Anne Irene Norum Dyvik Vis bildetekst
Anne Irene Norum Dyvik er ein av dei fyrste som har teke Røde Kors Våketjeneste sitt kurs, og vert blant dei fyrste vakarane i Hordaland.

Memento Mori

- Det er jo ikkje mindre viktig å dø enn å verte fødd, seier Anne Irene Norum Dyvik. Ho er ein av dei fyrste i Hordaland som har kurs innan vaketenesta i Røde Kors.

Denne saka handlar om døden, du er med dette åtvara, for det kan for mange vere vanskeleg å snakke om. Men ikkje for Anne Irene.

- Det er vel ikkje mindre stort eller viktig å verte fødd enn å døy, seier ho.

Og ho har sett begge deler på særs nært hold, fyrst som barnepleier på Kvinneklinikken og gjennom 20 år på aldersheimen i Dalekvam.

- Me feirar byrjinga av livet, og det er jo eit under, dei kjem fiks ferdige og er klare. Men ein vert følgd inn i livet, det er folk som kjem til. Det burde det jo også vere på slutten av det. Det er noko spesielt og stort ved det, og eg kjenner meg heldig som har fått følgje nokon til døden, seier ho.

Fleire døyr aleine

Det er eit aukande tal på menneske som døyr aleine, og 13 prosent av dei som døyr av sjukdom, har ingen rundt seg når dei trekker pusten for siste gong. For ikkje alle har familie som kan vere der når dei har kome til siste del av livet. Nokon har ikkje nære pårørande, andre har familien sin andre stadar i verda. I Danmark er Røde Kors Vågetjenesten ein av dei aktivitetane som veks mest, og no er den starta nokre stader i Noreg, som eit pilotprosjekt.

Vaketenesta består av frivillige som er til stades for døyande på det siste. Dei kan vere avlasting eller støtte til pårørande, og supplere helsepersonell for dei som døyr heime eller på institusjon. I Hordaland har eit knippe frivillige teke kurset som gjer dei til godkjende vakarar.

- Då eg høyrte om vaketenesta, tenkte eg ‘yes!’ Dette har eg venta på. Det er så mange med ressursar dei kunne brukt på det feltet, og behovet er der, det er det jo ikkje tvil om, seier Anne Irene.

Sjølv har ho vaka ved sida av nær familie, kjende og ukjende både privat og på jobb. Det som er felles for alle døyande, meiner Anne Irene er at ingen skal måtte gå dei siste stega i livet aleine. 

- Det burde vere ein menneskerett å sleppe å døy heilt aleine. Eg kjem til å tenke på den songen av Bjørn Eidsvåg, «du må gå sjølv, men eg kan gå med deg».

Ikkje berre trist

Ho har sjølv opplevd fleire tap i livet, og har fått følge både mor og far sin gjennom dei siste stundene i livet. Ho veit korleis det er å vere utsliten pårørande etter veker med å vake over ein av sine næraste.

- Då far låg for døden etter å ha vore sjuk lenge, tok eg nattskifta så mor kunne få sove ut før jobb dagen etter. Men ein kveld ville ho absolutt sitje sjølv, og eg bad ho vekke meg om ho vart for trøytt. Det var den natta han døydde, det er akkurat som om ho kunne kjenne det, fortel Anne Irene.

Ho opplevde også å halde mor si i handa dei siste vekene ho levde. Det var ei oppleving av å kunne ta farvel, noko som ikkje alltid berre var trist.

- Ho fekk meg til å skrive ned middagsoppskrifter, og var litt fortvilt over at eg ikkje kunne lage raspeballar skikkelig i ein alder av 32 år. Me lo godt der me sat på sjukehuset og dreiv med slikt. Og så tipsa ho meg om korleis eg kunne stelle for døyande seinare, og om kva mat eg skulle bestille til gravferda hennar.

Og sjølv om det er det tristaste ein opplever i livet, meiner Anne Irene det er viktig å hugse at me tross alt må oppleve å miste våre kjære, det er ingen annan utveg.

- Men døden har blitt til noko unormalt, den er jo ikkje det. Det kan vere verkeleg fint å sitje med nokon som er i sin siste fase, seier ho.

Lærerikt

For sjølv med sterke personlege erfaringar, er det her tårene kjem. For ein treng ikkje ha gått gjennom alt det Anne Irene har for å vere ein vakar. Det vil vere ein grundig vurdering av dei som ynskjer å melde seg som frivillig, men det viktigaste er å ville det.

- Eg trur ein kan gjere ein god jobb så lenge ein er interessert i andre menneske. Om ein kan vere audmjuk og sjå at situasjonen fullt ut handlar om den døyande, at ein berre skal vere der og følgje den situasjonen som vert skapa, då trur eg ein kan vere ein god vakar uansett erfaring, seier Anne Irene.

Og sosiale antenner må med, seier ho. For det er dei som vert redde, eller som reagerer med latter, eller ynskjer seg bibelvers. Og sjølv om det er viktig å vere der for den andre, og å kanskje legge att seg sjølv og sitt i døra på veg inn, sit ein alltid att med noko.

- Ein kan lære noko av alle relasjonar. Også den til nokon som ligg på det siste. Døden skal kunne spegle noko av livet, ein har kome hit, vakse opp, kanskje funne kjærleiken, skapa seg eit liv, og ein får vere med nokon på den aller siste reisa.

Og det, det skuldar me kvarandre, meiner ho.

- Før i tida hadde me nabokjerringa som laga ekstra middag om ein var sjuk. Me kan ikkje vedkjenne oss at menneske skal døy aleine, me skuldar kvarandre såpass. Det er på tide å ta tilbake døden, samfunnet vårt er for godt til at nokon skal sjå sine siste timar aleine.

Fakta:

Røde Kors Våketjenesten

  • Røde Kors meiner at ingen skal måtte døy aleine eller kjenne på einsemd i sin siste del av livet.
  • Formålet med Røde Kors Våketjeneste er å tilby medmenneskeleg nærvær til døyande og deira pårørande.
  • Røde Kors har starta eit pilotprosjekt med vaketeneste i Moss og Eidskog over det siste året. I fase 2 av prosjektet er fleire lokalforeiningar i Hordaland med, og jobbar med å få på plass eit tilbod.
  • Vaketenesta er Røde Kors frivillige som tilbyr medmenneskeleg nærvær til døyande i deira siste dagar og timar.
  • Vaketenesta si målgruppe er døyande utan pårørande eller med pårørande med behov for støtte eller avlasting. Ein vakar kan kallast ein pårørandevikar.
  • En vakar skal ikkje utføre omsorgsfaglege oppgåver.
  • Den frivillige skal vere psykisk robust, opptre lyttande og audmjukt overfor den døyande og pårørande. Den frivillige er intervjua og har gjennomført opplæring før eventuell godkjenning. Nedre aldersgrense er 25 år.
  • Samarbeidet med helseinstansane er godt. Både heimetenesta, sjukeheimar, omsorgsbustadar og sjukehus har inngått avtalar med Røde Kors lokalt.
  • For å lære meir om vaketenesta kan du ta kontakt med distriktskontoret på telefon 55 38 33 15 og på e-post til bente.grytoyr@redcross.no.