Øyvind Stegen i Fana Røde Kors Hjelpekorps har vært frivillig i 45 år.

Redningsmann heile døgeret

Hadde Øyvind Stegen vore gift med Fana Røde Kors, hadde dei kunna feire safirbryllaup til hausten. 45 års samliv har gitt mange opplevingar.

- Det har liksom blitt det som var mi greie, seier Øyvind Stegen om kva som har heldt han i Røde Kors så lenge.

Frå stolen i Fana Røde Kors Hjelpekorps sitt vaktrom kan han fortelje lenge om alle minna frå Røde Kors. Det vert mange historier etter nesten eit halvt hundreår som frivillig, for ein veit aldri kva som kan skje når ein er med i hjelpekorps.

- Eg har vore med på idrett og slikt, og då veit du jo kva som skal skje til kva tid. I Hjelpekorpset veit ein aldri kva som skal skje, ein må vere fleksibel. Og det er noko eg likar.

Initierte SAM-RED

Det starta slik som mange forhold har starta, med ei annonse i avisa. Øyvind Stegen var 17 år, og det annonserte fyrstehjelpekurset førte til fleire kurs og ei lang og særs aktiv teneste i Fana Røde Kors Hjelpekorps. 45 år seinare er han langt frå ferdig, men gav seg nyleg som leiar av FORF (Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum) Hordaland. Han vart takka av på SAM-RED, seminaret han for 27 år sidan var med på å starte, og som årleg samlar stort sett alle beredskapsetatar og -ogranisasjonar i Hordaland, HRS og Justisdepartementet den fyrste laurdagen i februar.

- Me får mykje skryt i Hordaland for å få til eit så godt samarbeid, seier Stegen.

Erstattar løn med trivsel

Noko av æra er klart hans eigen. Som tilsett i Bergen Brannvesen i 37 år, har han kunne dra nytte av erfaringane frå både jobb og frivilligheit begge stader. Det same har leiarerfaringa.

- Erfaringane frå brannvesenet, særskilt leiarutdanninga der, har kome godt med i Røde Kors. Me har jo ikkje løn, då må det andre ting til for at folk skal trivst og bli verande, seier han.

Han har vore innom dei fleste verv i det lokale hjelpekorpset, i tillegg til å vere områdeleiar i mange år. Det har vore mange gongar då han berre har rukke eit raskt bytte av uniform mellom brann- og hjelpekorps.

Av slikt vert det mange opplevingar.

- Eg har ikkje tal på kor mange leiteaksjonar eg har vore med på, men nokre av dei hugsar eg jo sjølvsagt betre enn andre.

Dei ein ikkje gløymer

Særskilt hugsar han dei aksjonane der personane ikkje vart funne. Dei kan han ramse opp, og detaljane sit framleis, sjølv nokre av dei var for mange år sidan.

- Dei er jo med oss på ein måte. Eg stoppar ofte opp og tenker på dei, og på dei pårørande.

Andre aksjonar enda langt betre.

- Me hadde ein leiteaksjon etter to born ein gong. Det vart ein stor aksjon etter kvart, og me leita heile natta. Då morgonen kom fant ein nabo dei i bagasjerommet sitt, dei hadde klatra oppi det og så ikkje greidd å komme seg ut att.

Nye tider

Når ein har vore med på leiteaksjonar i fem tiår, er det også naturleg at ting endrar seg litt på vegen.

- Det er ser no for tida, er at med internett og slikt så veit alle alt. Under aksjonar no kan det strøyme til med folk, vener og familie og naboar. Det er sjølvsagt fint i seg sjølv, men også ei utfordring. Dei er ikkje alltid like førebudd på kva som kan møte oss. Ei av følgene er at me i Fana RKH til dømes har byrja og alltid ha øyreproppar til naudnettet.