Livreddande halvliter

Èin pose med blod kan redde tre liv. 20 minuttar i Blodbanken nokre gongar i året, er ein enkel måte å vere helt på. I ei krise er blodgjevarane heilt naudsynte.

- Når ein har kome i gang, går det jo av seg sjølv, ein gjev så sant ein er frisk, seier Nina Klæboe.

Ho hugsar ikkje sikkert når ho gav blod for fyrste gong, men no har det i alt blitt 80 turar i blodbanken. 40 liter blod donert, kanskje har det redda fleire hundre liv. Det er ei velfortent gullnål ho har fått på jakkekragen.

På årets «gullfest» på Haukeland Universitetssjukehus, utdelinga av gullnåler for å ha donert blod 80 og 100 gongar, har dei frammøtte fleire tusen liv på samvitet. 30 personar fekk gullnål denne gongen. Med tanke på at éin pose med blod, éin raud halvliter, kan redde livet til tre personar, er det mange som kan takke gullgjevarane for livet. Men det trengs alltid fleire som vil vere blodgjevarar.

Treng fleire som vil gje
Røde Kors har ansvar for å rekruttere blodgjevarar i Hordaland, det er ein jobb leiar i blodutvalet Jørn Andressen tek på alvor. Men han ynskjer seg enda meir engasjement i heile Hordaland.

- Særskilt treng me meir blest rundt dette i Stord og Odda, og der kan nok rekrutteringsarbeidet girast opp litt, seier han.

I Hordaland kan ein gje blod i Bergen, på Voss, i Odda og på Stord. I tillegg kan ein gje på Blodbussen. Ein halvliter med blod vert delt opp i raude blodceller, blodplater og plasma. Komponentane vert brukt for å behandle ei rekke sjukdomar i tillegg til situasjonar der pasienten har mist mykje blod. Men dersom kriser oppstår og mange treng blodoverføringar samstundes, er det enda viktigare med mange faste gjevarar.

- I ein beredskapssituasjon er me heilt hjelpelause utan blodgjevarane, det er desse her som er heltane då, seier leiar for blodbanken i Bergen, Einar Kristoffersen.

Han peikar mot selskapet av faste blodgjevarar på «gullfest» i Bergen, det er litt høgtideleg når ein skal dele ut gullnåler for 80 og 100 blodtappingar.

Andreas Christiansen gav blod fyrste gongen i 1973. 100 tappingar og 50 liter seinare ser han ingen grunn til å slutte med det.

- Eg vart med ein kamerat den gongen, og det er jo ingen grunn til å slutte, seier han.

Men det er ikkje nok blodgjevarar i blodbanken likevel. I kritiske situasjonar trengs det fleire, og det er før situasjonen oppstår at ein må melde seg.

- Det er ofte mange som melder seg som blodgjevarar når det har oppstått ein kritisk situasjon, men då er det litt seint når ein må gjennom prosessen for å verte godkjent, seier Kristoffersen.

Med meir ekstremvêr og auka terrorfare, må ein vere klar for kritiske hendingar. Kristoffersen fortel at om ein har 10 personar med skader til dømes frå ein eksplosjon eller liknande, vil sjukehuset kunne oppleve å mangle blod.

Etter kritiske situasjonar har det tidlegare vore ein kø av menneske som ynskjer å verte blodgjevarar, men som i verste fall berre skapar ekstraarbeid for helsepersonell.

- Det er dei faste blodgjevarane som kan redde oss i slike situasjonar. Dei som har gitt blod nokre gongar, og som enkelt og greitt kan komme inn og donere om det trengs, seier Kristoffersen.

Du kan enkelt registrere deg som blodgjevar, og finn all informasjonen du treng, på giblod.no.