14886316_10157730559550014_442023946_n

Tusen hjartans takk!

Røde Kors ynskjer å takke alle som bidrog til TV-aksjonen 23. oktober. Me er audmjuke og imponerte over innsatsen som vart lagt ned, og stolte over kva me fekk til saman.

- Dette er heilt fantastisk. Tusen takk til alle som har bidratt! Alle bidrag kjem til å gjere ein skilnad og saman får me hjelpa heilt fram. Alt engasjementet me har sett i det siste er overveldande. Eg er rørt, takksam og audmjuk på vegne av heile Røde Kors. To millionar menneske vil no få livsviktig hjelp, seier president i Norges Røde Kors, Sven Mollekleiv.

I Hordaland samla om lag 3000 bøsseberarar inn over 21 millionar kroner til TV-aksjonen i Hordaland, til saman vart det gitt over 221 millionar kroner til Røde Kors sitt arbeid for sivile offer for krig og konflikt. TV-aksjonen vert organisert litt forskjellig frå kommune til kommune, men alle har gjort eit imponerande arbeid. Kommunar, frivilligsentralar, Røde Kors sine lokalforeiningar og alle andre fortener heider og ære for jobben dei har gjort.

Eldsjeler i heile fylket

- Utan den utrulige dugnaden eit utal komitear, frivillige, Røde Korsarar, næringslivet og mange fleire har gjort, hadde me ikkje klart å samle inn så mykje pengar til Røde Kors sitt arbeid for å hjelpe over to millionar menneske, seier distriktsleiar i Røde Kors i Hordaland, Geir Langeland.

I kvar kommune i Hordaland har det vore eldsjeler som har stått på for at dette skulle bli den beste TV-aksjonen nokosinne, og det vart det. Full bøsseberardekning og å nå ut til alle som ynskjer å gje er alfa og omega, og det klarte me! I Bergen organiserte Røde Kors Ungdom studentane i byen, og me hadde eit reservekorps klart til dei plassane som mangla nokon til å bere bøssene. Alt i alt har det vore ein innsats over det heile som både Røde Kors, dei frivillige og samfunnet elles kan vere stolte av.

Ei rekke arrangement, frå basar til bingo, frå kjendisdeltakarar på Stolzekleiven Opp til panting av tomflasker, frå gripande forteljingar frå dei som kjem frå landa som skal ta imot hjelp til open dag på Gamlehaugen. Ei rekke asylmottak heldt venskapsfrukostar i samarbeid med Røde Kors og Tine.

Farga fylket raudt

Me har farga fylket raudt som Røde Kors, og gitt mange eit sterkare engasjement for dei som lid mest under konfliktane i verda, dei uskuldige. Alle som bur i Hordaland har fått moglegheita til å bidra og å oppleve det enorme engasjementet og dugnadsanda i fylket vårt i løpet av vekene før TV-aksjonen. Det kan me vere stolte av.

- Kreativiteten har vore stor og imponerande både før og under aksjonsdagen, noko eg trur har vore med å bidra til at kvar og ein som fekk besøk av bøsseberarane den 23. oktober var godt informerte om kva pengane gjekk til og sto klar til å gje litt ekstra for å hjelpe menneske i nød, seier Langeland.

Pengane frå aksjonen går til å hjelpe dei som er råka av naud og fare på grunn av krig og konflikt i Sør-Sudan, Syria, Somalia, Myanmar, El Salvador, Guatemala, Honduras, Afghanistan, Libanon og til integreringstiltak og helsehjelp for flyktningar i Noreg. I mange område er Røde Kors den einaste organisasjonen som har tilgang på grunn av situasjonen, og med midla frå TV-aksjonen kan dei sivile der få den hjelpa dei treng.

Saman får me hjelpa heilt fram, og me hadde ikkje klart det utan dykk.