henry_ebanner_rodekors_900x280_NY

Førstehjelp med Henry i alle barnehagar

I 2016 fekk alle barnehagar i fylket tilbod om eit gratis opplæringssett i førstehjelp til barna. No er Henry på plass, og aldri har vel så mange lært førstehjelp i Sogn og Fjordane før.

svelgen tur henry

-    Henry følger med og passar på oss. Han hjelper borna å fylgje PALS-forventningane. Så trøstar og hjelper han når vi slår oss, skriv Linn Karin Sande Igland i Svelgen barnehage.

Ho har sendt oss bilder av Henry som er med på tur. Greia med Henry er at han sjølv er skikkeleg uheldig. Han kan få både skrubbsår og kvepsestikk, brannskader og han kan klemstre seg. I det pedagogiske opplegget som føl med, lærer barna kva dei kan gjere for å hjelpe Henry, kvar dei kan hente hjelp, og kvar ein ringer når nokon har skada seg.

svelgen henry tur 2

-    Vi har han med i kvilestundene også. Der får ungane bruke han som kosebamse kvar sin dag. Stor stas, skriv Igland.

Røde Kors sitt mål med Henry er å nå ut med førstehjelpskunnskap, omsorg og ansvar i tidleg alder. Så håpar ein dette kan få ringverknader blant innbyggarane etter kvart.

-    Det er viktig for oss at han blir behandla fint. At dei ber han som eit barn og legg han fint ned når dei skal kvile. Vi må vere gode med kvarandre, skriv Igland.

svelgen henry tur 3

Første møte med Henry i Sogn og Fjordane var sommaren 2015, då fleire hundre barnehagebarn fekk måte han på stand rundt i fylket. Same året fekk alle Røde Kors lokalforeiningar eit sett dei kunne låne ut til barnehagar. I 2016 støtta Gjensidigestiftelsen Norges Røde Kors, så vi kunne gå til innkjøp av nok Henrysett til alle landets barnehagar og gje det til dei, heilt gratis.

Så langt vi veit, er det no over 130 barnehagar i Sogn og Fjordane som har tatt imot og kan samle ungane rundt ein uheldig Henry for å gje omsorg, ta ansvar og melde frå.

Har du spørsmål om Henry, ta kontakt med Henriette Solheim hjå Sogn og Fjordane Røde Kors.

Henriette Solheim 2019_1000
Henriette Solheim
I permisjon.
Mobil
00000000

 

Kontakt næraste Røde Kors