Astrid Henden går på tur med besøksven Aud Kragseth

Takka ja til besøksven

Ho ville helst vere sjølvhjelpen, men behovet for å vere saman med folk gjorde at Astrid Henden braut tabuet og takka ja til tilbodet om ein besøksven frå Røde Kors.

Eit tungt skydekke heng over Nordfjordeid. Regnet piplar og plaskar ned takrenner og sluk. Tunet ved omsorgsbustadane er stille. Dører og vindauge stengde. Ein dag for inneliv. Einsemd, kanskje. Men så rundar Aud Kragseth hushjørnet med energiske steg. Ho ringer på hjå Astrid Henden, som opnar døra med eit stort smil.  

– Hei, halloen! Så kjekt at du kom, seier ho.
– Hei, ja, eg lurte på om vi skulle ta ein rusletur? spør Aud.
– Ja, det er fint, eg har ikkje vore utom døra i dag, eg.

Dei to har ikkje eit heilt «vanleg» utgangspunkt for venskap. Det byrja med eit initiativ frå Astrid, då ho budde ei tid på sjukeheimen i samband med sjukdom. Ho trengde verkeleg å komme seg ut litt, mosjon og frisk luft. Det var vinter, glatt, og ho hadde ingen å gå tur med. Ingen som hadde tid, i alle fall. Så ho spurte på sjukeheimen, ho spurte om dei kunne finne nokon ho kunne gå med. Det kunne dei, og etter eit par rundar med litt midlertidige turkameratar, foreslo heimesjukepleien å kontakte Eid Røde kors Besøksteneste.

Ein til ein

– Leiaren vår, Inger Johanne Brekke, spurte om eg kunne tenke meg å besøke Astrid. Ho ville ha nokon å gå tur med, nokon og prate med. Då tenkte eg at eg hadde veldig lyst til å prøve. Eg ringte ho først, og tykte vi fekk kontakt med ein gong. Det viste seg at vi hadde mykje å prate om, minnest Aud, eit halvt år etter det første møtet. 

IMG_3835
Astrid Henden og Aud Kragseth har gode diskusjonar når dei går tur.

For Aud byrja det då ho vart pensjonist for nokre år sidan. Ho bestemte seg for å gjere noko meir ut av livet enn å gå heime. Røde Kors hadde alt spurt ho om å vere med i besøkstenesta, endeleg var det dags. Ho byrja å stille opp på arrangement på sjukeheimen, men så kom altså førespurnaden om å gå på besøk, ein til ein , som dei seier i besøkstenesta. Sidan har dei hatt ei ståande avtale om å møtast til fast tid og stad kvar veke. 

– Så fin du var på håret! Kvar klypper du deg, spør Aud.
Astrid smiler, låser døra og tek eit godt tak i rulatoren, skyv den ut i regnet.
– Det er ein ny ein, smiler ho, og myser opp mot skyene.
– Det blæs i alle fall ikkje. Kvar skal vi gå? spør Aud.
– Eg hadde lyst innom biblioteket, men eg veit ikkje om det er opent, seier Astrid.

Dei kryssar Skulevegen og ruslar nedover alléen mot skulen. Dei siste ungane vert henta frå SFO, elles er det stille. Biblioteket, det er visst stengt. Dei stoppar ved den nye hallen, der Astrid fortel at ho har planar om å vere med på trim for eldre. Dei passerer basketballbana, einige om at ein også kan kalle det korgball. Trafikken hastar forbi, heim til middag. Oppatt ein siste bakke og heim, litt kortpusta.  

– Ja, då må du ha takk for turen, seier Aud då dei rundar hushjørnet.
– Ja, men du må no bli med inn!
– Ja, eg må jo det. Eg må jo kvile før eg går heimatt, hehe. 

I gongen vert dei ståande og sjå på veggar fulle av familiebilete. Astrid fortel stolt om barn og barnebarn som gjer det bra ute i verda. Og har det travelt. Ho byr på kaffi og noko attåt. Nei, det får no vere nok med kaffi, meiner Aud, men det er det ikkje, meiner Astrid, som byrjar å dekke kjøkenbordet med både koppar og fat. 

