Deltakarar på ferie for alle padlar med kano

Klarar ikkje gje alle ferietilbod

Også i år må Røde Kors i Sogn og Fjordane avslå søknadar frå 110 barn frå familiar med varig låg inntekt om å delta på vårt humanitære ferietilbod «Ferie for alle».

Mandag brakar det laus på Haugland. Då arrangerer Sogn og Fjordane Røde Kors den første ferieveka for familiar med særskilde økonomiske behov. Dessverre er det ikkje plass til alle.

– Det er leit å måtte melde tilbake til så mange familiar - som eg veit ville hatt stort utbyte av tilbodet vårt – at dei ikkje får plass, seier tilretteleggar Lis Maria Munkvold i Sogn og Fjordane Røde Kors.

I alt får 140 barn pluss deira foreldre vere med på Ferie for alle på Haugland i sommar. Dei kan sjå fram til ei veke med mykje kjekt, der frivillige frå Røde Kors legg til rette med program og opplevingar.

ffa_tube_DSC02308
Ferie for alle på Haugland betyr sjø og båt i mange former.

Kommunane prioriterer

Det er kommunale tenester som vel ut kven i sine kommunar som bør få tilbodet, ut frå inntekt og ei samla vurdering. Til dømes skriv ein kommune i ei grunngjeving for ei åleinemor om:

«Det å streve med pågangsmot og streve med å få endane til å møtast. Guten kjenner på at han ikkje får det han trur alle andre får.»

Ein anna kommune skriv at «Barna fell litt på sida av jamnaldrande. Dei treng litt erfaringar, gode opplevingar og minner som dei kan samtale om og tenke på».

– Dette er midt i kjernen av problema. Mange av desse familiane har det svært tøft i kvardagen på fleire plan, seier Munkvold.

ffa_frivillige_DSC01249
Her er dei frivillige ferievertane frå ein tidlegare Ferie for alle på Haugland. Dei stiller mellom anna opp for at barna skal få gode opplevingar og minner.

Samansett bakgrunn

Den største gruppa som vert påmeldt, er innvandrarfamiliar som ikkje har lykkast med å få seg jobb, eller dei er i introduksjonsprogrammet enno. I år er det 69 utanlandske familiar og åtte etnisk norske som har søkt, ei vanleg fordeling.
Den neste gruppa er foreldre som har blitt uføretrygda på grunn av helseproblem. Den tredje gruppa er einslege forsørgjarar. Ofte har deltakarane problemstillingar som er samansette av desse tre.

I Sogn og Fjordane lever 1600 barn i familiar med varig låg inntekt, ifølge tal frå Barne- Ungdoms- og Familiedirektoratet, med tal frå 2016. Statistikken stadfestar dei erfaringane Røde Kors gjer seg: ein tredjedel av desse familiane har berre ein forsørgjar. Over halvparten er uføretrygda eller har ikkje jobb. Og halvparten av innvandrarfamiliar som kjem frå land utanfor EU og Vesten, har varig låg inntekt.