Finsekurset 2018 har snart påmeldingsfrist

Snart påmeldingsfrist for Finsekurset 2018

For 59. gong skal Finsekurset arrangerast, og det er stadig like aktuelt. Kursleiaren står klar til å utdanne ei ny gruppe aksjonsleiarar i eit miljø som både er krevjande og veldig

- Me jobbar heile tida med å utvikle kurset, og i år vil det vere enda meir arbeid i KO, altså med koordineringsbiten av aksjonane, fortel leiar i Finsekurset, Agnete Hommedal Gilbakken.

Tverrfagleg kurs

I månadsskiftet februar/mars skal igjen ei gruppe av dei aller beste på aksjonsleiing i vinternoreg til Finse for å vert enda betre. Over 8 dagar i vinterføre på Hardangervidda kan by på realistiske scenario og å verkeleg få teste sine eigne leiarevner. Det gir norske redningstenester unik kunnskap innan søk og redning, og i å samarbeide på tvers av organisasjonar og etatar.

Invitasjonen til kurset går ut til alle i den norske redningstenesta, frå Røde Kors Hjelpekorps, Politiet, Sivilforsvaret, Norske Redningshunder, Norsk Luftambulanse og brann- og redningsetatar.

Gilbakken hugsar sjølv svært godt då ho tok kurset for 20 år sidan.

- Eg var veldig spent, og visste jo at det var litt hardt. Men det var utruleg kjekt, og etterpå var me litt stolte over oss sjølve  for å ha klart det, fortel ho.

Ikkje ekstremkurs

Ho opplevde å ta kurset i det ho kallar møkkavêr, regn og varierande temperatur rundt frysepunktet.

- Det sit i hovudet som om det var i går. Alle var kliss blaute. Eg hadde nye klede i Gore Tex, som var ganske nytt på den tida, og var faktisk nokolunde tørr. Men eg var på lag med to frå Forsvaret som måtte gå med bomullsklede, og dei kommenterte at sjølv etter mange øvingar i militæret var Finsekurset fyrste gong dei opplevde å måtte vri underbuksa.

Det vert understreka at Finsekurset ikkje er eit ekstremkurs, men at deltakarane får mykje på kort tid. Teori og praksis, erfaring frå ulike prosessar, mykje evaluering og eit krevjande og gjevande kurs. På innhaldsforteikninga stå leiing av søk- og redningsaksjonar, redning av sakna, sikkerheit, kunnskap om å opptre i vinterfjellet, snøskred, arbeid med pårørande og media og å jobbe i KO. 59 år med evaluering og forbetringar gir eit kurs som er kvalitetssjekka i alle ledd.

Dedikert leiar

Til neste år har Gilbakken sjølv vore med i hjelpekorpset i 30 år, og leiar for Finsekurset i 4. Etter å ha teke kurset sjølv har ho vore på Finse som vegleiar eller leiar kvart år sidan. Utanom eitt, då ho hadde termin midt under kurset.

- Me fekk høyre det, kor dårleg tima det var, fortel ho.

Til kurset i vinter er både den nye presidenten og landsrådet invitert til Finse på kurs. Den nyvalde presidenten i Norges Røde Kors, Robert Mood, har ein lang bakgrunn frå Forsvaret, og Gilbakken håpar på eit nyttig besøk.

- Det hadde vore veldig spennande om han kom, dette er vel noko han kan mykje om, seier ho.

Det er framleis nokre ledige plassar på neste kurs, og påmeldingsfristen er 19. november. Har du spørsmål eller ynskjer meir informasjon, ta kontakt med hakonlarsson.fedde@redcross.no eller ring 934 04 595.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler