Liv Ingunn Holvik (foto: privat), Tore Storehaug (foto: Krf/pressefoto), Adil Khan (foto: adil.no), Inge Nordhaug (foto: RVTS)

Smerta ein ikkje ser

Ein konferanse om ung psykisk helse. Velkomne til Storsalen i Førdehuset 18. november!

Det er mange som sit inne med ei smerte som ingen andre kan sjå. Ei smerte som ofte vert bagatellisert og gløymd. Det er altfor mange som tek sjølvmord, det er altfor mange som opplever vald og utryggleik i heimen, og det er altfor mange som sit åleine med angst og smerte.

Dette er nokon av det vi får dokumentert i vår nye rapport "Sosial puls 2017", som Norges Røde Kors har fått utarbeida i samarbeid med Statistisk senralbyrå.

Gjennom konferansen ønskjer vi å synleggjere desse humanitære utfordringane, slik at dei som slit kan bli sett, høyrt og verdsett. Konferansen er open for alle, spesielt inviterte er ungdom, lærarar, politikarar og andre som arbeider med ungdom og psykisk helse.

Program
12:00 Kulturinnslag – Jostein Vedvik, artist
12:05 Velkomen Jon Atle Rise, leiar av Røde Kors Ungdom
12:10 Dei som vert gløymt Inge Nordhaug, klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri, RVTS.
12:40 Pause m/snacks og drikke
12:50 Open skule, ein møteplass Liv Ingunn Holvik, miljøkoordinator på Firda vgs.
13:10 Humanitære behov blant ungdom i Noreg Røde Kors
13:30 Pause m/mat og drikke
14:00 Samfunnsutviklinga for unge – Ungdomspanel med ungdomsparti og ungdomsorganisasjonar
14:45 Pause m/snacks og drikke
15:00 Fordi livet endrar seg … Adil Khan, Adils hemmelige dansere og dommar i Norske talenter
16:30 Slutt

Konferansier: Tore Storehaug, stortingsrepresentant.

Påmelding
Konferansen skal vere i Storsalen i Førdehuset laurdag 18. november. Det er gratis å delta, men for at vi skal kunne ordne mat og transport, er vi avhengige av at alle melder seg på via dette skjemaet: https://goo.gl/CreK31

Arrangørar
Hovudarrangør: Røde Kors Ungdom i Sogn og Fjordane
Medarrangørar: Ungdomspolitisk utval og Elevorganisasjonen, dessutan ungdomspartia AUF, FpU, KrFU, Raud Ungdom, Senterungdommen, Sosialistisk ungdom, Unge Høgre, Unge Venstre.