IMG_3875
– Kaffien er heilt etter min smak, god og sterk, seier Aud Kragseth til Astrid Henden.

– Eg tykkjer vi har det bra i lag eg, Astrid, seier Aud, medan vertinna hentar fram ei øskje med brownies.  
– Ja, og vi har litt felles interesser, ikkje heilt framande for kultur, seier Astrid, men ein latter som smittar over på Aud.
– Det er sant, he he.  
– Vi går ikkje å sladrar på folk.
– Nei, vi driv ikkje med det, vi har så mykje anna å snakke om, seier Aud. 

Dei kan tulle og le og snakke om trivialitetar, som kaffigruten si evne til å få potteplanter til å vekse frodig, men i botnen ligg det alvor. Alvoret handlar om einsemd, om å aktivisere seg, om meining i livet. Heile livet. Det at ein held seg godt, at ein framleis køyrer bil – slik Astrid gjer – ja, har ein bra fasade, treng ikkje bety at ein har nokon fortruleg. At ein har noko som vil og kan vere saman, gå tur, dele tankar, krevje litt av deg, få litt av deg. 

Eg vil bli besøksven!

 Behov for å kaste ball

– Det å vere åleine, det har eg hata tanken på. Eg har kanskje eit veldig stort behov for å vere saman med folk. Når ein er midt i livet og har ungar rundt seg, kan ein betale for å vere åleine ei stund, men når ein no får vere åleine heile tida, så er det ikkje noko stas. Eg har behov for nokon å kaste ball med, seier Astrid, og smiler mot Aud. 

– Var kaffien god?
– Ja, etter min smak. Eg likar den litt sterk, kvitterer Aud.

Dei har sett det begge to, kor lett det er å bli passiv når ein er åleine. Når sansane blir litt redusert, ein vert mindre førleg og det vert mindre folk rundt ein, er det alt for lett å ende med fjernsynet som stimuli. Både Aud og Astrid snakkar om kor skadeleg det er. Det å berre få servert ein masse, men ikkje få bruke seg sjølv, uttrykke sine tankar og meiningar. 

IMG_3897
Brownies, kjeks og kaffi er godt grunnlag for ein prat. Blomar også.

–  På sjukeheimen har eg sett på dei som berre sit stumme og stirer ut i lufta. Eg har oppdaga at dei kan snakke, ein må berre gje seg litt tid. Dei har tankar og meiningar og dårleg stemme. Eg er litt opptatt av at vi skal trimme stemma også. Viss den ikkje vert brukt, forsvinn den ganske fort. Difor seier eg det er veldig bra å skravle, humrar Astrid.

Ho prøver å vere nysgjerrig på nye ting. Dei seier det er viktig for å halde seg ung. Og så kunne ho ønske seg quiz-kveldar. For det er så uhorveleg mykje kunnskap hjå eldre, som held på å forsvinne. Så meiner ho at mange karar er interessert i stadnamn. Stadnamn-quiz, det hadde vore tingen. Ho har nemnt det på biblioteket, at dei tek eit initiativ der. Og data, ja det sit kanskje litt langt inne for ein del, men sjølv er Astrid usikker på kva ho skulle gjort utan smarttelefonen sin, å kunne følgje litt med på Facebook, til dømes.

Facebook utilstrekkeleg

Meldingar på Facebook er jo ikkje nok. Ein treng å samtale. To auge å sjå i. Venskap. Men når ein er einsleg, er det ikkje så lett å ta initiativ. Likevel er det kanskje det som må til. Slik Astrid trass alt gjorde. Tore å ta initiativ, tore å spørje. Be heimehjelpa eller Røde Kors eller frivilligsentralen om noko å gå tur og prate med.

– Det er vel tabubelagt å innrømme at ein treng nokon. Ein vil jo helst vere sjølvhjelpen. Men det å ha fått Aud har vore veldig godt. Ein besøksven er med å gjere livet meiningsfylt, seier Astrid.
– Det å vere besøksven gjer også livet meiningsfullt, kvitterer Aud.