Margrethe Skåden fekk bry deg-prisen

Margrethe Skåden har tatt førstehjelpsopplæring til eit heilt nytt nivå.

ND7_2613 (2)

Den som får prisen for 2016 har vore særs aktiv og hatt – og har fleire tillitsverv i Røde Kors. Vedkomande bryr seg verkeleg. Det gjeld spesielt om dei aktivitetane og fagområda som vedkomande er engasjert i - men òg om dei andre frivillige som er engasjert i desse aktivitetane.

Då kandidaten vart vurdert – vart det kommentert at vedkomande må hugse å bry seg om seg sjølv- ikkje berre Røde Kors.

Det er nemleg imponerande mange helger i løpet av året prisvinnaren brukar på rørsla vår. Prisvinnaren har leiarverv i sitt lokale ledd. Prisvinnaren har verv i distriktsleddet – og er spesielt oppteken av å lære andre om sine fagområder. Vedkomande vart for kort tid sidan distriktet sin første hovudinstruktør innan eit særs viktig område.

Prisvinnaren er oppteken av å lære frå seg – spesielt innan førstehjelp, hjerte-lunge-redning og andre Hjelpekorps-aktivitetar. Prisvinnaren har personleg bidrege til at distriktet sitt samarbeid med Røde Kors Nordisk United World College innan førstehjelp og hjelpekorpsdisiplinane er nære og gode.

Det er fleire som har stilt spørsmål ved den store kapasiteten og det store engasjementet til denne frivillige – kvar hentar ho kreftene frå? Men det er inga tvil; ho bryr seg verkeleg!

Bry deg prisen 2016 vert tildelt – Margrethe Skåden

Bry deg prisen – er òg kalla for kåringa av Årets Røde Kors venn. Prisen er stifta av Sogn og Fjordane Røde Kors og vart vedteken av distriktsstyret 23. oktober 1998. Prisen skal vere ei påskjønning til ein person som har utmerka seg (gjennom si framferd, sine idear og/eller ved handling) på ein måte som fell innanfor Røde Kors sine grunnidear og prinsipp.

Prisen skal delast ut ein gong pr år, fortrinnsvis på distriktet sitt årsmøte. Alle ledd i Sogn og Fjordane Røde Kors kan kome med framlegg på kandidatar. Prisen består av ein messing-lysestake med inskripsjon og ein sjekk på 5 000 kroner. Pengane skal  prisvinnaren nytte til eit veldedig føremål.