Juleaksjonen 2018 Vis bildetekst
Juleaksjonen 2018

Fleire får julegleder

Aldri før har så mange barn frå familiar med låg inntekt blitt meldt på Juleaksjonen vår. 1226 barn frå dei fleste kommunane i fylket får i år ei ekstra juleglede frå Røde Kors.

I år brukar Gjensidigestiftinga og Sogn og Fjordane Røde Kors om lag 500.000 kroner på å gje barn som lever i familiar med varig låg inntekt ei ekstra juleglede. Gjensidigestiftinga står for 424.000 kroner av dette beløpet. Stiftinga og Norges Røde Kors har samarbeida om Juleaksjonen sidan 2010. 

Det er oftast Nav, barnevern og flyktningtenesta som melder inn til Røde Kors kor mange barn som er i målgruppa i deira kommune. Formidlinga skal ikkje gå på tvers av teieplikta. Så vert det handla inn gåver basert på kjønn og alder. Nokon stader vert det i tillegg halde opne julearrangement.   

Sidan Røde Kors i Sogn og Fjordane deltok for første gong i 2010, har tal barn stige jamt frå 203 til 600 barn i 2014, 1100 i 2016 og altså over 1200 i 2018. Den markante veksten har ein samanheng med at samarbeidet med lokale offentlege tenester har utvikla seg, men det har også blitt fleire barn i målgruppa.   

Sterk vekst i målgruppa

I haust synte Røde Kors at tal barn som veks opp i familiar med varig låg inntekt i Sogn og Fjordane, har vakse med ein tredjedel på fire år. Frå 1200 barn i 2013 til 1600 ved siste måling i 2016. Dette er familiar som lever med svært knapp økonomi – dei manglar gjerne ressursar til å delta i aktivitet og har ikkje ein levestandard som er vanleg i samfunnet rundt seg. Negative sosiale og helsemessige konsekvensar ved svak økonomi gjennom oppveksten er veldokumenterte. Det går ut over framtidsutsiktene til barna det gjeld, i tillegg til alt det vi som fellesskap går glipp av grunna nokre sin vanskelege start. 

Grunntanken med Juleaksjonen, er å nå kvar enkelt barn på ein personleg måte som gjer ein merkbar forskjell. Innsatsen går mot dei barna som treng det aller mest.  

Tala ovanfor er pr 18. desember. Ikkje alle tal er innrapportert enno, så tala vil vekse noko.

Har du spårsmål til Juleaksjonen i Sogn og Fjordane? Kontakt:

Henriette Solheim 2019_1000
Henriette Solheim
I permisjon.
Mobil
00000000