Aktivt val - seksualopplysing

Røde Kors seksualopplysing

Få besøk av Røde Kors seksualopplysarar i ungdomsskule- eller vidaregåande klassar.

Gjennom Aktivt val vil Røde Kors gje ungdom relevant kunnskap som kan gje gode haldningar, sunne ideal og betre tryggleik når dei sjølv skal debutere seksuelt. Vi ønskjer ein ungdom som er trygg på eigen seksualitet, og slik også ha betre kontroll på eiga seksuelle helse.

rka16-2 aktivt val kondomtreningII
Aktivt val held kondomtrening. Elevane prøver ut å kvalitetssikre og tre ein kondom på ein øvingsdildo.

 

90 minuttar undervising om:

  1. Forståing for kva seksualitet, sex og lyst er.
  2. Kunnskap om seksuell legning.
  3. Å respektere andre sine behov og ønskjer.
  4. Å oppleve å vere klar både med kropp og hovud før ein sjølv ønskjer å debutere.
  5. Kunnskap om, og reflektere over grensesetting, samtykke og handlingsval i seksuelle situasjonar.
  6. Forskjellige typar prevensjon.
  7. Forskjellige seksuelle overførlege infeksjonar.

Programmet vert gjennomført i veke 22 og 23.  Aktivt val er i samarbeid med sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde. Seksualopplysarane er studentar som gjennomfører sin studentpraksis.

Meir om undervisning og påmelding

Meld på klassar her

Vår metodikk

Om instruktørane

Bakgrunn Aktivt val

Praktisk informasjon

 

 

Les "Vil gjere elevar tryggare"

Les "Ti år med kleine spørsmål"

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler