Tubekøyring er ein pupulær aktivitet på Haugland under Ferie for alle. Vis bildetekst
Røde Kors arrangerer Ferie for alle på Haugland

Røde Kors' arv etter Christian Bekker

I 1980 arva Sogn og Fjordane Røde Kors eigedomen Haugland med eit ønske om å gagne barn og unge. Resultatet er Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter og Røde Kors Nordisk United World College.

Sakførar Christian Bekker på Haugland i Fjaler ville at verdiane etter han skulle komme andre til nytte. Så, i 1976, skreiv han sitt testament. Alt han let etter seg, skulle gå til Sogn og Fjordane Røde Kors, med ønskje om at organisasjonen kunne bruke verdiane til nytte for barn og unge.

Jeg testamenterer herved alt hva jeg ved min død måtte etterlate mig til Sogn og Fjordane distrikt av Røde Kors [...] 'til gavn for mer eller mindre hjelpesløs børn' og 'til oppmuntring, glede og inspirasjon for andre unge med trang og evne til senere selv å yde noget av verdi.'

Christian Bekker

Røde Kors såg potensialet i eigedomen, og starta med å bygge eit ferie- fritids- og aktivitetssenter. Det opna i 1985. Utbygginga heldt fram, og i 1992 opna H.M. Kong Harald Helsesportsenteret på Haugland, som året etter fekk status som rehabiliteringssenter.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Rehabiliteringssenter

I 2018 er Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter av dei viktigaste leverandørane av rehabiliteringstenester til Helse Vest. Senteret tek imot om lag 1300 pasientar årleg, og har ein stab på over 60 årsverk. Senteret har vektlagt langsiktig fagleg utvikling, og har spesielt mange pasientar med muskel- og skjelett-diagnosar. Kreftrehabilitering både til vaksne og ungdom har lenge vore eit satsingsområde for senteret. Frå 2017 har rehabiliteringssenteret også fått starta opp med tilbod til barn.

 

Samtidig med at dette helsetilbodet kom på plass, starta eldsjeler ein dialog med United World College. UWC vart etablert i 1962, og er eit internasjonalt skuletilbod der kjernen er å føre folk frå heile verda saman. I 1995 var Røde Kors Nordisk UWC på Haugland i Flekke i Fjaler eit faktum. Dronning Sonja opna skulen med 104 elevar frå 65 nasjonar.

Røde Kors Nordisk United World College

Internasjonal skule

I 2018 har skulen i Flekke 201 elevar frå 16-19 år. Dei er valde ut av 85 nasjonale UWC-komitear rundt i verda, og kjem ofte frå mindre privilegerte eller konfliktråka område. Funksjonshemma elevar er inkludert i studentmassen. Statuttane til skulen ber i seg ein klar referanse til Christian Bekker om humanitær utdanning av unge, der vern om natur og miljø også er ein viktig dimensjon. Skulen vektlegg også si nordiske plassering. Ei kjerne i Røde Kors-samarbeidet, er at elevane får eit grunnlag til å gå ut av skulen som Røde Kors-ambassadørar. Grunnlaget for dette er ei samarbeidsavtale mellom skulen og Røde Kors.

IMG_4061
Distriktsleiar Synøve Sande i Sogn og Fjordane Røde Kors og rektor på Røde Kors Nordisk UWC på Haugland, Guðmundur Hegner Jónsson.

Overlevande etter konflikt

Eit viktig samarbeid mellom dei to institusjonane, er prosjektet «Survivors of conflict». Skulen tek årleg inn to elevar som har alvorlege skader og traume etter krig eller konflikt, samtidig som dei får helsemessig oppfølging på Rehabiliteringssenteret.

Eit hovudmål er at studentane returnerer til sine heimland og bidreg med sine ressursar i lokalmiljøet etter ferdig utdanning. Ei utdanning frå United World College  opnar i tillegg mange dører for vidare akademiske studiar. Haugland internasjonale forskings- og utviklingssenter (Hifus), har hatt ansvar for forsking knytt til prosjektet.     

