Vekas høgdepunkt

Når alderen har sett spor så du vert sittande mest heime, kan livet bli kjedeleg, kanskje einsamt. Då er det godt å ha tilbod om ein fast møteplass.

– Eg må vere med kvar gong, for det er så koseleg. Vi ringer til kvarandre og spør om vi har hugsa å bestille drosje til bingoen. Dette kan vi ikkje gå glipp av. Sjå berre kor glade folk er når dei kjem inn, seier Ingebjørg Alida Lystrup, og nikkar mot døra.

Nok ein drosje frå Leikanger taxi svingar inn framfor sjukeheimen. Ein sjåfør går roleg rundt bilen, opnar bagasjerommet og løftar ut ein rullator. To rullatorar. Tilsette ved heimen kjem ut og møter passasjerane med gode smil, tek imot handvesker, støttar dei ut av bilen og koplar dei på sine rull-ande støtter.

Innanfor dørene vert dei møtt av dekte bord og damer med raude vestar merkte Røde Kors Omsorg. Det er Leikanger Røde Kors Besøksteneste sine frivillige hjelparar. Også dei med gode ord og søkande blikk. Dei ønskjer velkomen på torsdagsbingo.

RAGNHILD KNUTSEN (t.v.) OG INGEBJØRG ALIDA LYSTRUP konsentrerer seg om bretta sine. Dei seier at det viktigaste med bingoen ikkje er å vinne, men å vere saman med andre.

BERRE MÅ VERE MED
Stolane rundt dei sju–åtte borda fyller seg sakte opp. Ingebjørg Alida Lystrup er ein av gjestene. 91-åringen har sitt faste bord. Kvar torsdag klokka 10.30 og to–tre timar utover dagen deler ho nokre timar med Ragnhild Knutsen, Kirsten Knudsen og eit dusin eller to med andre gjester.   

Besøksven Gerd-Kirsten Henjesand kjem med ein stabel blå bingo-brett og ein boks med vekslepengar.
– Eg vil få dei to nedste i bunken, seier Kirsten Knudsen, og finn fram seksti kroner.  
Ho har ikkje noko spesielt tal ho leitar etter, men ho tok dei to nedste førre gong, og då vann ho tre gonger. Så no satsar ho på at same valet vil gje utteljing.

Les meir om besøkstenesten


LYKKETAL
Ingebjørg held opp sine plater, og peikar på lykketalet sitt, 58. Ho satsar på plater med det talet. Det har ho vunne på mange gonger.
– Det er veldig viktig å vinne ein ting, elles så sit du i spenning heile tida. Men har du først vunne ein pose kaffi og ein sjokolade, så er du nøgd. Eg i alle fall. Det er sjølvsagt stas om eg vinn noko meir, men det er ikkje difor eg går på bingo. Det er eit sosialt samvær. For oss gamle er dette eit høgdepunkt, seier Ingebjørg.

– Eg tykkjer det er alle tiders. Det vert mykje innesitting når du er dårleg i rygg og føter. Så eg gler meg til kvar torsdag, seier Kirsten, som vert køyrt av mannen sin.
– Skal eg slå oppi til deg, Ragnhild, spør besøksven Marit Bøtun Gjerlow. Ragnhild nikkar og fortel at det er eit avbrekk i kvar-dagen å komme hit. Det skaper variasjon.

BESØKSVEN GRETE STADHEIM er godt selskap på torsdagsbingoen.


IKKJE SLADDER
Besøksvenene veit at menneske treng menneske, at sosialt samvær er den beste medi-sin. Difor går dei på butikk en kvar onsdag og handlar inn gevinstar til bingoen, skriv vaktlister og møter opp med smil og varme kvar torsdag, året gjennom. Dei veit kva det betyr for dei eldste i bygda å ha eit tilbod som er opent. Anten det no er berre for å kunne smile tilbake til nokon, eller å berre få med seg kva som skjer.    
– Det har blitt større behov for å halde seg oppdatert etter at eg ikkje klarte å lese avisa lenger, seier Ragnhild.
– Men vi driv ikkje med sladder. Vi snakk ar om folk vi kjenner, til dømes om den og den har teke ein operasjon eller hatt eit hjarteinfarkt eller slik. Vi held oss opplyste, men vi snakkar ikkje negativt om folk, seier Ingebjørg.
Dei nære ting i bygda er viktigast, men av og til må ein diskutere litt politikk. Kvar har jo gjerne hatt sitt parti gjennom alle år, men dei fleste likar å halde det for seg sjølv. For å sleppe for sterke diskusjonar. Dei likar ikkje dårleg stemning på bingoen.
– Det er gode meiningar og saker i alle parti, så eg tykkjer det kan vere vanskeleg å diskutere politikk, seier Ragnhild.
– Men eg gler meg til den nye serien med dei siste nolevande statsministrane som byrjar på NRK. Gro er vel med, Willoch, Bondevik, Jagland? Og Stoltenberg, seier Ingebjørg.  
– Ja, Per Borten, er han med, eller er han
død? Syse er død. Kva med Odvar Nordli, seier Ragnhild, og mimrar litt om statsmi-nistrane saman med dei andre rundt bordet.

FØRER OVERSKOT TILBAKE
Ein skulle kanskje tru at det å ta drosje til og frå sjukeheimen, kjøpe bingoplater, kake og kaffi, skulle bli dyrt å gjere kvar veke. Men så gale er det ikkje. I Leikanger har dei ei ordning der nokon av drosjeturane til fritidsaktivitetar for eldre og rørslehemma er sponsa av fylkeskommunen, så gjestene betaler berre femti kroner per veg. Den låge prisen gjer at det faktisk er mogeleg å komme seg ut blant folk.  
– Og det kostar berre ti kroner for kaffi og kake. Det er ingen verdas ting, seier Ragnhild.

Det vart bingo for Anna Eggum.

Heile overskotet som vert av bingo og kaffimat, går tilbake til sjukeheimen. Henjesand fortel at i 2016 førte dei tilbake om lag 18000 kroner. Det disponerer heimen til ting kommunen ikkje brukar pengar på sjølv, som friske blomster i  
kantina og andre miljøtiltak.
Snart kjem ei kjend stemme på høgtalar-anlegget. Bingosjef Henjesand som har slått på mikrofonen og ønskjer velkomen. Kakene er fortærte, så no er alle klare til ei stund med maks konsentrasjon med tal, bokstavar og fem på rekke. På både to og tre brett.  
Ingebjørg rettar seg opp i ryggen og studerer bretta sine. Det er jo også litt trim for hjernen, dette.
– Det er bra så lenge vi har nokolunde auge, kviskrar ho, idet vi høyrer bingorulla går.
– N for Nils, toogførti, fira–to, les Henje-sand og ser utover borda og passar på at alle rekk å finne talet sitt før ho les neste. Etter å ha sveiva nokre gonger, og lese nokre tal, kjem det ei plate i veret.
– Bingo, seier Anna Eggum med eit lurt smil. Då var kaffi og sjokolade sikra bingo-ens eldste deltakar på snart 100 år.

Barn i nød trenger din hjelp Bli fadder! Lukk x