Ungdom som vil hjelpe andre samlast på Skilbrei

Leir for ungdom i Røde Kors

Vi inviterer deg som ønskjer å skape ei betre verd, på leir med Røde Kors 2.–4. mars 2018.

Sogn og Fjordane Røde Kors arrangerer ungdomsleir for medlemmar, frivillige og interesserte i Røde Kors.

Bli med på ei spennande og sosial helg, der du vil kunne lære meir om humanitært arbeid, men viktigast av alt, bli kjent med andre frå heile fylket. Vi har aktivitetar som grilling, teambuildingleikar, kart og kompass, opplæring i førstehjelp, konfliktførebygging, morosame konkurranseleikar m.m.

Sjå film frå ein tidlegare leir:

Samlingane våre er sosiale og inkluderande. Både deltakarane og arrangørane bidreg med påfunn og aktivitetar. Det er felles måltid i spisesalen. Vi søv på firemannsrom. Frist for å melde seg på er 19. februar.

ungdomsleir_sirkel_2016

 Samlinga er arrangert av Distriktsråd Ungdom i Sogn og Fjordane Røde Kors. Distriktskontoret i Førde er praktisk tilretteleggar.

Dersom du ikkje kjenner til Røde Kors, eller vil vite meir om arbeidet der du bur, kan du gjerne ta kontakt med din lokalforening. Sjekk om det er aktivitet du er interessert i å delta på. 

Kontakt lokalforening

Her kan du bli medlem