Ein jølsterdag til å bli glad av

– Eg skal vere med så lenge eg greier det, seier Johanna Kvammen (93). For ho er kafeane som Jølster Røde Kors Besøksteneste og Pensjonistlaget steller i stand, eit avbrekk og høgdepunkt i kvardagen.

Dei kjem til kvite dukar og dekka bord, eldre frå heile Jølster, i sommarkjole og nystrokne skjorter. Frivillige med varme smil frå Røde Kors og Pensjonistlaget ønskjer velkomen, syner veg til bordsete. Fyller opp kvar einaste stol.

Kjellaug Grimsbø i Røde Kors pratar seg veg fram til scena, slår på mikrofonen. Ho trekk fram eit ark med ord frå diktaren Halldis Moren Vesaas.

IMG_3553
Kjellaug Grimsbø er konfransier på sommarkaféen på Skei.

– Dette: å vera i livet, open for alt ikring … var det som gav meining til ferda di og let deg få kjenne deg rik… lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp, at meir enn du gav, fekk du att.

Det er stille i salen. 50 seniorar sit rette i ryggen og lyttar. Kjenner litt på høgtid.

– Så då ynskjer eg dykk alle velkomne, då er det graut, og den er sikkert ferdig. Vi syng bordverset, seier ho.

«Gud signe maten på vårt bord…» fyller salen i misjonshuset heilt oppunder det trekvite limtreet.

IMG_3516
Erna Klakegg har kokt ei 20-literspanne med rømmegraut.

Ute på kjøkenet står grautkokar Erna Klakegg og auser rømmegraut i store skåler. Ivrige nevar balanserer dei rutinert ut i salen. Fat med fint opplagt spekjeflesk, spekjekjøt, spekjepølse og flatbrød følgjer med. Muggar med lyseraud saft.

– Ja, det var kjekt å få rømmegraut au. Dette kan dei, seier Johanna Kvammen, som forklarar at grauten er heilt perfekt. Ikkje for feit, passeleg fast.

Kvifor er du her? spør vi.

IMG_3638
Johanna Kvammen, Jofrid Farsund og Leon Årseth tek ein drøs.

– Det er ikkje så mykje vi får vere med på for tida, når vi er komne opp i denne alderen, men her kan vi vere med. Det er litt forandring i kvardagen. Det er kjekt å sjå att folk du har kjent tidlegare, sjå at du ikkje er åleine at åra merkast på. Eg er med på kafeen kvar månad, det betyr veldig mykje. Eg skal vere med så lenge så eg greier det, seier ho.

Etter at servitørane har nøda gjestene både to og tre gonger, set Inger Lind Åsen  seg ved pianoet og slår ein velkjend akkord i A-moll. Heile forsamlinga stemmer i på «Mellom bakkar og berg», Ivar Aasen sitt tonesette dikt frå 1863.

IMG_3568
Inger Lind Åsen og Olav Grimsbø spelar og syng opp til "Mellom bakkar og berg".

Songen går over i drøs, samtale om stort og smått over bordet. Om den gode grauten, om den tidlege sommaren, om dei som ikkje er med lenger.

Så kjem det ut kaffi og brett med minst tre forskjellige kaker. Kjellaug Grimsbø og dei andre frivillige går rundt og passar på at alle har nokon å prate med. 

IMG_3614
Else Drageset skjenker kaffi. Ho leier lokalråd omsorg i Jølster Røde Kors.

– Det er godt for alle med litt merksemd. Eg går rundt og pratar med folk og seier at du er fin i dag, og sånn. Det betyr litt, smiler Grimsbø.

Eg vil bli besøksvenn!

Ho fortel at dei er 14 frivillige som byter på å arrangere kafé ein gong i månaden – men sommarkafeen er alle med på. Det er høgdepunktet i året.

IMG_3582
Petra Felde Skrede jobbar effektivt så ingen treng å vente for lenge på kaffien.

– Dei har tatt på seg bestekleda og er skikkeleg oppussa alle saman. Dei ventar på denne dagen dei har ein gong i månaden. Eg veit at dei snakkar om det på arbeidsstova, eg trur det betyr ganske mykje, seier Grimsbø.

Kvifor stiller de opp? spør vi. 

– Vi gjer det fordi det er kjekt når dei er glad, smiler Grimsbø, som også tykkjer det er godt å ha noko å halde på med, ein stad å møte andre og gjere noko verdifullt saman med.

IMG_3623
Ein jølsterdag til å bli glad av. Inga Årdalsbakke og Astrid Feldt.

Så opnar dørene seg, og inn marsjerer eit heilt spelemannslag, Fjellklang. Opp på scena, fem felespelarar, ein på fløyte, ein trekkspelar og ein kar med gitar. Dei dreg i gong med skikkeleg reinlender som får gjestene i salen til å løyse på smilebanda. For den som bøyer seg ned og kik under borda, vil ein sjå tær og helar som trampar takten. 

– Den var ein reinlender som heiter Vesle-Mari. No skal vi ta ein slått, seier Jofrid Aardalsbakke Nedrebø, felespelar i Fjellklang.

– Dette var stas med slik flotte musikk, smiler Kvammen.

IMG_3608
Fjellklang spelemannslag.

Og slik går dei to timane med sommarkafé til endes. God musikk, god mat, gode samtalar. Gjensyn, oppdatering sidan sist, eit par timar då ein får kjenne på fellesskap.

Takk til dykk som stiller opp med denne gåva til dei som treng den.