Velkomen til Nordfjord fritidssenter!

Vinterferien vert arrangert ved Nordfjord fritidssenter, 23 km frå Stryn i flotte naturomgjevnader 500 moh. IL Veten har sitt klubbhus og idrettsanlegg her så det er mykje å finne på.

Leirstart er torsdag 22. februar
Klokka 12.00 er det sett opp felles transport frå Stryn rutebilstasjon til leirstaden.
Ankomst/innlosjering kl. 12.30.

Aktivitetar desse dagane
Skitilvenning og skileik
Vinter OL i hoppbakkene - lek og moro
Pinnebrød på bål
Skitur til Rosetstøylen og villmarksleiren
Zip-line og gruppeoppgåver

Skiutstyr
Vi har tur-/skiutstyr, akebrett og kjelkar til utlån. Vi oppfordrar alle, både foreldre og barn, til å gå på skiturane som er oppsett i programmet.

Overnatting
I hovudhuset har vi nyoppussa familierom, opphaldsrom, garderobar og badstover. Vi har bygd ei ny, romsleg hytte for utleige. I tillegg har vi eit anneks med enkle rom. Felles dusj og WC. Total overnattingskapasitet rundt 60 sengeplassar.

Rom, handkle og sengetøy:
Alle familiane bur på rom eller hytter og er utstyrt med dyner og puter.
NB!  Husk å ta med laken, putetrekk, dynetrekk eller sovepose og handkle. Sengetøy kan leigast til kr. 50,- pr.sett.

Mat og drikke
Maten vert servert i kantina på senteret. Det vert også servert mat og drikke utandørs på nokre aktivitetane.

Vertskap
Leirleiinga består av frivillige frå Røde Kors, og aktivitørar ved Stryn Leirskule.

Foreldre
Foreldra har sjølv ansvar for barna under opphaldet.

Rusmiddel
Det er nulltoleranse for bruk av rusmiddel, inklusiv alkohol. Det gjeld gjester, følgje og frivillige. Brot på denne regelen kan føre til bortvisning frå leiren.

Forsikring
Deltakarane må sjølv ordne med reiseforsikring. 

Heimreise søndag 25. februar
Klokka 12.00 er det pakking, sluttsamling og heimreise. Fellestransport frå leirstaden til Stryn.