front tvas 23

Vi går for livsviktig hjelp.

For dei som spring frå granatar. For dei som manglar tak. For dei som ikkje får kvelds i dag. For dei som skrik og blør. For desse, fanga av krig og konflikt, bankar vi på di dør.

Det du legg i bøssa, er med å sikre livsviktig hjelp til menneske som er fanga i krig og konflikt i ni land, og til integreringsaktivitetar i Norge. Målsettinga er at vi skal kunne hjelpe to millionar menneske.

Har du spørsmål til korleis pengane skal brukast, og korleis Røde Kors brukar sine pengar? Les her.

Dei siste dagane har rødekorsarar i heile landet stått på for å fortelje innbyggarane om TV-aksjonen. I Årdal har dei invitert til venskapsfrukost i samfunnshset på Årdalstangen, med 45 gjester frå Hero mottak og 20 gjester frå bygda og Røde Kors. På bildet ser du Tara Yousef (tv), Patricia D.L. Lægred, Anne Margrethe Hatlelid og Sandra Opheim. Tine står for bevertning på dette arrangementet, som skal fremje integrering og fellesskap i lokalsamfunnet.

årdal_tvas_venskapsfrukost

I Hyllestad stiller Ann Marit Løvø, Bjørnar Drøsdal og Grethe Heimark opp for Hyllestad Røde Kors på venskapsfrukost på Sørbøvåg mottak.  Dette er eit opent arrangement, som skjer på nærare 90 asylmottak rundt i landet. Tine har marknadsført og sponsa maten.

hyllestad_tvas_22.oktober

Marianne Loftesnes og Odd Rune Vikheim frå Sogndal Røde Kors er ute på Sogningen for å orientere sogndøler om kva som kan skje, kva dei kan bidra med. I morgon blir det også mogelegheit til å gje til TV-aksjonen på Sogndalkampen.

sogndal_tvas_22.okt

 I Førde arrangerer dei internasjonal buffet, med mat frå det arabiske og thailandske kjøkenet. Langt over hundre gjester strøymde til Røde Kors-huset. Overskotet som går til TV-aksjonen nærmar seg 20.000 kroner.

førde_tvas_int.buffet_22.okt

Luster Røde Korps Hjelpekorps held stand. Lustringane er blant dei innbyggarane i landet som peleier å gje mykje til TV-aksjonen. Korleis vert det når eitt av landets mest aktive hjelpekorps oppfordrar til gjevarglede?

luster_tvas_22.okt

I Stryn kommune er dei tre lokalforeiningar som  kvar bidreg med bøssebærarar i morgon. I dag er det stryningane som stiller opp i sentrum for å informere publikum om morgondagens mogelegheiter til å gje pengar til nokon som treng det, offer for krig og konflikt.

tstryn_twas_22.okt

I Naustdal har dei trent på å lage mat frå Syria og Eritrea på takke, og i dag har dei invitert sambygdingane på fest. Fullt hus, men ein vidunderleg blanding av mat frå midtausten og Norge vert servert i Kykjerlydshuset. Overskotet frå festen går til TV-aksjonen, kanskje 5000 kroner.

naustdal_matfest_tvas_22_gjester

 

Ta vel imot bøssebærarane!

Dei går for dei som spring frå granatar.
For dei som manglar tak.
For dei som ikkje får kvelds i dag.
For dei som skrik og blør.
For desse, fanga av krig og konflikt,
bankar vi på di dør.

Saman skal vi få hjelpa heilt fram.

Nysgjerrig på resultatet?