Skredgruppa får høve til å kjøpe to nye snøskuterar for pengegåva

Gåve styrkar beredskapen i Sogn

Over ein halv million kroner i gåve frå Gjensidigestiftinga til Røde Kors Luster Sogn skredgruppe, vil styrke vinterberedskapen i Indre Sogn.

– Dette er ei flott gåve til vinterberedskapen i Indre Sogn, seier administrativ leiar i skredgruppa, Per Odd Grevsnes.

Pengane skal gå til to spesial-skuterar som taklar bratte bakkar og laussnø. I tillegg har gruppa fått pengar til å kunne kjøpe inn 25 hodelykter som kan nyttast til aksjonar i mørket. Skuterane vil stå på ein tilhengar slik at dei skal vere rask og ta med seg når alarmen går.

– Me har allereie flinke skuterførarar i skredgruppa, men me kjem til å rekruttere nokre fleire i samband med at me no har fått dette utstyret, seier Grevsnes.

40 frivillige

Røde Kors Luster Sogn skredgruppe tel no snart 40 personar der 15 stk har
fagleiar skred-kompetanse. Vidare har dei med seg ni tinderettleiarar og fire flinke skuterførarar. Resten har alle høg kompetanse på ulike felt innan Røde Kors og snøskredfaget.

Skredgruppa er ei spesialgruppe som skal støtte dei lokale hjelpekorpsa når skredalarmen går. Fagleiarane har kompetanse på å kunne organisere søk i skred og jobbar tett saman med lokalt Røde Kors og politiet ved ein skredaksjon.

Redning og førebygging

Skredgruppa har sidan etableringa i 2015 vore med på fleire skarpe oppdrag, men eit like viktig samfunnsoppdrag er det å jobbe førebyggande. Derfor er dei mellom anna og med på å arrangere den årlege skredkvelden i Sogdal. Dei er også med lokalt hjelpekorps på øvingar og internkursing.

Les artikkelen "Bratt beredskap", der skredgruppa deltok på ei skredøving i Breheimen sist vinter, og få eit inntrykk av arbeidet dei frivillige legg ned.

Klikk her om du vil vere med i Hjelpekorpset!