Aurland Røde Kors toppar statistikken over tildelte grasrotmidlar i Sogn og Fjordane Vis bildetekst
Aurland Røde Kors har mellom anna vedlikeholdt korpshytta si og kjøpt naudstraumaggregat til beredskapshengaren for grasrotmidlane.

Ein million kroner i grasrotstøtte

I 2018 vart Røde Kors i Sogn og Fjordane tildelt over ein million kroner i Grastorandel frå tipparar i fylket. Takk for eit viktig tilskot til vårt humanitære arbeid!

– Dette er eit vesentleg bidrag til drifta av laget, spesielt innan beredskap, seier leiar Gunnar Skahjem i Aurland Røde Kors. 

Laget toppar Røde Kors sin statistikk i fylket med 122.000 kroner utbetalt i grasrotmidlar frå 194 spelarar. Skahjem seier at Aurland Røde Kors har jobba målretta med å marknadsføre ordninga lokalt, og var blant dei første i kommunen som registrerte seg for å ta imot Grasrotandelen.  

Bli medlem i Røde Kors her! 

Grasrotandelen er tipparane som sjølv vel kva noko av overskotet hjå Norsk Tipping skal gå til. Det betyr at når du tippar, kan du velje kva lag eller foreining som får sju prosent av spelarinnsatsen din. Utan at du taper vinnarsjansar.

2018 aurland dugnad rydde
Aurland Røde Kors bidreg med mykje dugnad i lokalsamfunnet. Her har dei samla seg for å rydde bos langs vegane sist vår. Foto: Aurland Røde Kors.

Lovar å nytte midlane godt

– Det eg vil sei til dei som vel at grasrotandelen skal gå til Røde Kors, er at vi skal vi passe på å nytte midlane godt til viktige tiltak i det samfunnet vi tener, seier Skahjem.  

I Aurland er det spesielt beredskapsarbeidet til Røde Kors som er styrka med midlane, blant anna gjennom førstehjelpsopplæring. Dei har også gjort nødvendig vedlikehald på den viktige Hjelpekorpshytta på Aurlandsfjellet, Kvammadal. Og dei har kjøpt inn utstyr til beredskapshengaren, som naudstraumaggregat, noko som kan brukast i samband med straumbrot eller ved behov for straum stader der det ikkje er nett.   

Andel på seks prosent

I Sogn og Fjordane vart det i fjor delt ut om lag 16 millionar kroner i grasrotandel. Med 1972 spelarar og 1.021.204 kroner, er det om lag seks prosent som går til Røde Kors. I fylket har vi 27 foreiningar som er registrert i Frivilligregisteret, og har haka av for å ta imot grasrotandel. Dei mottek frå fem til 122.000 kroner.