Mads Holvik, Inga Fløysand og Solveig Dalland. Vis bildetekst
Mads Holvik seier han vert bortskjemt av å vere besøksven for Solveig Dalland og Inga Fløysand.

Ven og hjelpemannskap

- Eg får mi løn i heimebakte bollar, seier Mads Holvik. Å vere besøksven i Røde Kors har gitt han to nye bestevenninder.

- Fleire burde tatt ein sjanse og prøvd seg som frivillig, seier Mads.

Han har akkurat fylt i kaffi og smurt heimelaga syltetøy på sin andre heimebakte bolle for dagen. Som besøksven til Inga Fløysand og Solveig Dalland vert ein teke godt vare på.

- Det er ein uting at ein berre har vener på sin eigen alder, me har det veldig kjekt saman sjølv om det er nokre tiår i aldersforskjell, seier Mads.

Kaffi og handletur

Inga og Solveig har vore vener i over 80 år, dei har delt heimstad i Nordhordland, dei har delt skule, som unge delte dei leilegheit, og no deler dei besøksven.

- Me inviterer på middag og på kaffi, og så reiser me på butikken saman, fortel damene.

Annankvar veke reiser Mads for å hente Inga og Solveig, før dei reiser for å handle. I tillegg er han somme gongar sjåfør når dei har vore på strikkekafé eller på seniortreff.

- Det er så fint at eg slepp mase på folk om køyring og handling, no kan eg gå på butikken og finne varene mine sjølv, og me har det hyggeleg i same slengen, seier Inga.

Det er veldig mange i Noreg som ikkje har nokon å spørje om hjelp til ting som å handle, og det er kanskje enda fleire som ikkje har nokon å drikke kaffi saman med. Røde Kors Besøksteneste kan vere løysinga på begge deler, det aller viktigaste er å kunne møte andre menneske.Besøkstenesta vert organisert litt forskjellig på forskjellige stader, nokre har tilgang på bil slik som Mads, andre kjem på besøk på institusjonar, går tur saman eller andre ting.

Einsemd er eit stort humanitær problem, og forsking på dei psykiske følgene av einsemd viser at dei med få sosiale band lever kortare. Å ha nokon å besøke fast, å ha eit besøk å glede seg til, er ekstremt verdifullt.

Røde Kors har stort sett kø av folk som ynskjer å få ein besøksven, om du har eit par timar å avsjå nokre gongar i månaden, kan du gjere livet langt rikare for nokon i nærmiljøet. Om ein reiser for å handle, går ein tur eller berre drikk kaffi saman er ikkje det viktigaste, det viktigaste er å ha nokon å bruke tida saman med.

Frivillig som nyinnflytta

- Fleire burde sett kva dei kan gjere i sitt nærmiljø. Her får eg gjort noko som andre har glede av, men eg får jo også vere saman med to veldig morosame damer og høyre alle dei fantastiske forteljingane deira, seier Mads.

Sjølv melde han seg som frivillig då han var nyinnflytta på Frekhaug, og for mange kan det å vere frivillig vere den perfekte vegen inn  eit nytt miljø. Mange av dei som ynskjer besøksven er eldre, og det er nok mange yngre som bur langt frå eigen familie som kunne hatt glede av å drikke kaffi og snakke om livet med nokon som ikkje er på eins eigen alder.

Innimellom forteljingar frå ei tid lenge før besøksvenen Mads var fødd, ein liten diskusjon om kva stadnamnet Io eigentleg betyr og om kva dei tre har funne på dei siste månadane, er det tydeleg at dette er noko alle set pris på.

- Mads har jo gått framfor heile familien i popularitet her i huset, eg har alltid alt eg treng og snakkar visst veldig ofte om han, ler Inga.

Vi du gjøre en forskjell i ditt nærmiljø? Bli frivillig! Lukk x