Førstehjelpsøving Vis bildetekst
Førstehjelpsøving i Vikane Røde Kors

Store prøvelsar (øving)

Korleis klare å halde hovudet klart når du kjem til ein skadestad, tenke eigen tryggleik, vurdere skadane og sette i gong med livreddande hjelp.

Ei kvinne ligg livlaus på bakken. Handleddet er blodig, ho har eit stort skrubbsår på haka. Gruppa på førstehjelpskurset til Vikane Røde Kors Hjelpekorps skal hjelpe, men stoppar i ein halvsirkel ved ho, nøler.
– Ja, kom igjen! Kjør på! seier Espen Aarreberg til dei han er saman med.
– Jammen… kva skal vi gjere? spør Marthe Skåden Aarreberg.
– Det du har lært, seier Espen.

Men det er ingen som torer å ta initiativet. Då går mannen sjølv fram og set seg ned på kne ved kvinna og rører på skuldra. 

– Hei! Hei! Er du vaken?
Kvinna stønnar.
– Kan du sei kva som har skjedd, spør han.
– Eg har dotte av hesten, mumlar ho.  

rka18-1 vikane førstehjelp Marthe_Magdalena_Karin_IMG_0402
Marthe Skåden Aarreberg og Magdalena Hilde hjelper den uheldige "ryttaren".

Då byrjar Espen å spørje ho ut om kvar ho har vondt, samtidig som han ber Marthe om å ringe 113, AMK. «Dame, Karin, 40+, har dotte av ein hest, ho snakkar til oss, er vaken». 

– Då skal vi prøve å få snudd ho, så vi får undersøkt ho skikkeleg, seier Espen.

Situasjonen er ei typisk hending. Ingen vågar å ta ansvar når ein kjem over nokon som kan vere skadd. Ingen gjer noko fordi ingen andre gjer noko. Imens går verdifulle sekund tapt. Etter tilbakemeldinga frå kursleiar, er det ingen som kjem til å nøle neste gong. Neste gong vil dei ta ansvar ved å sjekke om den skadde pustar, få kontakt med 113 for hjelp og støtte.

Dauddrukken

Ei anna gruppe på kurset kjem bort til ein mann som ligg flatt på ryggen med armar og bein rett ut. Ein av deltakarane går raskt bort og set seg på kne ved hovudet. 

– Hallo! Høyrer du meg? spør Ida Natalie Årdal Solbu.
Ikkje noko svar, ingen reaksjon. 

rka18-1 vikane førstehjelp Steinar lytte_IMG_0425
Steinar Frøholm held kontroll med pusten til den bevisstlause, medan Ida Natalia Årdal Solbu undersøker om han har ytre skader. Ørjan Skåden følgjer med.

– Eg får ikkje kontakt med han, seier ho, og vender seg til dei andre.
– Treng du hjelp? spør Lukasz Piwko.
– Ja, svarar ho.
– Ok, eg skal ringe 113. Kontroller pusten! seier han.
Ho legg øyret ned mot munn og nase, samtidig som ho ser nedover overkroppen – om brystet hevar seg.
– Ja, han pustar, konstaterer ho.

Bli med i Hjelpekorpset!

Det står ein tom ølboks ved sidan av den bevisstlause mannen. Dei trur han er "dauddrukken", og set i gang og undersøke om han har skader andre stader på kroppen. Steinar Frøholm set seg på kne ovanfor mannen, tek tak under kjevane og bøyer hovudet varsamt bakover.

– Vi må sikre at han har frie luftvegar, seier han.   

Dei finn ikkje teikn til ytre skader, og legg han i stabilt sideleie. Han får eit pledd over seg.

– Ambulanse er på veg, seier Lukasz.

rka18-1 vikane førstehjelp undersøke klatrar_IMG_0499
Synne Skrede undersøker gut som har dotte ned frå klatrevegg.

Dei har ikkje mange minuttane før dei må omstille seg, inn i ein ny situasjon. Ei kvinne som har fått kokande frityrolje over armen – ho held den opp og ropar febrilsk om hjelp. Huda på armen har boblande blemmer. Ti minutt seinare, ny omstilling. Dei kjem over ein gut som ligg på golvet nedanfor klatreveggen i gymsalen, med klatresele på. Han har dotte ned. Korleis er det med rygg og nakke? Neste post; Anne-dukker til å øve hjerte-lungeredning (HLR) på. Ring 113 og set telefonen på høgtalar, medan du tek  30 kompresjonar, to innpust. Hald hjartepumpa i gong til ambulanse kjem.   

Kontroll i kaoset

Den siste store utfordringa dei møter er ute i pøsregnet. Plutseleg høyrer dei ein bil utanfor som tutar konstant. Dei spring ut, spring mot ein bil som står i vegkanten, ei konstruert ulykke. Deltakarane i gruppa vekslar kjappe blikk.

Tonje Kleppe Skåden er den første som opnar døra på Toyotaen. Ho vert møtt av ein mann som sit i framsetet og brølar av smerte, medan han ristar og held seg for nakken. Lyden av bilhorn og brøl, i tillegg frå hysteriske skrik i baksetet er øyredøvande.  

– Auuuuuu, auuuuu!

Men Skåden nøler ikkje. Ho tek mannen på skuldra og seier at ho skal hjelpe. Ho tek eit varsamt, men bestemt tak under haka og på hovudet til mannen og ber han slappe av og sette seg bak i setet.  

– Eg må ut og sjekke bilen, insisterer mannen, før han brøler av smerte igjen.

Ørjan Skåden prøver å ta leiinga over den kaotiske situasjonen på skadestaden. Han ber ein av dei andre sette ut varseltrekant og ringer sjølv 113. Prøver å halde seg sjølv og AMK oppdatert på korleis det går med alle dei fire passasjerane. Jo meir ambulansepersonellet veit på førehand, jo betre budd kan dei vere.   

I førarsetet heng ei kvinne livlaus over rattet. Lukasz Piwko får avklart at ho ikkje pustar. Han ropar "hjelp!" Madeleine Reme kjem straks til og hjelper han med å få løfta kvinna ut og lagt ho på eit pledd. Dei byrjar straks hjarte-lunge-redning, medan dei melder frå til Ørjan om statusen hennar.  

rka18-1 vikane førstehjelp HLR_IMG_0622
Lukasz Piwko og Madeleine Reme prøver å halde liv i ein pasient som ikkje pustar, medan dei ventar på ambulansen.

Framleis skrik nokon i baksetet. Regnet trommar på taket og gjer alt kliss vått. Hornet på bilen hyler like intenst.

– Eg vil ut, det er nokon som er død her, det er nokon som er død, jamrar ei kvinne. Ho høyrest panisk ut. Nokon hjelper ho ut av bilen og leier ho vekk frå skadestaden. Heng eit pledd over skuldrane og let ho roe seg ned.  

Etter ti minutts intensiv innsats i og ved bilen er det slutt. Deltakarane har fått prøvd det meste av det dei har lært i kurset. No er det evaluering.

Kvardagsdramatikk

Ein treng ikkje vere hjelpekorpsar for å hamne i slike situasjonar som kursdeltakarane har vore igjennom. Alle hendingane er henta frå dagleglivet. Neste gong kan du vere den første som kjem til ei ulykke. Du kan vere den som kan redde liv.  

– Kurset kvalifiserer deg til å bli med i korpset, men vi har invitert inn alle som har lyst til å lære førstehjelp, seier Finn Drageset i Vikane Røde kors Hjelpekorps.

rka-18-1 vikane førstehjelp gruppebilde_IMG_0530
Stolt gjeng med kursdeltakarar og -haldarar i Styrkhallen i Innvik.

 

Over fem prosent av innbyggarane i bygda, 29 stykker, deltok på kurset, som gjekk over 33 timar. Så er også kurset denne gongen resultatet av eit minnegåve som familien ønskte skulle brukast til å lære sambygdingane livreddande førstehjelp.

– No har dei øvd seg på skader dei har lært om på teorien. Beinbrot, hjartestans, fallulykke, forgifting, brannskade. Det meste. Dei får øve på å komme inn i ei alvorleg hending der dei må syne at dei klarar å halde hovudet klart og tenke eigen tryggleik først. Dei har måtta vurdere pasientane og velje kvar dei skal byrje, kva dei skal gjere, for å redde liv, seier Karin Kleppe, ein av arrangørane i Vikane Røde Kors Hjelpekorps.