Finse kan vere både himmel og helvete

Ynskjer enda fleire Røde Korsarar til Finsekurset

Finsekurset er eit av dei fremste kursa i landet innan søk og redning. - Alle som ynskjer å ha ei leiarrolle i redningsaksjonar vil ha stor nytte av å ta kurset, seier kursleiar Agnete Gilbakken.

8 heile dagar i det til tider nådelause vêret på Finse er ei hard og realistisk øving i å fungere som leiar i ein redningsaksjon. På Finsekurset får ein testa og utvikla sine eigne leiareigenskapar i situasjonar som er så nær ein verkeleg aksjon at dei fleste nok gløymer at det er ei øving til tider. I tillegg til Røde Kors Hjelpekorps, kjem deltakarar frå politiet, sivilforsvaret, hovudredningssentralane, Norske Redningshunder, Norsk Luftambulanse og brann- og redningsetatar.

-Finsekurset er ein utruleg god arena for redningstenestesamvirke. Dette er vel kanskje det einaste kurset i Noreg som er så tverrfagleg. Dei eksterne deltakarane lærer Røde Kors å kjenne, og me vert kjent med dei, seier kursleiar Agnete Gilbakken.

Ynskjer enda fleire frå hjelpekorpsa

Evalueringa etter kurset i fjor viser at ein lærer mykje av kvarandre i løpet av kurset, i tillegg til undervisning frå svært dyktige instruktørar. Gilbakken ynskjer å sjå fleire frå Hjelpekorpsa på kurset i vinter.

-Me ser svært gjerne at delen av påmeldingar frå Røde Kors Hjelpekorps aukar. Dei eksterne, som politiet, brannvesenet og andre har vore veldig flinke til å melde seg på. I fjor var det om lag halvt om halvt med interne og eksterne deltakarar, men me ynskjer enda fleire hjelpekorpsarar.

Ho meiner alle i Hjelpekorpset som er eller ynskjer å ha ei leiarrolle innan søk og redning bør ta kurset.

Gjennom kursdagane får ein heile tida tilbakemeldingar på korleis ein utfører leiarrolla. Ein får både teori og praksis om å vere leiar, og lærer spesifikt å setje kunnskapen i system og å bruke dette i praksis. Alle trenar både inne og ute i felt, og Gilbakken understrekar kor viktig det er for leiarar å ha felterfaring, noko dei får under tøffe forhold på Finse.

-Det er viktig å vete at om ein skal verte ein god leiar inne i KO, må ein ha erfaring med å vere ute. Både blant frivillige og generelt er ein god leiar oftast den som har hatt praktisk erfaring fyrst  . Me ser ofte at når folk byrjar på kurset er dei litt usikre på korleis ting fungerer, medan dei har fått oversikt og er langt sikrare når dei reiser.

Lang erfaring

Kurset neste år vert det 58. Finsekurset, og med så mange år i bagasjen er kursopplegget godt utprøvd og evaluert. Med andre ord får ein eit kurs som er gjennomført og forbetra så mange gongar at kvaliteten er på topp. Alle deltakarane får trent på ulike rollar for å oppleve ein aksjon frå ulike perspektiv, det er fokus på leiarskap, aksjonsleiing og redning i skred. Sidan førre kurs har ein fått fagkurs vinter inkludert i Finsekurset som eit pilotkurs i 2018, og på neste kurs vert det mogleg å ta berre denne delen for hjelpekorpsarar med Lagledelse Søk og Redning-kurs i frå før.

Fristen for å melde seg på til korpsleiar er 1. november, og det er plass til fleire deltakarar.