg 5: Logg inn med brukarnamnet og passordet du fekk tilsendt.
Steg 6: Dersom du får spørsmål om det, kan du velja om du vil vera permanent innlogga eller ikkje. Dette er ikkje særleg lurt dersom du loggar inn på ein EDB-maskin (eller mobil eller nettbrett eller noko anna) som andre enn berre deg sjølv har tilgang til.
Steg 6: Svar ja eller nei.
Steg 7: Gratulerer! Du er no lukkeleg innlogga på Korsveien.
Steg 7: Nyt synet av Korsveien.
Mogleg forvirring: Nokre frivillige opplever å landa på ei anna side enn Korsveien-framsida. Dersom dette gjeld deg, kan du navigera deg til framsida ved å trykkja på Korsveien-logoen øvst på sida, på den grå bakgrunnen.
Mogleg forvirring: Dersom du landar på ei anna side enn Korsveien-framsida, trykk på Korsveien-logoen.
Byta passord: Når du er innlogga, vil du kanskje byta til eit anna passord enn den herlege bokstavsuppa du fekk tilsendt på SMS. Då trykkjer du på «Endre passord»-knappen i verktøypanelet.
Byta passord: Trykk på «Endre passord».
Byta passord: Når du har trykt på «Endre passord»-knappen, kjem du til ei ny side, der du må fylla inn det gjeldande passordet ditt (altso det du fekk tilsendt) og deretter det du vil ha som ditt nye passord. Det nye passordet må du skriva inn ein gong til, før du trykkjer på «Send». Merk at passordet ditt må tilfredsstilla kriteria som står lista opp under skjemaet.
Byta passord: Fyll inn passordet du fekk tilsendt, og deretter det du vil ha som nytt passord.
Byta passord: Dette biletet viser korleis passordendringsskjemaet ser ut når det er fylt ut på rett måte.
Byta passord: Trykk på «send» for å lagra passordet.
 Byta passord: Slik ser det ut når passordet er endra.
Byta passord: Gratulerer! Du har no eit sjølvvalt passord.
Byta passord: Dersom du ikkje finn «Endre passord»-knappen i verktøypanelet på framsida av Korsveien, kan du finna han fram ved å trykkja på «endre verktøy». Då kan du bruka rullgardinmenyane til kvar enkelt knapp til å finna fram «Endre passord»-funksjonen på den plassen i verktøypanelet du ynskjer. Når du er ferdig, trykkjer du «Lagre».
Byta passord: Finn du ikkje «Endre passord»-knappen, kan du leita han fram ved å trykkja på «endre verktøy».

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler