Sponsa ny redningsbåt med 60.000,-

E. Karstensen Fiskeoppdrett AS puttar inn 60.000,- til ny redningsbåt i Florø.

Gladnyheita som kom frå E. Karstensen tidlegare i veka, at dei vil vere med å sponse Flora Røde Kors Hjelpekorps med 60.000,- til ny redningsbåt, blei tatt godt i mot.

I tillegg til dei 300.000,- som Sparebanken Vest delte ut under Hjartebak, er vi godt i gong med båtprosjektet men skulle sett at fleire ville delta med å gjere kysten vår tryggare.

Kommnande måndag 12.februar er det Årsmøte  i Flora Røde Kors, der det endelige vedtaket om innkjøp av båt skal takast opp. 

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler