I taulag over Styggebreen - på veg til topps på Norges Høgste fjell

Til topps

Til topps-arrangement i 2018 er 29.–30. juni. Sogn og Fjordane Røde Kors har mål om å få med seg 140 deltakarar til Lom.

Kva?

Til topps er eit integreringsarrangement der det fleirkulturelle og frivillige Noreg går saman. Turen er eit samarbeid mellom Røde Kors, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS) og Den norske Turistforening (DNT).

Tilbodet er til immigrantar i Sogn og Fjordane, det vil seie både asylsøkjarar, flyktningar og arbeidsinnvandrarar med fleire. Vi treng òg frivillige som kan vere med på turane og hjelpe til som frivillige.

tiltopps_2017_P7010095


Tidlegare år har Sogn og Fjordane Røde Kors tilbydd fleire turalternativ under det nasjonale Til topps-arrangementet. I år er det av ulike årsaker berre dei som ynskjer å nå Galdhøpiggen via Juvasshytta som kan bli med på det arrangementet. Nedre aldersgrense er 12 år. (Sjå eigen informasjon nedst på sida for grunngjeving m.v.) Men - vi tilbyr også lokale familiedagar. Les om dei nedanfor!


Det er ein eigenandel på 200 kroner for deltakarar og frivillige Til topps. Det dekkjer:

  • Reise frå Sogn og Fjordane til Lom fredag føremiddag med eigne turbussar.
  • Kulturfest i Lom med mat og underhaldning fredag kveld.
  • Overnatting i lavvo i Lom sentrum frå fredag til laurdag.
  • Tur frå Juvasshytta til Galdhøpiggen med breførar over isbreen.
  • Heimreise med turbussar laurdag kveld, inkl. stopp for eit betre måltid (middagsbuffé).
  • Meir informasjon om det nasjonale arrangementet (Kulturfest og tur til Galdhøpiggen) finn ein på www.tiltopps.no.
Dean

 

Korleis?

Distriktskontoret i Røde Kors organiserer og dekkjer felles tur til Lom for heile fylket. Kvar lokalforeining/lokale turgruppe må ha ein hovudansvarleg (gruppeleiar) for sine deltakarar. Denne personen er kontaktperson og bindeledd mellom distriktskontoret og gruppa, og har ansvar for at alle deltakarar og frivillige er godt nok informerte og budde til turen.

Gruppeleiar melder inn tal ynskja deltakarar for sitt lokale ledd/si gruppe innan 15. april ved å sende e-post til henriette.solheim@redcross.no. Deretter deler distriktskontoret ut tal plassar per lokalforeining med utgangspunkt i desse innmelde ynskja. Dersom det er stor interesse og venteliste, vil eitt av kriteria for tildeling av plass vere om ein har arrangert lokale turar gjennom året/i forkant av Til Topps-arrangementet. Det vil i samsvar med dette verte tildelt tal plassar på buss og i lavvo.

Hovudside Til topps

Det er gruppeleiaren sitt ansvar å fordele sine påmelde deltakarar i lavvoane som er tildelte, og å ta inn eigenandel for sine deltakarar. Lavvoane er på 6 meter i diameter med kapasitet frå 8 til 10 personar. Kvar gruppe vil verte fakturert for tal tildelte plassar (anten ved ansvarleg gruppeleiar eller ved lokalforeining). Det er gruppeleiar sitt ansvar å fylle opp dei tildelte plassane dersom det vert avbod/endring i deltakarlistene fram til avreise.

Gå lokalt!

Det er ynskjeleg at alle som skal vere med på Til topps har vore med å gå tur med gruppa si i forkant av turen til Galdhøpiggen. På denne måten kan ein òg lettare kontrollere om deltakarane har god nok informasjon om turen og kva utstyr dei treng for å kunne gjennomføre ein slik tur. Om ein ynskjer å arrangere lokale turar er det mange moglege samarbeidspartnarar lokalt (DNT, 4H, Norges jeger- og fiskeforbund, idrettslag, frivilligsentralen m.v.).
Om ein ynskjer meir informasjon om Til topps og/eller hjelp til å starte opp lokale turgrupper i forkant, ta kontakt med Sogn og Fjordane Røde Kors ved Henriette Solheim, tlf. 915 99 415, henriette.solheim@redcross.no eller Jon Langeland Thomsen, tlf. 482 48 184, jon.langeland.thomsen@redcross.no.

Viktige datoar/fristar
15. april: Frist for lokale ledd å melde inn ynskje om tal deltakarar
30. april: Distriktskontoret tildeler plassar til lokale ledd/grupper
15. juni: Frist for lokale ledd å sende inn oppdaterte og korrekte deltakarlister/namnelister
29.–30. juni: Til topps 2018!    
(Med atterhald om endringar frå Norges Røde Kors.)

Lokale familiedagar

til topps_lokaleturar_bark_gulen_ill_DSC01397

Lokale familiedagar kan vere eit tilbod til familiar som ønskjer å gå på tur, men har barn under tolv år. Sogn og Fjordane Røde Kors oppmodar difor lokalforeiningar om å vurdere å arrangere lokal aktivitetsdag for barn og barnefamiliar. Kvar lokalforeining som ynskjer å gjennomføre ein aktivitetsdag for minimum 20 deltakarar kan søkje om å få ei grunnstøtte på kr 5000.

Dersom omfanget vert større kan ein søkje om ytterlegare stønad. Arrangementet må gjennomførast i tidsrommet mai–november. Frist for å melde interesse og søkje er 20. juni.

Dette gjer du ved å sende ein e- post til jon.langeland.thomsen@redcross.no med følgjande informasjon:
•    Lokalforeining
•    Namn på kontaktperson
•    Grovskissert plan for arrangementet
•    Mål for tal deltakarar
Døme på innhald kan vere:
•    Grilling/annan mat
•    Fiske
•    Spel og leik
•    Tur i skog/fjell
•    Natursti/orientering
•    Kulturinnslag

Lokale ledd er ansvarlege for planlegging og gjennomføring av aktivitetsdagane. Sogn og Fjordane Røde Kors støtter opp om arrangementa gjennom hjelp til tilrettelegging og økonomisk stønad.

 

Kvifor lokale familiedagar?

For å ikkje arrangere Til topps under ramadan, har Norges Røde Kors i år lagt Til topps til siste helga i juni. Då har høgsssongen starta i Lom, og Sogn og Fjordane Røde Kors har difor hatt vanskar med å skaffe overnattingsplassar. Vi har no skaffa 140 overnattingsplassar i lavvo. Tidlegare har vi hatt mål om 235 deltakarar på dette arrangementet, men må naturleg nok redusere måltalet til 140 deltakarar i 2018. Difor må vi prioritere dei som har mål om å nå Galdhøpiggen.

Aldersgrensa er sett til 12 år, då overnatting i lavvo er ueigna for yngre barn på eit så stort arrangement. Vi ynskjer likevel å ha eit tilbod til barn og barnefamiliar, og difor tilbyr vi støtte til lokale aktivitetsdagar.
Vi trur at lokale tilpassingar kan skape særs gode arrangement, slik at dette vil vere fullverdige og kjekke tilbod for målgruppa.

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler