ND7_2983_1600x648

Gjensyn i Jølster

Då den eine sonen døde i fengsel, etter å ha demonstrert mot Assad, sende dei sine andre søner på flukt. Etter to år er familien foreina i Jølster.

– Vi gleder oss veldig, smiler mor Esmat Msouti.
– Galdhøpiggen blir noko heilt nytt. Adam og Milad har sagt at det er litt vanskeleg å gå opp, men at det er verdt det, seier faren, Ibrahim Din.

Vi møter familien frå Aleppo ved gapahuken på Holtane i Jølster, ein naturmøteplass Blåklokka 4H har bygd. Her er det god utsikt over bygda dei har fått busetting i. Bensinstasjonen dei bur ved, det gamle Jølster hotell, Jølstravatnet, golfbana, skianlegget. Og rundt omkring, kvite toppar med namn som Tindefjellet, Middagsfjellet, Høgeheia, Steinegga.

Saman Til topps

Nett no førebur dei seg til å delta i integreringstilbodet Til topps, som er ein organisert tur til Galdhøpiggen. Det er ingen sjølvsagt ting. Spesielt det at dei skal gjere det saman, mor, far og sønene Milad og Adam.

ND7_3017_590
Samla over jølstrabygda

Dei er ikkje fulltallige. Broren Ahmad har andre planar og den fjerde broren Majd bur i Sverige. Den femte broren lever ikkje lenger. Han vart arrestert då han deltok i demonstrasjonar mot Assad-regimet, den våren i 2011. I 2014 døydde han i fengsel.

I frykt for at regimet tok resten av familien for å vere motstandarar, bestemte dei seg for å flykte. Dei fire brødrene og mor kom seg etter kvart til Tyrkia. Sønene reiste vidare mot Europa. Faren vart att i Aleppo.

Brødrene brukte alt familien hadde av oppsparte pengar, tusenvis av dollar, på å betale menneskesmuglarar for plass i båt og andre transportmiddel. Ahmad til Italia, Adam og Milad til Hellas. Bilda dei tok på reisa skildrar flukt slik vi ofte fekk det framstilt i 2015. I dårlege båtar, stua saman i tronge lastebilar, til fots gjennom Europa. Kulde. Svolt.

Etter lange reiser kom dei seg til Norge. Etter eit kort opphald på flyktningmottak i Årdal, fekk dei seg ein stad dei kunne kalle heim, i ei lita bygd på Vestlandet i Norge. Vassenden i Jølster.

nesholmen dean
Adam Dean vart fort med i Hjelpekorpset

Venta to år

Her prøvde dei å leve liva sine, medan dei håpte at foreldra kunne komme etter.
– Det hadde nesten gått to år sidan eg hadde sett sønene mine då eg fekk meldinga om at eg kunne få komme til dei i Norge, seier far, Ibrahim.

Han prøver å forklare lykka han kjente då, men det er vanskeleg å finne ord. På grunn av stengde vegar og krigshandlingar i Aleppo, tok det si tid før kan kunne dra. Men til slutt, hausten  2016 kom både han og mor Esmat til Jølster dei også.

Endeleg var dei trygge. Endeleg var dei saman med tre av sønene att.
– Ei mor skal vere med borna sine, så eg vart naturlegvis svært glad då vi møttest igjen, seier Esmat.

Innan den tid hadde sønene rekt å bli svært aktive i sitt nye lokalmiljø. Få veker før mor kom til Norge, sto Adam framfor 80 Røde Kors-tillitsvalde i Sogn og Fjordane og fortalde om flukta si, for å motivere dei til å gjere ein god innsats under TV-aksjonen. Sjølv sa han at han som flyktning tykte det var obligatorisk å bidra.

esmat_milad
Esmat og Milad selde syrisk mat til inntekt for TV-aksjonen.

Det tok ikkje mange timane etter gjensynet at Esmat sjølv var i gang med frivillig aktivitet. Ho stilte opp og lagde mat og seld til inntekt for TV-aksjonen og folk på flukt frå krig og konflikt saman med Førde Røde Kors.

Syng på norsk

Det var ikkje planlagt at det skulle bli slik, men sønene har altså gått føre og prøvd ut fritidsaktivitetar som så foreldra hoppar på.

Viss du vil bli ein del av eit samfunn, må du respektere kva andre likar. Difor går vi også på tur. I byrjinga var det litt vanskeleg. No likar vi det.

Førde internasjonale kor er ein annan arena sønene introduserte foreldra til. Blandakoret har vakt nasjonal interesse, etter at mellom anna Frivilligheit Norge brukte det som illustrasjon på god integrering under sin integreringskonferanse hausten 2016. Kvar tysdag er dei som kan i familien, med påå korøving. Det går i folkekjære melodiar som "Den fyrste song" og "Sommerfuggel i vinterland". 

– Vi må lære songane på norsk, lese teksten på norsk og synge, seier Ibrahim, som er svært glad i å synge.

Internasjonal kafé i Førde er ein anna stad dei møtest. Og no, no har dei som mål å komme seg til topps på Galdhøpiggen saman. Sidan sønene også gjekk i 2016, skal dei vere frivillige lagleiarar for Røde Kors, medan foreldra skal prøve seg for første gong.

–  Vi går tur med norsksenteret kvar veke, seier Esmat, som håpar ho er godt nok budd på turen.

Foreldra har sett filmen frå turen og kulturfesten som sønene lagde frå arrangementet i fjor, så dei veit litt om kva dei går til (sjå nedanfor).

– Dei aktivitetane Røde Kors har tilbydd oss, er veldig positive for integreringa. Vi lærer språk raskare når vi er med på dette. Når vi kjem heimatt frå Galdhøpiggen trur eg vi kjem til å trivast enno betre i Norge, vi kan dele kulturen med nordmenn, seier Esmat.

Nynorsk for arabisktalande

Sønene har introdusert dei til mange aktivitetar, men bidreg også med aktivitet for andre. Adam som er engelsklærar, er opptatt av å lære vekk språk. Han har difor engasjert seg med å gje arabisktalande eit språktilbod i engelsk, og saman med brørne og naboar i Jølster har han jobba med nynorskopplæring for arabisktalande - som du også kan finne på Youtube.

DSC01109_ffa_milad_500
Milad var frivillig på Ferie for alle.

I fjor stilte Milad opp som frivillig ferievert på Røde Kors sine humanitære ferietilbod "Ferie for alle". Han er også aktiv i Røde Kors distriktsråd for ungdom, som mellom anna jobbar mot ung einsemd, og fremjar aktivitetane "Stopp volden" og seksualopplysingsprogrammet "Aktivt val".

– Eg har lest om integrering at viss du vil bli ein del av eit samfunn, vere med dei, at andre skal like deg, må du respektere kva andre likar. Difor går vi også på tur. I byrjinga var det litt vanskeleg. No er det veldig bra. No likar vi det, seier Adam.