Sogn og Fjordane delegasjonen, saman med to av våre samarbeidspartar, ved elva Sava som renn gjennom byen. Her har det vore øvd fleire gongar på søk og redning i elv, i nært samarbeid mellom Brčko og Sogn og Fjordane. Frå venstre: Dag Hovland, Lukas Iversen, Jon Atle Rise, Denis Šehanovic, Pål A. Dahl, Anne Brit Sande, Dragan Matjevic´, Jøril Hovland. Vis bildetekst
Sogn og Fjordane delegasjonen, saman med to av våre samarbeidspartar, ved elva Sava som renn gjennom byen. Her har det vore øvd fleire gongar på søk og redning i elv, i nært samarbeid mellom Brčko og Sogn og Fjordane. Frå venstre: Dag Hovland, Lukas Iversen, Jon Atle Rise, Denis Šehanovic, Pål A. Dahl, Anne Brit Sande, Dragan Matjevic´, Jøril Hovland.

– Samarbeidet har gjort oss sterke

Bosnia Herzegovina: Brčko Røde Kors gjev Sogn og Fjordane ein del av æra for at dei har vakse seg store i løpet av ti år. Gleda over eit vellukka prosjekt er gjensidig.

Vi er på omvisning. Først til lageret som Brčko har bygd opp i ein tidlegare millitær bygning. No er murhuset lager for Røde kors distriktet sitt etter kvart rikhaldige utstyr. Der står også to av sengene som i si tid vart sendt frå Jølster og kom godt med i 2012, då det var sprengkulde og Røde kors henta inn heimlause og folk som budde i særs dårlege hus.

I løpet av dei siste åra har Brčko bygd opp eit stort lager for utstyr og lagt til rette for eit evakueringssenter, i tilfelle ny flaum eller kuldeperiode, som har ramma distriktet tidlegare.


Vi dreg vidare til evakueringssenteret, som er pussa opp og skal fungere som sentral og innkvartering, i tilfelle flaum eller anna krise skulle skje igjen. Vi ser at Brčko Røde kors er i beredskap. Og dei er blitt fleire. I 2008 var han og ein deltidstilsett åleine, i dag har distriktsekretær Denis Šehanovic fem medarbeiderar på kontoret og planer om å tilsette fleire. Brčko har om lag kring 70 aktive medlemmar og 50 av dei er knytt til hjelpekorps.

Aktivitet

– Det er mykje her i Brčko som viser at dette har vore eit svært vellukka samarbeid, seier Denis Šehanovic´ og framhevar oppbygning av redningstenesta og den materielle standarden dei har no, som mest konkrete og målbare resultat. - Meir indirekte, men også eit resultat av samarbeidet, er positiv påverknad på ungdom som har delteke, mellom anna på leir i Norge. I tillegg har vi den kompetansehevinga vi har fått og respekten vi har bygd opp i lokalsamfunnet, som også er knytt til samarbeidet med Sogn og Fjordane. Denis Šehanovic meiner at det også ligg god læring i det ein ikkje har kome heilt i mål med. Og at det er mykje ein kan halde fram med å utvikle i lag, i ein eventuell vennskapsavtale.

Gåva frå Sogn og Fjordane Røde kors, Som Pål A. Dahl og Lukas Iversen overrekker til Brčko, er sikringsutstyr til søk ved elv og i bratt terreng, for fem personar.


Twinningprosjekt er tufta på gjensidigheit. Delegasjonen frå Sogn og Fjordane er samstemte om at distriktet vårt også har hatt stor nytte og glede av samarbeidet. - Vi har auka opp instruktøraktiviteten, vi har bygd kapasitet og kunnskap hos dei som har vore med, prosjektet har fremja einskapstenking og heile organisasjonen har modnast på det internasjonale samarbeidet, seier konstituert leiar for Internasjonalt utval, Jøril Hovland. Koordinator for beredskap i Sogn og Fjordane, Pål A. Dahl, vektlegg også at Brčko -samarbeidet har gitt eit meir internasjonalt perspektiv på aktiviteten medlemmane driv og såleis styrka Røde kors på individuelt plan og som organisasjon.

Læring

Ungdommar frå begge land har delteke på leirar og kurs i Sogn og Fjordane. Dei har mellom anna hatt eit felles fokus i høve konflikthandtering. - Vi har kursa dei i «Stopp valden»-prosjektet. Som dei no jobbar vidare med, og det er veldig kjekt å sjå korleis dei har tilpassa vårt opplegg til sitt behov, fortel Jon Atle Rise, leiar for distriktsråd ungdom.

Representantar frå Sogn og Fjordane Røde kors, saman med sentrale representantar i Brčko distrikt Røde Kors og eit tjuetals ungdommar, som deltok på kurs same stad. På ungdomskurset informerte Jon Atle Rise om aktivitetar i Sogn og Fjordane.


Kursing og kompetanseheving i søk og redning på vatn og på land, har vore hovudtema for Hjelpekorpset, som har arrangert kurs og oppfølging av instruktørar ei rekkje gonger, gjennom dei ni åra samarbeidet har vart. Lukas Iversen er stolt over det dei har fått til i Brčko og heime. - Vi har lært å jobbe med nye samarbeidspartar i nytt land, med anna kultur, språk og med andre føresetnader i høve økonomi og utstyr. Vi kartla og tilpassa til lokale forhold og har måtte tenkje på ein annan og ny måte for å gjennomføre. Det har gitt oss mange positive erfaringar.

Vi har fått auka kompetanse i internasjonalt arbeid, både formelt og uformelt og vi har gjort ein revisjon av eige kursopplegg, seier Lukas Iversen, som har vore leiar for prosjektgruppe Hjelpekorps, saman med medlemmane Margrethe Skåden og Vegard Tonning. Kva har Brčko-samarbeidet betydd for deg? - For meg har det betydd veldig mykje, eg har brent for dette frå dag ein, seier Lukas og understrekar at han har hatt mange med seg i opplæringa og at heile organisasjonen har støtta opp om arbeidet.

Media si interesse for samarbeidet er tydeleg. Konstituert leiar for Internasjonalt utval, Jøril Hovland, blir intervjua av to TV-stasjonar.

Vennskap

Denis Šehanovic, har saman med styreleiar Dragan Matjevic´, vore med sidan starten på det internasjonale samarbeidet mellom Brcko og Sogn og Fjordane Røde kors. Etter snart ti år og to forlenga periodar, er twinningprosjektet no formelt avslutta, men begge partar ønskjer å halde kontakt og utveksle erfaringar om felles utfordringar i framtida, men då mindre forpliktande.

– Det er framleis mykje vi kan samarbeide om og lære av kvarandre, meiner dei to frå Brčko. Distriktet har meir ressursar no enn for ti år sidan og vil gjerne halde fram med å møtast og halde vedlike dei gode relasjonane som er bygd opp. Eit ønskje også Sogn og Fjordane deler, men då i andre og mindre forpliktande former og med fokus på erfaringsutveksling. Årsmøtet i Sogn og Fjordane Røde kors i april, gav mandat til Internasjonalt utval om å arbeide fram forslag til nytt internasjonalt distriktsamarbeid innan Årsmøtet i 2019.

Det regnar langt mindre i Bosnia-Herzegovina enn i Sogn og Fjordane, men dei personlege gåvene til samarbeidspartar gjennom åra, var meir av symbolsk karakter. Her er det dagleg leiar Dag Hovland som delar ut paraply til Žaklina Ninkovic´, frå Nasjonalforeningen.