Ein førjulsdraum

BKK inviterte 150 deltakarar frå Røde Kors til førjulshygge på VilVite-senteret i Bergen.

- JA! Horieb og Beteab har ikkje tid til å utdjupe, men dei har det altså kjekt på VilVite. Og smila hadde jo sagt nok, det er overflødig å spørje.

- Det er veldig kjekt, og veldig stort, seier Ramlo Mohamed i fullt firsprang mellom motorsykkelen og ein kroppscanner på VilVite.

Om lag 150 deltakarar frå ei rekke forskjellige lokalforeiningar var inviterte til VilVite av BKK. Dei fleste var tilknytt Ferie for alle eller flyktningaktivititetar.

Betre enn syden

- Det er jo meir spennande å fortelje om etter ein dag her enn etter ei veke i syden, seier Arvid Østensen, som har vore Ferie for alle-vert i ti år.

Han syns det er særskilt fint med aktivitetar som er kjekke for både born og foreldre.

- Det er viktig at det er ei felles oppleving, og dette er jo spennande for både stor og liten.

Ettermiddagen byrja med nissegraut, før aktivitetane vart inntekne med stort engasjement.

Fast tradisjon

Ein førjulsdag på VilVite med BKK har etter kvart blitt ein tradisjon, og sponsorkoordinator Kjersti Drangevåg seier dei ynskjer å invitere igjen.

- Me er veldig glad for at billettane vert nytta, og at me får moglegheita til å glede nokon som kanskje ikkje hadde hatt moglegheit til å komme hit på eiga hand, seier ho.

Det vart halde juleshow med «heimelaga» fyrverkeri og raudglødande juletrepynt, og for dei litt meir tradisjonelle var det juletreskog med juleverkstad i.

Det var stort sett einstavingsord som var mogleg å få ut av borna midt i travel leiking, på spørsmål om dei kosa seg, svara alle JA, men hadde lite tid til å utdjupe før dei kasta seg inn i vêrstasjonen, loopsykkelen eller andre av dei talrike aktivitetane.