2018-06 ffa_frivillige
Frivillige på Ferie for alle

Ferieleirane

På 80-talet vurderte Røde Kors at det var ulike grupper av barn som trengde å få utvida sitt fritidstilbod. I 1985 starta difor Røde Kors Barnehjelpen å arrangere barneleir med frivillige hjelparar. Seinare kom det til funksjonshemma ungdom og vaksne, og på byrjinga av 2000-talet starta Ferie for alle opp. I 2018 gjev Sogn og Fjordane Røde Kors eit ferietilbod til 200 personar frå familiar som er råka av svak økonomi over tid. Om lag 30 frivillige nyttar ei veke av ferien sin som frivillige ferievertar.

Ferieleirane vert gjennomført i samarbeid med Røde Kors Nordisk UWC sitt leirskuletilbod, UWC Connect, men der ein også får nytte seg av fasilitetar ved Rehabiliteringssenteret. 

fiske_haugland_1DSC02241
Fisking frå brygga er ein populær aktivitet på ferieleirane på Haugland.

Eigarmelding

Dei første 15 åra etter at Røde Kors tok over eigedomen, vart det investert om lag 155 millionar kroner for å bygge senteret og skulen. Pengar frå Staten, Norges Røde Kors, Lions, TV-aksjonen, Fylkeskommunen og ei rekke andre bidragsytarar, legat og fond, i tillegg til enorm dugnadsinnsats, gjorde det mogeleg. Både skulen og senteret har vore og er i konstant utvikling. Stadig nye prosjekt, bygd på arven etter Bekker, forma av Røde Kors sitt verdigrunnlag, tek form.

Det er Sogn og Fjordane Røde Kors som eig Rehabiliteringssenteret, gjennom eit eige eigedomsselskap. Skulen vart etablert mykje med grunnlag i Røde Kors sitt engasjement og støtte. Den er ei sjølvstendig stifting som festar grunn på Røde Kors sin eigedom, forankra i Bekker sitt testament.

IMG_4194
Distriktsstyret er på synfaring på Haugland. Nærleiken til fjord og sjø har vore og vil bli viktig for aktivitetstilbodet på Haugland framover.

I si eigarmelding vedteken i 2018, slår distriktsstyret i Sogn og Fjordane Røde Kors fast, at det vil legge til rette for ei framtidsretta og berekraftig utvikling i selskapa og på eigedomen, og at det kjem barn og unge direkte eller indirekte til gode, slik Christian Bekker ønskte.

Slik starta det på Haugland

31. januar 1980

Røde Kors arvar Christian Bekker

Christian Bekker døyr og Sogn og Fjordane Røde Kors arvar eigedomen hans med bygningar og 1200 mål jord og skog på Haugland.

30. mai 1985

Hauglandssenteret A/S opna

Eit ferie, fritids- og aktivitetssenter for personar med eller utan funksjonshemmingar, i tillegg til leirskule, var på plass. Dei eldre bygningane var restaurert, hytter til leirskule var bygd og bygging av resepsjon, matsal og overnattingsrom byrja.

1. mars 1988

Avtale med United World College

Sogn og Fjordane Røde Kors og United World College gjorde avtale om å bygge ein skule på Haugland - med ein evigvarande leigeavtale.

24. oktober 1992

Helsesportsenteret opna

H.M. Kong Harald opna Haugland Helsesportsenter. Utvida kapasitet til 50 senger det neste året. Investeringar på til saman 85 millionar kroner så langt.

1. juni 1993

Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter

I 1993 vart institusjonen godkjent som rehabiliteringssenter gruppe 1, og fekk namnet Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Institusjonen hadde 8 500 kvm bygningsmasse til rådevelde, og dekka for det meste etterspurnad frå Vestlandet.

1. september 1995

Røde Kors Nordisk United World College opnar

104 elevar frå 65 nasjonar byrja på "verdsgymnaset" då det opna. Det hadde kosta 70 millionar kroner å bygge. Dronning Sonja er skulen sin høge beskyttar.

    

 

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler