Røde Kors deler ut mat i Dilla, Somalia. Vis bildetekst
Røde Kors deler ut mat i Dilla, Somalia.

435.000 kroner til Aust-Afrika

Røde Kors i Sogn og Fjordane har til no samla inn 435.000 kroner til mat, vatn og helsehjelp til Aust-Afrika.

Røde Kors lokalforeiningar i heile fylket har per 25. april samla inn og gitt godt 435.000 kroner til i Aust-Afrika. Dette er i tillegg til dei som har gitt direkte her:

•SMS med kodeord SULT (250 kr) til 2272
•VIPPS til 2272 (valgfri sum)
•Kontonummer: 8200 06 10190, merk SULT
•Start di eiga innsamling - klikk her!
•Bedrift: bedrift@redcross.no

"Den verste humanitære katastrofen sidan 2. verdskrig", seier FN. Røde Kors og andre hjelpeorganisasjonar jobbar på spreng for å hjelpe dei 20 millionar menneska som står i fare for å svelte i hel i Aust-Afrika og Yemen.

Røde Kors i Sogn og Fjordane kan ikkje forhalde seg passivt den desperate situasjonen. Vi brukar våre ressursar på å informere innbyggarane og media om situasjonen, vi har gått med bøsser for å samle inn pengar og elles synleggjort andre måtar å gje på.

Les meir om situasjonen i Aust-Afrika her.

Dette er resultatet så langt:

  • Aurland Røde Kors fekk med seg 24 personar og gjekk frå dør til dør med bøsser.  Dei fekk inn 34.154 kroner
  • Balestrand Røde Kors gjekk også dør til dør og samla inn 18.578 kroner.
  • Eid Røde Kors sto med bøsser i Eid sentrum ein kveld, og fekk inn 13.980 kroner.
  • Gulen Røde Kors fekk inn 4.278 på punktmarkering.
  • Flora Røde Kors fekk ut god informasjon i Firdaposten, gjekk dør til dør og fekk inn 33.400 kroner.
  • Førde Røde Kors fekk god merksemd i Firda og samla inn 15.010 kroner med bøsser i Førde sentrum.
  • Gloppen Røde Kors gjekk med bøsser og fekk inn 49.240 kroner.
  • Høyanger Røde Kors har samla inn 12.764 kroner.
  • Luster Røde Kors samla inn 5.883 kroner via SMS.
  • Lærdal Røde Kors har samla inn 5000 kroner.
  • Stryn Røde Kors samla inn 5100 kroner med bøsse.
  • Svelgen - Bremanger Røde Kors samla inn 12.509 kroner.
  • Vik Røde Kors samla inn 8.831 kroner.

Omfanget av katastrofa i Aust-Afrika er så omfattande, at lokalforeiningar som har hatt høve til det også har gitt av eigne eigne midlar.

  • Askvoll Røde Kors har gitt 20.000 kroner.
  • Eid Røde Kors 20.000 kroner, og utfordra kommunen til å gjere det same.
  • Førde Røde Kors 55.000 kroner.
  • Hyllestad Røde Kors 10.000 kroner.
  • Jølster Røde Kors gar ditt 10.000 kroner.
  • Luster Røde Kors 20.000 kroner.
  • Olden Raude Kross 20.000 kroner.
  • Stryn Røde Kors 20.000 kroner.
  • Svelgen Bremanger RødeKors gjev 30.000 kroner frå eigen kasse.
  • Vikane Røde Kors 10.000 kroner.
  • Årdal Røde Kors 1500 kroner.

Sogn og Fjordane Røde Kors løyver 50.000 kroner frå eige katastrofefond. Norges Røde Kors gir 35 millionar kroner av eigne reservar.

Tusen takk til alle som bidreg til at Røde Kors kan hjelpe innbyggarane i dei krigs- og tørkeråka områda i Aust-Afrika.