Då "Nina" herja på . FOTO: Ole Skaten/Bladet Tysnes Tysnes.

Billig forsikring

Er du klar om det skjer ei beredskapshending? Om du ikkje kjem deg på butikken, eller om straumen vert vekke? Personleg beredskap treng ikkje å bety ei endring av livet, berre av nokre vanar.

Nina, Synne, Tor og Urd. Dei har sveipa innover Vestlandet i løpet av dei siste åra med store følger. Straumbrot, stengde vegar, øydelagde bygningar.

- Under Nina var det ei løe i bygda som datt saman, og dei måtte sende dyra til slakting. Etter det har eg vore meir på vakt, fortel Valdemar Søreide.

Når ein bur heilt i sjøkanten på Tysnes, vert ein vane med at vêret kan vise musklar. Det gjer personlig beredskap til ein meir kvardagslig ting.

- Ein føl jo med på vêr og vind, og har i bakhovudet at det kan verte ruskevêr som til dømes kan ta straumen og gjere skade på veg og bygg, seier Valdemar.

I praksis betyr det å ha gjort nokre tiltak. Å feste trampolinen ekstra godt og å ha moglegheit til å flytte inn campingvogna til dømes. Å vete at lommelykta har nye batteri og lyspære, å vete at ein har lighter lett tilgjengeleg. Mat for nokre dagar.

Valdemar Søreide er oppteken av eigen beredskap.

Ein kjem langt med litt

Beredskapstiltak som det, og å kunne fyrstehjelp, å ha hatt ein samtale i familien om kva ein gjer i unntakssituasjonar, gjer at ein kan handle raskare og meir gjennomtenkt dersom det skjer noko. Om det er uvêr eller andre situasjonar ein kan kome opp i, er nokre enkle tiltak felles for svært mange situasjonar.

Valdemar har nokre reglar for seg sjølv.

- Eg har alltid godt med ved lagt opp og passar på at me har det me treng heime.

Under Nina var familien, med mange andre, utan straum i over eit døger. Med vedomn med kokeplate på, fekk ikkje det sei store konsekvensane for Valdemar. For mora, som bur i ny leilegheit som berre har elektrisk oppvarming, var det litt verre.

- Varmen held seg jo ei stund, men me reiste ut til ho med mat og slik. Det fins jo løysingar om ein får hjelp av andre, men det er jo noko å tenke på.

Mange tenkjer ikkje nok på eigenberedskap

Fylkesberedskapssjef i Hordaland, Arve Meidell, er einig i at det er viktig at folk tenkjer på eigen beredskap.

- Samfunnet har ikkje kapasitet til å hjelpe kvar og ein ved ei større uønskt hending, og i alle fall ikkje på kort sikt. Difor er personleg beredskap eller eigenberedskap viktig. Likevel trur eg det er mange som ikkje reflekterer så mykje over dette i kvardagen. Noreg har vore, og er eit særs trygt land å leve og bu i. Av og til kanskje så trygt at vi ikkje lenger tenkjer over behovet for å oppretthalde ein viss minste eigenberedskap dersom noko skulle skje, seier han.

Fylkesberedskapssjef i Hordaland, Arve Meidell, peiker på Røde Kors sin plakat Beredskapsvettreglane (sjå nedst i saka) som eit godt døme på kva ein bør ha tenkt på. Ein finn og viktig informasjon på t.d. www.sikkerhverdag.no.

- Det er òg viktig at kvar einskild tenkjer gjennom om ein sjølv eller nærståande har særlege behov som det kan vere vanskeleg å dekke i ein krisesituasjon. I tilfelle bør ein gjere tiltak for å redusere denne sårbarheita, seier Meidell.

Han meiner også at eigenberedskap kan gjere at ein kjenner seg tryggare, og at ein er klar også for andre situasjonar enn den ein har gjort seg klar for.

- Tryggleik omhandlar minst to aspekt, faktisk tryggleik og opplevd tryggleik. Båe delar er viktig. Ein skal ikkje berre ha det trygt, ein skal òg føle seg trygg. Ein gjennomgang av «Beredskapsvettreglene» kan bidra til begge delar. I praksis handlar det nemleg mykje om å ha ei medviten haldning til risiko.

Få tek omsyn

Valdemar peikar på at ei viss beredskapstenking nok føl med ein oppvekst i vêrharde strøk. Men ifølge ei undersøking i Bergens Tidende, er det berre ein av ti som har eit beredskapslager heime. Samstundes er det skred og flom folk trur er den katastrofehendinga det er størt sannsyn for at skal hende. I slike situasjonar er det ofte fare for å miste elektrisiteten og å ha vanskar med å komme seg ut og få tak i forsyningar.

Det er nesten ein million nordmenn som opplevde straumrot som varte i over eit døger det siste året. Skjer det i kulda bør ein ha ein backup-plan.

- Eg trur at når ein bur i vêrharde område, som store deler av Hordaland er, så har ein desse tankane litt meir med seg. Men eg vart enda meir på vakt etter å ha sett herjinga til Nina for to år sidan. Ein må sikre seg sjølv, seier Valdemar.

Han meiner det er lite arbeid som skal til for å vere litt sikrare.

- Me bør ha respekt for at me ikkje veit kva som kan skje. Det er trass alt seg sjølv ein sikrar, og det er ein liten pris å betale.

Beredskapsvett er viktig.