Årsmøte Førde Røde Kors 2017

Førde Røde Kors ynskjer sine medlemmar velkommen til årsmøte i Rødekorsbygget 4.et. tirsdag 28. februar kl. 19:00. Valmøte startar kl. 18:00. Vi kan by på ymse program og innslag, samt lett servering!

Førde Røde Kors har hjelpekorps og ressursgrupper innan omsorg. Som medlem  har du høve til å påverke kva aktivitetar som vert satsa på, og korleis ressursane vert brukte lokalt. Vi oppmodar våre medlemmar til å nytte høvet og komme på årsmøte, for å få eit innblikk i  og påverke våre aktivitetar og planar for 2017.

 

Varaordførar Bjørn Haugsvær
Varaordførar i Førde, Bjørn Harald Haugsvær kjem, for å snakke om betydninga av frivillig arbeid i Førde Kommune. Foto: Firda

 

Iman2
Iman Ibrahim frå Eritrea vil halde eit innlegg med temaet "Flyktninguide i Førde Røde Kors som integreringsarena".
Int. kor
Førde Internasjonale Kor opnar arrangementet med song