Tør du bruke ein hjartestartar? Vis bildetekst
Hjartestartar er utstyrt med enkle bruksansvisingar og fortel deg kva du skal gjere. Gjer deg kjent med kvar næraste hjartestartar er!

Tør du bruke hjartestartaren?

Stopp opp litt no, og tenk igjennom kva du ville gjort dersom du fann ein livlaus person! Visste du at dei hundrevis av hjartestartarane som heng rundt i kommunane, er til for å brukast av deg og meg?

Sjå for deg at du kjem over ein person som ikkje pustar – på jobben, heime, i gata! Du skjønar at du må handle.
– Det første du må gjere, er å syte for at personen har frie luftvegar. Bruk ti sekund på å sjekke om han pustar. Om vedkommande ikkje gjer det, er livlaus, så rop på hjelp, seier Are Fargerli, førstehjelpsansvarleg i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Tid vesentleg for overleving

Anten du då får hjelp eller du er åleine, ring straks medisinsk naudtelefon 113, set telefonen på høgtalar, samtidig som du snarast råd byrjar med gjenoppliving. 30 hjartekompresjonar og to innblåsingar. For at den livlause skal overleve, er kortast mogeleg tid før oppstart av hjarte- lungeredning avgjerande.

Finn næraste hjartestartar her!

Når 113 er varsla og ambulansen er på veg, får du også vite kvar næraste hjartestartar er. Det er viktig å ikkje stoppe med hjarte- lungeredninga. Er du åleine, avklar med AMK om du skal springe å hente den, eller om du skal halde fram med hjarte-lungeredning fordi den er for langt unna. AMK kan eventuelt ringe andre som kan komme til hjelp.

– Jo raskare ein får brukt hjartestartar, jo større sjans er det få ein person som overlever, seier Fagerli.

Hjartestartaren finn ein ofte i eit grønt skåp, i ei veske som inneheld alt du treng. Den er lukka med borrelås, glidelås eller trykk-knapp. Hjartestartaren har teikningar som syner kva du skal gjere gjere, og den byrjar å snakke til deg når du slår den på, du får beskjed om kva du skal gjere. Elles kan også AMK rettleie deg.

Are Håvard Fagerli_2018_førstehjelpsansvarleg_IMG_3812
Are Fagerli er førstehjelpsansvarleg i Sogn og Fjordane Røde Kors.

– Det er viktig å ikkje stoppe med hjarte- lungeredning medan ein monterer hjartestartaren.

Hjartestartaren rettleier deg

Hjartestartarane er litt forskjellige, men det grunnleggande er at ein klistrar ein «pad», lime-elektrodar, på huda på framsida av brystkassa, og ein på sida under armen etter tilvising på startaren. Dette er nøye forklart med ein teikning. Når det er gjort, vil startaren fortelje deg at den analyserer, altså at den sjekkar tilstanda på hjartet. Akkurat då skal du ikkje røre pasienten. Når analysen er gjort, skal pasienten få impuls – straum – frå hjartestartaren.

Impulsen skal då enkelt fortalt bidra til at hjartet finn att rytmen sin og byrjar å slå att. Dersom det ikkje hjelp skal ein halde fram med hjarte- lungeredning. Hjartestartaren fortel deg kor lenge, så analyserer den på nytt, og gir ein ny impuls.

– Ein hjartestartar kan ha straum til 500 støyt, men forhåpentleg kjem hjelpa før det, seier Fagerli.

På nettsida sida til hjartestartarregisteret, www.113.no, oppmodar ein den som driv førstehjelp om å halde på til ambulansen kjem. Ein treng ikkje opplæring for å bruke ein hjartestartar, men det er alltid positivt å ha øvd seg på prosedyrar og samspel. Røde Kors held slik opplæring.

Les meir om hjartestartarbruk her. 

Hjartestartarregisteret

  • Du finn registeret på www.113.no
  • Gjev AMK oversikt, for å vise til næraste hjartestartar når innringar har mistanke om hjartestans.
  • Alle som har ansvar for ein hjartestartar, blir oppfordra til å registrere den i registeret.
  • Registrering tek fem minutt og er gratis.
  • Drifta av helsestyresmaktene.
  • Bruk det til å ha kjennskap til kvar næraste hjartestartar er.

Prisar på hjartestartar frå 10.000 kroner i Røde Kors sin nettbutikk. Kjøp hjartestartar her!