Leiarutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane Røde Kors

Trygge leiarar som kan skape engasjement og leie eininga mot sine mål, men også kan korrigere kursen når det er behov for det. Det er vesentleg på alle nivå i Røde Kors, og det er også formålet med LeiarUtviklingsProgrammet (LUP) Sogn og Fjordane Røde Kors (SFRK).

Dei humanitære behova endrar seg over tid, nye frivillige har nye forventningar og samfunnets krav til våre tenester aukar. Endringar er såleis det normale, og da blir leiaren sine evner avgjerande for om eininga klarar å fornya seg og vere attraktiv for dei frivillige og for lokalsamfunnet. Programmet vil gje deg innsikt og verktøy til å forstå kva som skjer mellom menneske og korleis du som leiar kan påverke positivt.

Programmet passar for valde leiarar og andre med ansvar for aktivitetar, men alle kan delta. Erfaring som leiar vil nok gi større gjenkjenning av utfordringane vi tek opp på samlingane, men det å bli leia av andre er også relevant erfaring. Mange av tema er gjeldande i alle relasjonar mellom menneske.

LUP består av 3 modular/samlingar:

  • Modul 1 «Leiaren» 10.-11. november 2017
  • Modul 2 «Leiaren og teamet» 8.-9. desember
  • Modul 3 «Leiaren og organisasjonen» dato ikkje klar

Alle samlingane skjer i Førde på Røde Kors-huset i 4. etasje frå fredag kl. 18.00–21.00 og laurdag kl. 09.00–17.00. Deltakarane ordnar eiga overnatting og reise. Kurset held enkelt matservering og undervisningsmateriell. Deltakaravgifta er kr. 1200,– for alle samlingane.

Påmelding til pamelding.sfj@redcross.no innan 25. oktober 2017. Spørsmål kan rettast til tilretteleggar Pål Andreas Dahl på 907 26 095 eller pal.andreas.dahl@redcross.no.