Ferie for alle - vinter

Sogn og Fjordane Røde Kors inviterer til Vinterferie for alle på Nordfjord fritidssenter. Tilbodet er retta mot barnefamiliar med svak økonomi over tid.

I vinterferien 2017 arrangerast det vinterleir på Nordfjord Fritidssenter, frå torsdag 23. februar til sundag 26. februar. Tilbodet gjeld for barnefamiliar med svak økonomi over lengre tid, og som ikkje har eigne ressursar til å ta seg ferie. Familien må ha minst eitt barn i alderen 6- 13 år.

Vinterleiren er eit supplement til offentlege tiltak, og er eit gratis tilbod som inneber opphald med aktivitetar og tre overnattingar med heilpensjon. Leiren er leia av frivillige frå Røde Kors, men foreldra har sjølv ansvar for borna sine under opphaldet. I tillegg har leirstaden eigne aktivitetsleiarar som sørger for eit variert program med skileik, måltid på bål, skitur og villmarksleir.

Det er dei kommunale tenestene som søkjer på vegne av familiane. Det vere seg helsestasjon, barnevern eller NAV. Alle desse har fått tilsendt informasjon og søknadsskjema av Røde Kors. Frist for søknad er 10. desember 2016. Kontakt din kommune om du er i målgruppa og er interessert.

For meir informasjon om tilbodet, kontakt Lis Maria Munkvold, mobil 90 47 44 45, e-post lismun@redcross.no

Sommartilbod

Til sommaren blir det arrangert gratis familieleiar på Haugland og Barmen, og leir for barn og ungdom med spesielle behov på Haugland.

Les reportasje frå familieleiren.

Familieleiarene er gratis for deltakar, då deltakarane får tilbodet grunna sin dårlege økonomiske situasjon. Barne- og ungdomsleiren har ein eigendel.

Felles for leirane er at det er frivillige i Røde Kors som driv aktiviteten på leirane, og at det er kommunal helsesøster, Nav og Barnevern som prioriterer og melder på deltakarar. Om du trur din familie kan vere i målgruppa, ta kontakt med tenestene i din kommune.