Satelittbilde og kart over Georgia Vis bildetekst
Georgia spenner frå Svartehavet i vest, Tyrkia i Sør, Kaukasus og Russland i Nord, til Azerbadjan og Armenia i aust.

Samarbeid med Georgia

Viss du er av dei som drøymer om å gjere ein innsats for Røde Kors ute i verda, kan det no by seg eit høve. Sogn og Fjordane Røde Kors startar eit samarbeid med Røde Kors i Georgia.

I vår avslutta vi samarbeidet med Brčko Røde Kors i Bosnia Herzegovina, og no gjer Sogn og Fjordane Røde Kors klar til å samarbeide med eit nytt land: Georgia.

– Det vert eit veldig spennande og heilt nytt samarbeid, seier Anne Brit Sande, som er leiar i Internasjonalt utval, som har ansvaret for å få eit nytt prosjekt på plass. 

Internasjonalt utval 2018-11
Internasjonalt utval ved (f.v.) Marit Kvalen, Einar Målsnes, Pål A. Dahl (distriktskontoret) og Anne Brit Sande. Her frå nasjonal konferanse om distriktssamarbeid på Gardermoen.

Utvalet har kome fram til Georgia ved å vurdere fleire land ut frå sosiale behov som arbeidsløyse og fattigdom, demografi og geografi. Like viktig har det vore å vurdere mogelegheit for gjensidigheit, altså at begge partar får noko att for samarbeidet. Landet er også anbefalt å samarbeide med av Norges Røde Kors si internasjonale avdeling.

. 

Hald deg oppdatert om samarbeidet i vår Facebook-gruppe!

– Dei driv aktivitet innan alle våre fagområde, har ein oppegåande organisasjon og klarar å mobilisere med mindre ressursar. Så det er nok mykje å lære for oss til dømes når det gjeld organisering, rekruttering og ressursutnytting, seier Sande. 

Georgia ligg i Europa, på grensa til Asia, 3000 kilometer søraust for oss. Du finn landet mellom Tyrkia og Russland ved austkysten av Svartehavet. I Nord ligg fjellkjeda Kaukasus, og landet grenser også til Azerbajdjan og Armenia. Landet har fem millionar innbyggarar, ein million bur i hovudstaden Tbilisi.  

Store sosiale behov

Georgia har ein del fellestrekk med Norge, med mykje ville fjell og elver, noko som er relevant for hjelpekorpsarbeid. På det sosiale området er det andre utfordringar. Ifølgje FN, er til dømes arbeidsløysa hjå unge på rundt 30 prosent og fire prosent av innbyggarane lever i ekstrem fattigdom. Sju prosent er underernærte.  

georgia flaum rapport icrc 2018-07
Mestia Røde Kors i Georgia sine frivillige ryddar opp etter flaum i Chuberi sommaren 2018. Ifølgje rapport frå IFRC, råka flaumen fleire av områda vi ønskjer å samarbeide med.  Foto: Lasha Jafaridze / GRCS Mestia branch.

Seinare i vinter reiser representantar frå Sogn og Fjordane Røde Kors til Georgia for å bli kjent og konkretisere samarbeidet. Stadene dei skal besøke og truleg samarbeide med, har namn som Kutaisi, Batumi, Khulo, Bordzjomi, Chokhatauri og Ozurgeti. 

– Eg trur vi kjem til å bli veldig godt mottatt, dei er veldig positive til eit nytt samarbeid.  Det kjem til å bli mange inntrykk, vi får sjå kva vi kan gipe tak i, kva som vert våre utfordringar. Eg trur det første besøket vil gje lærdom og inspirasjon, eit godt grunnlag for vidare samarbeid, seier Sande.  

Føremålet med samarbeidet, eller twinning-prosjektet, som det heiter på Røde Kors-språket, er å styrke Røde Kors lokalt, støtte konkret aktivitet og styrke internasjonal forståing og kunnskap hjå medlemmene - for begge partar.

For deg som vil vere til nytte

– Som Røde Korsar ønskjer ein å vere til nytte, gjere ein innsats. Ein er med på dette fordi ein ser behov, og har gjerne ferdigheiter og kompetanse som kan vere bidrag til arbeidet. Mi oppmoding er at andre som har eit slikt ønske, som tenkjer at internasjonalt arbeid er spennande, no har høve til å stå fram og melde seg til innsats, seier Sande. 

Oppgåvene i eit slikt prosjekt kan til dømes vere å reise til Georgia som instruktør, eller for å lære av Georgisk Røde Kors. Det kan vere å ta imot besøk frå Georgia her, og syne dei korleis vi løyser våre utfordringar. Du kan halde deg oppdatert i denne facebook-gruppa og eventuelt melde di interesse i den.  

Litt meir fakta om Georgia 

Geografi

Området Sogn og Fjordane Røde Kors vil samarbeide med, ligg sentralt i vestlege deler av landet. Naturen er kledd med bøk, eik og kastanje, og det veks bjørk i høgda. Det lever rådyr, hjort, bjørn og ulv i skogane.

Historie og politikk

Georgia var eit kongedøme frå år 327. Landet kom under Russland i 1801, men sa seg sjølvstendig i 1918. Sovjet tok kontroll i 1921, og landet sa seg på nytt sjølvstendig i 1991, og oppretta ein demokratisk republikk. Edvard Sjeverdnadse var første president. Han vart avsett i 2003, Mikheil Saakasjvili innsett som resultat av Roserevolusjonen. 

Landet har eit uttalt ønskje om EU- og Nato-medlemsskap. Det klatrar stadig på demokratiindeksen rangert av britiske Economist Intelligence unit, ei utvikling stadfesta av amerikanske Freedomhouse.org 

Befolkning

Det bur 80 prosent georgiarar i landet, 40 prosent bur på bygda, 60 prosent i by. Forventa levealder for menn er 72 år, for kvinner 81 år. Hovudreligionen er georgisk ortodoks kristen.

Ifølge FN si oversikt over migrasjon, er bur om lag 838.000 georgiarar utanfor Georgia, halvparten av desse i Russland, 338 i Norge og fire i Sogn og Fjordane ifølgje Imdi.  

Økonomi

Landbruk står for 50 prosent av brutto nasjonalprodukt. Ein fjerdedel av arbeidsstyrken jobbar der. Store produksjonar er te, sitrus, vindruer, sukkerbete, tobakk. Vinmonopolet har fleire vinar frå Georgia på si liste. Innan industri er kol, petroleum, utvinning av mangan og vannkraft viktig.  Valutaen er lari (GEL). Ein lari er om lag 3,2 norske kroner (desember 2018).

Kultur

Mange vil kjenne Georgia frå deltaking i Eurovision Song Contest, til dømes med denne songen frå 2018.

BBC har laga ei oversikt over Georgia, med lenkjer til mellom anna engelskspråklege medier i landet.  

Her kan du lese tips om nyare georgiske forfattarar, og få eit innblikk i georgisk litteratur, slik ein forlagssjef i landet ser det.   

Vil du vite meir? Finn utdjupande informasjon hjå Britannica, FN, og Den internasjonale Røde Kors-føderasjonen og CIA-biblioteket.

Få skattefradrag på dine gaver og donasjoner Les mer om skattefradrag Lukk x

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler