Illustrasjon til rapporten psykt flink

Alt er ikkje greitt i trivselsfylket. Mange unge slit.

Stadig fleire unge strevar med stress, press, depresjon og einsemd, og mange opplever at dei ikkje har nokon å gå til med vanskane sine, syner rapport. Kva kan vi gjere med det?

Aller først: Årets tal frå Ungdata syner at ungdom flest trivst og er godt nøgd med foreldre, vener, skulen sin og lokalmiljøet sitt. Mesteparten har ei aktiv fritid der sosiale medium, dataspel, trening, organiserte fritidsaktivitetar, skulearbeid og samvær med vener, pregar kvardagen. Fleirtalet har også god fysisk og psykisk helse, og dei fleste ser på framtida med optimisme. I Sogn og Fjordane ligg vi også godt an samanlikna med andre fylke.  

Likevel er ikkje alt greitt. Noko av det som bekymrar oss mest no ved skulestart, er at 17 prosent av elevane på ungdoms- og vidaregåande skule i Sogn og Fjordane seier dei er mykje plaga av einsemd. Om lag ein av ti har ikkje ein einaste fortruleg ven dei kan lufte problema sine med. I fylket vårt melder dessutan elleve prosent av elevane på ungdoms- og  vidaregåande skule, at dei er mykje plaga av depressive symptom. Dette er del av ein nasjonal trend, einsemda har ikkje vore større sidan Ungdata sine målingar byrja i 2010.

Generasjon prestasjon

Røde Kors har også intervjua ungdom over heile landet om stress og press i kvardagen. I rapporten «Psykt flink» fortel mange om eit stort forventningspress, til dømes seier 15 prosent av dei 523 ungdomane Respons analyse har snakka med for oss, at dei opplever å ikkje strekke til på skulen. Over 30 prosent føler at dei ikkje strekk til når det kjem til eigen kropp. Når vi spør kvar dei går med problema sine, svarar ein av fire at dei held det for seg sjølv. Mange har problem, og alt for mange brenn inne med vanskane sine.  

Les rapporten Psykt flink

I undersøkinga har vi også spurt 101 helsesøstrer om deira arbeidskvardag. Ein av tre svarar at dei ofte eller heile tida må avvise barn og ung på grunn av tidspress. Tenk å bli avvist når du endeleg vågar å snakke med nokon om problema dine. Ein av tre helsesøstrer seier at dei har ansvar for fleire elevar enn norma, og 60 prosent har nesten ikkje høve til å jobbe førebyggande.  

årsmøtelyden_2018_IMG_2900_500
Tillitsvalde frå Røde Kors i Sogn og Fjordane fotografert under årsmøtet 2018. Jobbar for betre oppvekstvilkår for barn og unge.

 

Dette er alvorlege trendar som vi må prøve å snu. I Røde Kors jobbar vi med å få til inkluderande møteplassar og aktivitetar som er gratis, utan prestasjonsjag. Ta gjerne kontakt med oss lokalt viss du har spørsmål.

Til slutt tillét vi oss å komme med nokre råd, basert på dei erfaringane vi har opparbeida oss i Røde Kors over tid:  
 
Kjære ungdom!

Press og stress i kvardagen kan komme frå alle kantar, for eksempel sosiale medier, familie, venner, klassekameratar og ikkje minst deg sjølv. Får desse krava deg til å føle deg betre? Prøv å seink krava litt, gje litt meir blaffen! 

Det er heilt vanleg å tykkje at livet er vanskeleg av og til. Ja, nokon gonger er livet noko skit – for oss alle. Men husk at det finst vaksne som er her for deg, uansett korleis du føler deg. Tør å spørje om hjelp!  Og du - sjå rundt deg, og ta vare på jamnaldringane dine - alle er like mykje verdt! 

 
Kjære vaksenperson!

Lytt og spør! La barn og unge få snakke ut om ting dei har på hjartet og føle at du som vaksen er der for dei. Dersom ungdomane tykkjer at dei ikkje har nokon å snakke med om problema sine, opplevast vanskane deira truleg verre. Det kan gå ut over både skule, arbeidsliv og mental helse.  

Det er ein tydeleg samanheng mellom skulestress og depressive plager. Det er også ein klar samanheng mellom depressive plager og eigen oppfatning av kroppsbilde hjå ungdom i ungdomsskole og vidaregåande. Pass på kva forventningar du set! 

Kjære politikar!

Støtt opp om opprettinga av gratis og nøytrale sosiale møteplassar der ungdom kan henge utan forventningspress og stress. Tenk langsiktig om støtteordningar for førebyggande arbeid hjå ungdom. 

Syt for at det finst nok helsesøstrer og andre vaksenpersonar på skulane, og at ungdommen har gode samtaletilbod. Dette er dessverre ikkje tilfelle i mange kommunar i dag. Minstenorma til Helsedirektoratet for tal born per helsesøster må følgjast. På barneskulen skal ei helsesøster ha ansvar for 300 elever, på ungdomsskulen 550 elever, og på vidaregåande skular 800 elever. 

Prioriter tiltak retta mot familiar med låg inntekt, slik at ungdom frå desse familiane får same mogelegheiter til å delta i samfunnet  som andre ungdomar. Altfor mange dett utanfor på grunn av økonomi.

Bli frivillig!

Vil du bidra til eit varmare samfunn?

Røde Kors har mange aktivitetar som rettar seg mot barn og unge; samtaletilbodet Kors på halsen, Ferie for alle, Leksehjelp, Røde Kors Ungdom, Gatemegling, Barnas Røde Kors (BARK), og Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp (RØFF) er nokon av dei.

 

 

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler