Bildetekst?

Henry møtte ordføraren

Røde Kors sitt opplæringsopplegg i fyrstehjelp for barnehagar, "Henry", er svært populært. Ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen, fekk sjå Henry i aksjon. Ho vart imponert over tilbodet.

Det var mange beundrande barneblikk på ordførarkjeda til "sjefen for heile Bergen", Marte Mjøs Persen, blant borna i Bogane Barnehage i Arna på onsdag. Men det varte berre til pedagogisk leiar  og Røde Korsar Vigdis Sand Torvanger tok fram Henry, dokka som hjelper born å lære fyrstehjelp.

Sitjande i ein ring på golvet syng borna av full hals når Henry-songen vert spelt, men så vert stemninga litt meir alvorleg. Henry har nemleg skada seg. Etter nærkontakt med ein rykande varm kjele har han fått eit brannsår på armen. "Kva gjer me då," spør Torvanger. Det er einstemmig vedteke at ein fyrst skal finne ut kva som har skjedd og finne ein vaksen.

- Men! Fyrstehjelp! Ein triumferande finger går i været, og me finn ut at kaldt vatn nok er det beste.

247 Henry-dokker i Hordaland

Ordføraren er imponert over Røde Kors sitt opplegg, og håpar fleire barnehagar vil ha større fokus på fyrstehjelp.

- Røde Kors gjer eit veldig viktig arbeid, spesielt med å gje born opplæring. Dette verktøyet er verkeleg imponerande, og veldig pedagogisk godt, seier Persen.

Ho var invitert med til Arna av distriktslear Geir Langeland, som ynskjer meir fokus på det tilbodet Røde Kors har utvikla for barnehagane.

- Det siste året har Hordaland Røde Kors delt ut 247 Henry-dokker, og me håpar at også resten av barnehagane i fylket skal kunne få dokker i tida framover, seier han.

På plansjane som føl med Henry-opplegget er det ei rekke forskjellige situasjonar som krev fyrstehjelp som er skisserte: å dette ned frå eit tre, å kutte seg i handa, å setje noko i halsen og ei rekke andre scenario. Borna har sjølv mange forteljingar om eigne opplevingar, og då ein av gutane ramla av sykkelen og fekk eit kutt i panna for ei stund sidan, hadde dei Henry-dokka å støtte seg på når dei snakka om kva som hadde skjedd.

- Det er veldig viktig å snakke om fyrstehjelp med born, og med Henry har ein eit program å følgje. Mange kan kanskje kvi seg litt for å snakke om desse tinga, men no treng ein ikkje tenke på korleis ein skal forklare, eller kor komplisert ein skal gjere det. Henry-programmet er komplett til opplæringa, seier Torvanger.

- Born kan redde liv

All informasjon som trengs følger med dokka, i tillegg til informasjon om Røde Kors. Personalet i barnehagane treng altså ingen forkunnskap om fyrstehjelp for å kunne undervise borna. Langeland seier også små born kan ha ei viktig rolle når ulukka er ute, og at det uansett er viktig å vete kva ein skal gjere.

- Me har jo sett at born kan redde liv, men det er også viktig at ein tidleg har dette med seg og veit at ein er budd dersom noko skjer. Gjennom dette opplegget ynskjer me at born skal lære noko om kva dei gjer om nokon skadar seg og at det er viktig å hjelpe uansett. Når uhellet er ute kan det vere avgjerande at nokon tek ansvar, viser omsorg og skaffar hjelp.

Med Henry er det lettare å vise og forklare, i tillegg vert borna glad i dokka.

- Fleire spør etter Henry med ein gong dei kjem i barnehagen, seier Torvanger.

Les meir om Henry - førstehjelp for barnehagebarn her.