Rødekorshytta utleige

Vår tanke med å leige ut Rødekorshytta er at det skal vera eit rimeleg tilbod til andre frivillige lag og organisasjonar, slik at dei kan samlast og ha ein kjekk oppleving.

Hytta vart bygd og drivast av frivillige på dugnad, og er ikkje ei kommersiell verksemd. Vi forutset at dei som leiger hytta forstår det, og hjelper oss med å ta godt vare på ho. Private festar og fyllekalas ynskjer vi ikkje å leige ut til.

Det er veg til/frå hytta, men det er store begresningar i bruk av vegen fordi vegen er kulturminne (Postvegen), så parkeringa er ved Skihytta. Vegen blir ikkje brøyta om vinteren, men vi køyrer spor med snøskuter. Det er utstyr og senger til 25-30 personar (5 doble senger), men ikkje puter/dyner, så ta med sovepose. Det står varme på heile tida så hytta er god og varm.

Sjå bilder av hytta her.

Er hytta ledig? Sjekk her.

1. Leigetakar
Leigetakar kan vere alle som ynskjer å leige hytta, men ansvarleg leigetakar må vere fylt 25 år og vere ein av brukarane. Det er ikkje nok at ein over 25 år står ansvarleg utan å vera med som brukar av hytta.

Leigetakar som er aktive i Førde Røde Kors og skal bruke hytta til private formål leiger til reduserte prisar – ta kontakt med kontorleiar.

2. Leigeperiodar
Dagleige gjeld frå kl 12.00 til kl 18.00 same dag. Døgnleige gjeld frå kl. 12.00 til kl. 12.00 neste dag. Ynskjer nokon å starte leige av hytta før kl 12.00 og/eller reise etter kl. 18.00 kan det skje utan ekstra leige dersom hytta er ledig. Vekesleige er frå kl 12.00 dag 1 til kl 12.00 dag 8.

Døme:
Ein leigetakar som kjem kl 12.00 og blir til kl 18.00 neste dag betaler for eit døgn og ein dag.
Ein leigetakar som kjem kl 18.00 og blir til kl. 18.00 neste dag betaler for eit døgn og ein dag.

3. Prisar
Ordinære leigeprisar er: kr. 900,- for dagleige
Kr. 1 400,- for døgnleige
Kr. 2 500,- for helg (fredag kl 18.00-søndag kl 16.00)
Kr. 8 200,- for vekesleige

4. Nøkkel og vask
Nøkkelen kan hentast og leverast hos Førde Røde Kors sitt kontor eller hos Sogn og Fjordane RK i 4.etg i Røde Kors bygget. Vask og rydding etter bruk skal leigetakar gjere sjølv. Dersom det ikkje er rydda skikkeleg fakturerer vi kr. 600,- pr.time for medgått tid til rydding og vask. Melding om feil og mangler rettast til mobil 907 26 095.

5. Avtale
gjer ein med kontorleiar (57 82 26 66 - 907 80 188 /e-post: pos@forderodekors.no)
Sjå elles sjekklista nedanfor.

Sjekkliste for leigetakar av Førde Røde Kors Hjelpekorps (FRK) si hytte på Langeland. Venlegast fyll ut og send inn.