Bli med Til topps 15. juni!

Vi inviterer "heile verda" med på fjelltur til Raudmelen i Balestrand.

Til topps er eit arrangement der målet er å bli integrert gjennom å oppleve meistring i norsk natur, denne gongen gjennom å nå toppen av fjellet Raudmelen.  

Målgruppa for arrangementet er immigrantar i Sogn og Fjordane, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Nedre aldersgrense er 10 år.

Vil du vere deltakar, frivillig lagleiar eller få med deg deltakarar frå ditt lokalmiljø? Kontakt din lokalforeining eller distriktskontoret.

2017_til topps_P7010096
Tidlegare har til topps vare eit nasjonalt arrangement på Galdhøpiggen, det er det no slutt på. Vi håpar på same gode fellesskap og meistring når vi tek det heim til Sogn og Fjordane og Balestrand. Foto: Henriette Solheim/Røde Kors.

 

Slik er turen til Raudmelen

Raudmelen er eit fjell i Balestrand som ragar 972 meter over havet. Turen startar ved Sagatun skule og går langs merka løype heilt til topps.

Etter ein litt bratt stigning er det fint å ta pause ved Orrabenken (370 moh). Neste punkt på vegen er Buråsi (575 moh), som òg er ein fin rasteplass med fantastisk utsikt over Sognefjorden og Esefjella. For dei som ikkje klarar heile turen vil dette vere ein naturleg stad å snu.

Vidare frå Buråsi går ein mot toppen langs fjellryggen. Dei siste par hundre høgdemeterane er det nye steintrapper bygd av sherpaer i 2018. På toppen er det ei hytte der ein kan inn og varme seg om naudsynt. På toppen blir ein løna med ei fantastisk utsikt over Sognefjorden og fjella rundt.

Turen er omlag 4,5 kilometer lang. Tidsbruk vil variere, men med normalt tempo vil ein nytte om lag 2–3 timar opp, kanskje noko lenger for dei utrente. Rekorden sett i motbakkeløpet Balestrand opp er på 40 minutt.

Slik ser det ut på toppen av Raudmelen
Slik ser det ut på toppen av Raudmelen. Foto: Einar Målsnes/Balestrand Røde Kors.

Frivillige lagleiarar

Deltakarar på turen blir delt opp i lag med fire deltakarar og ein lagleiar. Lagleiarne er frivillige med erfaring med å gå i fjellet, dei skal vere motivatorar og sikre at deltakarne føler seg ivaretekne og trygge, og har har det dei treng av utstyr, mat og drikke. Lagleiaren syt for at deltakarane får informasjonen dei treng og er budde til turen. 

Lagleiarane må passe på at:  

  • Turlaget held seg samla under turen. 
  • Ingen i turlaget vert sende aleine ned til startpunktet dersom dei ikkje orkar å fullføre turen.   
  • Turdeltakarar med hjarte-/lungesjukdommar, epilepsi eller sukkersjuke (diabetes) har med naudsynte medisinar. 
  • Alle deltakarane tek omsyn til naturen, og tek med boss attende.

Påmelding og organisering

Kvar lokalforeining/lokale turgruppe må ha ein hovudansvarleg for alle sine deltakarar, ein gruppeleiar. Gruppeleiar har ansvar for å melde på deltakarane/laga frå sitt lokalsamfunn, og er bindeledd til arrangøren Sogn og Fjordane Røde Kors. Gruppeleiar har ansvar for at alle frivillige lagleiarar er budde til turen og held sitt turlag informert.  

Frist for påmelding

Gruppeleiar melder inn tal ynskja deltakarar innan 23. april ved å sende e-post til tilretteleggar på distriktskontoret: henriette.solheim@redcross.no  

Det er begrensa til plassar, så etter påmeldingsfristen, fordeler distriktskontoret plassane med utgangspunkt i innmelde ynskje, seinast 30. april. Dersom det er stor interesse og venteliste, vil eitt av kriteria for tildeling av plass vere om ein har arrangert lokale turar i forkant av Til Topps-arrangementet. Les meir om lokale turar nederst.

15. mai er siste frist for å endre tal deltakarar. Ein vert då fakturert ut frå talet ein står registrert med 15. mai. Gruppeleiar har ansvaret for å ta inn inn eigenandel for sine deltakarar og å fylle opp dei tildelte plassane dersom det vert avbod/endring i deltakarlistene fram til avreise. Om gruppeleiar ser at ein ikkje får nytta plassane etter fristen, gjev vedkommane beskjed til distriktskontoret, då andre deltakarar gjerne står på venteliste. 

23. april 2019

Frist for lokale ledd å melde inn ynskje om tal deltakarar

30. april 2019

Distriktskontoret tildeler plassar til lokale ledd

15. mai 2019

Frist for lokale ledd å sende inn oppdatert tal deltakarar

15. juni 2019

Til topps 2019!

Pris

Det er ein eigenandel på 200 kroner for deltakarar og frivillige som dekkjer:

  • Reise frå sentrale utfartsårer i fylket til Balestrand laurdag morgon med eigne turbussar.
  • Middagsservering etter fjellturen laurdag ettermiddag/kveld.
  • Heimreise med turbussar laurdag kveld.

Reise og mat

Sogn og Fjordane Røde Kors leiger inn turbussar som skal frakte deltakarane til og frå Balestrand. Informasjon om avreisestader og tidspunkt kjem. Forventa ankomst Balestrand mellom kl. 11 og 12. Bussane stoppar ved Sagatun. Der er det toalett tilgjengeleg. Det vil vere sekretariat der alle lagleiarane må registrere laget sitt før dei startar turen. Det er viktig å registrere ut laget når ein er attende, slik at vi veit at alle deltakarane er komne trygt ned. Garderobar vil då vere tilgjengeleg for klesskift.  

Deltakarane må ha med seg mat og godt med drikke til turen. Det er ikkje vasskjelder langs ruta. Det vil verte servert middag til alle deltakarane på kvelden, anten i Balestrand eller på vegen heim. Meir informasjon om dette kjem.

Lokale øvings-turar

Det er ynskjeleg at alle som skal vere med på Til topps har vore med å gå tur med gruppa si i forkant av turen til Raudmelen. På denne måten kan ein òg lettare avklare om deltakarane har god nok informasjon om turen og kva utstyr dei treng for å kunne gjennomføre ein slik tur.

Om ein ynskjer å arrangere lokale turar er det mange moglege samarbeidspartnarar lokalt (DNT, 4H, Norges jeger- og fiskeforbund, idrettslag, frivilligsentralen m.v.). Distriktskontoret har nokre midlar til disposisjon ved behov. 

For meir informasjon om Til topps eller hjelp til å starte opp lokale turgrupper i forkant, ta kontakt med tilretteleggar ved distriktskontoret jon.langeland.thomsen@redcross.no, tlf. 482 48 184.  

 

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler