Sølvi Anette Eltvik Vis bildetekst
Språkspel og moro i internasjonal kvinnegruppe.

Eldsjela Sølvi

Sølvi Anette Eltvik har gjort frivilligheita til ei familiebedrift. Ho klarar ikkje tenke seg korleis livet ville vore utan Røde Kors.

- Det er rein egoisme, det er så kjekt å bli kjent med så mange menneske, seier aktivitetsleiaren i Sund Røde Kors.

Då talet på flyktningar som kom til Noreg skaut i vêret hausten 2015, og det vart opna flyktningmottak i nærområdet, starta ho opp migrasjonsaktivitet gjennom Røde Kors i Sund. Med mann og dotter på laget, vart det som ei lita familiebedrift. Dei starta både motor- og turgruppe, og sørga for at det var aktivitet som kunne lokke dei fleste.

10 år som frivillig

Men karrieren som frivillig for Sølvi starta med mange år som besøksven i Fana.

- Eg meldte meg som besøksven då sonen min vart 18, då tenkte eg at no er det min tur. Det har blitt ein livsstil, seier ho.

Ho meiner ho har lært meir i Røde Kors enn i arbeidslivet. Som leiar har ho blitt ein kløppar på administrasjon, og peikar på at fleire burde tent på dei moglegheitene det gir.

- Frivillig arbeid kan vere aktivisering for uføretrygda, eller å lære ting ein ikkje får på jobb. For fleire av flyktningane som har blitt frivillige har det ført til at dei har fått seg jobb også, alle burde tenke på kva dei kan gjere.

Aktivitet for alle

På tysdagar er det internasjonal kvinnegruppe, og i midten av gruppa sit Sølvi. Det er fult i dei små lokala til Røde Kors, og det er enkelt å sjå at dette er ein stad der folk trivst. Latter er den dominerande lyden, og ingen treng vere sjenerte i forsøka på å formulere ei meiningsfylt setning på norsk. Sjølv om vegen frå Syria, Eritrea og Somalia har vore lang for mange av kvinnene her, finn dei eit fellesskap på Skogsvåg, og Sølvi er eit naturleg midtpunkt i gruppa.

- Etter at mottaket vart lagt ned, trengte folk likevel ein stad å vere. Me merka eit behov for ei kvinnegruppe, så då starta me det, seier ho.

Dei er ein relativt liten, men svært engasjert gjeng som driv migrasjonsaktivitetane i Sund Røde Kors. Etter kvart har nokre av dei som var med på aktivitet då dei budde på mottak også blitt frivillige, og det er folk i Røde Kors-lokala ved busshaldeplassen mange dagar i veka.

- Tidlegare hadde me alltid vaflar, i dag har me gått over til fruktsalat, eg var redd for å bli litt for omfangsrik, ler Sølvi.

Må snakke saman

På veggen heng verdskartet, og dei fleste landa er markerte for at det er representantar for dei innom innimellom.

- Me skrattar og ler over banale ting, og vert fort kjent på tross av at språket ikkje alltid er heilt på plass. Det kan til tider verte litt mykje for meg også, men så tenker eg på alle dei fantastiske folka eg ikkje hadde møtt om eg slutta, og då er det ikkje noko sak lenger. Eg er så glad i alle saman, me er som ein familie, seier Sølvi.

Dei snakkar allereie om å starte opp nye grupper, det kan bli ei mannegruppe, og kanskje ei barselgruppe. Det er rom for alle ynskjer i Sund Røde Kors Flerkultur.

Og å ha stader og rom for å snakke saman er ekstremt viktig, meiner Sølvi. For sjølv om ho har slutta å sjå både farge og klesdrakt, er det ikkje alle som gjer det utanfor Røde Kors-huset.

- Eg skulle ynskje eg kunne sette desse nettrolla i ein sofa og tvinge dei til å høyre alle historiene som er rundt bordet her, om dei hadde møtt menneska hadde dei nok endra meining, seier ho.

Vil du bli frivillig i di Røde Kors lokalforeining?
Her finn du oversikt over aktivitetane og kan melde deg inn.