seksualopplysing aktivt val 2017 Vis bildetekst
Even Hallingstad, Stig Mattis Geitle og May-Ingrid Wiik har vore seksualopplysarar i Røde Kors

Ti år med kleine spørsmål

Etter ti år med spørsmål som "Kor mange måtar kan ein ha sex på?" har våre seksualopplysarar gitt over 5000 ungdomar grunnlag for auka tryggleik og kunnskap i spørsmål om seksualitet.

– Er det nokon som veit kor gamle folk er når dei debuterer seksuelt, spør Even Hallingstad.

Han har praksis ved sjukepleiestudiet ved Høgskulen på Vestlandet i Førde, som seksualopplysar for Aktivt val, Røde Kors seksualopplysing. Saman med to andre studentar reiser han rundt i fylket og held verkstader for klassar i ungdomsskulen eller vidaregåande skule. No er dei på Førde ungdomsskule.

– Eg trur det er om lag 18 år for gutar, jenter er litt yngre, svarar Silja, ein av elevane.

Det får ho medhald i. Nokon er tidlegare ute, nokon ventar til dømes til dei giftar seg. Uansett er det ikkje nokon konkurranse om å vere først ute.

– Vi skal respektere ein person sitt val om å vente. Det er ein sjølv som bestemmer over kroppen sin og når den er klar, seier Hallingstad.

Stig Mattis Geitle utfordrar elevane sine eigne fordomar og stereotypiar om ulike legningar.

Silja og dei andre elevane ved Førde ungdomsskule er blant dei siste av over 5000 elevar som har måtta tenk over eigne haldningar til andre, lært om kjønnssjukdomar, prevensjon, legningar eller blitt utfordra gjennom leik og oppgåver.

Lærer grensesetting

–  Eg tykkjer det er bra at dei seier ting som at det må vere greitt å ombestemme seg og sette grenser, seier Silja

– Her får ein vite at det meste er normalt, så folk slepp å tru at det er noko galt med dei, seier Kristian. 

Vilde, Silja, Kristian og Ida ved Førde ungdomsskule er positive til møtet med Aktivt val. Her får dei stille dei spørsmåla dei ønskjer.

Ungdomane vi snakkar med trur nok at dei fleste klarar å finne fram til informasjon på nettet sjølv, men at undervisninga med Røde Kors og sjukepleiestudentar gjev litt tryggare svar. Det at seksualopplysarane sjølv er ungdom, og at dei er helsepersonell, gjev også grunnlag for å snakke opent om dette på skulen. 

I 2017 deltok cirka 510 elevar frå skular i kommunane Bremanger, Førde, Jølster, Lærdal, Solund, Stryn, Vågsøy og Årdal. Dei har til dømes fått vite at det er normalt å onanere.

Onanering er veldig tabubelagt og privat. Ein fortel det ikkje eingong til sine næraste vener, fordi det er så intimt. Men det er vanleg, alle gjer det. Nokon føler skam, men det er ikkje skamfyllt, det er naturleg og ei nyttig kjelde til nyting. Og – det er ikkje tilfelle at penis kan bli skeiv dersom ein onanerer mykje, seier seksualopplysar May-Ingrid Wiik, medan mange i klassen må knipe hardt att for ikkje å flire for høgt.

Kva er normalt?

Når ho og kollegaene sjølv snakkar avslappa og naturleg om folk sine mest intime hemmelegheiter, kjem det også alle typar spørsmål frå elevane 

– Ung til ung-metodikken gjer at elevane torer å gje meir og stille fleire spørsmål som dei verkeleg har lyst å spørje, ting som er viktig for dei å få avklart, seier prosjektleiar for Aktivt val, Thor Erlend Mehammer ved Sogn og Fjordane Røde Kors.  

Han seier at ungdom ofte er mest opptatt av å finne ut om dei er normale. Dette tilbodet går til kjernen i den problemstillinga: at alle er forskjellige både fysisk og mentalt, gjer definisjonen av det normale veldig vid. Når ungdom aksepterer det, vert dei tryggare på seg sjølv, og kan gjere kloke og sunne val.  

Mehammer seier at ein reknar med at samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet vil halde fram, og at Røde Kors vil tilby seksualopplysing for ungdomssskular og vidaregåande skular neste år også. Det betyr at ungdomsskular eller vidaregåande skular som planlegg skuleåret 2017-2018, kan ha håp om å få besøk i slutten av mai i 2018. Skuleeigarar vert kontakta rundt årsskiftet, men ein må gjerne melde si interesse til Mehammer alt no.

Barn i nød trenger din hjelp Bli fadder! Lukk x