Røde Kors Hjelpekorps sikrar for tryggleiken på Balestrand opp

Sikrar opptur

Det sluddar sidelengs på Raudmelen, 970 høgdemeter over Balestrand. Dei første kappløparane nærmar seg mål. Balestrand Røde Kors Hjelpekorps har ansvaret for tryggleiken.

Det er sundag morgon klokka 0830, det bøttar ned i Balestrand. Nedanfor den såkalla Ja-steinen slamrar det i bildører. Store sekkar blir løfta ut av bagasjeromma.  

– Det er vel berre å ta på seg gore-texen med ein gong, seier sambandsleiar Reynir Svansson i Balestrand Røde Kors. Han myser mot det låge skydekket over Sognefjorden og trekker hetta over hovudet.  

Uansett vêr, mosjonsklassen på motbakkeløpet Balestrand opp byrjar å gå om ein halv time. Klokka 12.30 startar konkurranseklassa. Balestrand Røde kors Hjelpekorps har tatt på seg ansvaret for sanitet og tryggleik. Så no er det berre å komme seg avgarde.  

2018-09-15 bale_opp (6)
Reynir Svansson (frå venstre), Ken Heine Bakke, Viljar Bakke Nesse, Tommy Sværen Ese, Terese Solvorn og Kari Bolstad klar for sanitetsvakt på Balestrand opp.

– Kan du ta spjelkesettet i sekken? spør operativ leiar Ken Heine Bakke og held opp ein sekk med utstyr ein kan bruke ved brot.  

– Ja, det kan eg. Har vi hjartestartar og førstehjelpssekk? spør Viljar Bakke Nesse. 

– Ja, vi har ein hjartestartar i bilen som skal følgje løparane det første stykket, og ein som vi tek med på toppen, seier Bakke.  

Planen er å ha tre sanitetspostar i løypa med to førstehjelparar på kvar. Det skal vere maksimalt ein halv times «utrykkingstid» mellom kvar av dei. Alle skal vere utstyrt med førstehjelpsutstyr og bobleplast og redningsfolie mot nedkjøling. Og sjølvsagt ein god dose kunnskap.   

2018-09-15 bale_opp (15)
Sambandsleiar Reynir Svansson (t.v.) skal halde stand på Orrebenken. Her testar Ken Heine Bakke sambandet.

– Det har vore ein del erfaringar med hjartestopp i motbakkeløp, så hjartestartar er obligatorisk å ta med. Elles så har vi hatt svært lite skader på Balestrand opp. Det verste er vel ein broten finger, stua anklar og gnagsår, seier Bakke.    

Følgjet på seks personar beveger seg sakte oppover stien. Det gjeld å ikkje bli våt korkje frå innsida eller utsida. Det er vanskeleg å hjelpe folk dersom ein sjølv frys. Dei første mosjonistane er alt i løypa, men målgong for dei er flytta litt lenger ned i fjellet, til Buråsi, fordi det er våtare og kaldare på toppen enn kva ein ønskjer å utsette folk for. 

– Vi føler oss viktige når vi gjer dette. Vi hjelper til der det trengs, men har først og fremst ansvar for sanitet og tryggleiken for dei som er med.

Ken Heine Bakke

– Eg har med meg ei presenning, så eg skal lage til ein gapahuk, seier Svansson 

Han og Tommy Sværen Ese har stoppa opp ved Orrebenken, ein stad der balestrendingane går for å nyte utsikta over eiga bygd. Her er første sanitetspost – med tak over hovudet. Dei sjekkar at dei har radio-samband før resten av følgjet held fram oppover.  

2018-09-15 bale_opp (21)
Kari Bolstad og Terese Solvorn passerer Appelsintreet.

Turen går i godt merka løyper, forbi Appelsintreet, over kloppelagde myrer, drikkepause på Klukshaug, vidare oppover «skvissje-våte» stiar til Buråsi. Dei første mosjonistane er alt der, men dei ser ikkje ut til å lide anna naud i regnet, enn at dei har raude kjakar og store smil. Nokon vil visst halde fram til toppen i alle høve, for å sjå konkurranseklassen komme i mål.  

– Har de masse heite ting med dykk no? spør Bakke dei som skal stå att. 

Eg vil bli hjelpekorpsar!

– Eg har med rikeleg med tørre bytekle, men hadde ikkje rekna med at det var så mykje folk her alt, seier Terese Solvorn, og ser seg rundt medan ho latar som ho vrir av seg kleda på overkroppen.

2018-09-15 bale_opp (27)
Dei første mosjonistane har nådd Buråsi, her Solvorn og Bolstad skal ha sin sanitetspost.

– Vi snakkast på sambandet når vi er oppe, seier Bakke. Han og Nesse skal ta vakta på toppen, og etterlet seg Solvorn og Kari Bolstad til å ta seg av mosjonistane som kjem i mål på Buråsi. 

Ein time før starten på konkurranseklassa når Bakke og Nesse toppen. Det ryk frå pipa på dagsturhytta Baly, og dugnadskarane Einar Målsnes og Jørgen Hundseth jobbar med å sette opp målseglet.   

Medan arrangørane prøver å få høgtalaranlegget og tidtakarteknikken til å virke i budleregnet, førebur hjelpekorpsarane seg på mogelege oppgåver dei kan få.  

2018-09-15 bale_opp (9)-2
Som sanitetsvakt lærer ein fort å ta i eit tak for arrangøren. Her lagar dei til telt til sekretariatet.

– Vi får vere lett tilgjengeleg samtidig som vi ikkje går i vegen. Er det nokon som er meir alvorleg skada, må vi helst kunne skjerme dei, seier Bakke, og avtaler med arrangør at i så fall må dei kunne ta folk inn i hytta. 

Han tek ut førstehjelpssekken, og går over utstyret.  

Langstrekkbandasje, pustemaske, tape, gnagsårplaster, spjelk, ekstra batteri, varmepose, kompress, plaster, is... kanskje ikkje det mest aktuelle i dag. 

Bakke og Nesse pakkar seg inn med det dei har av vantette klede, vottar, hue. Då starten på konkurranseklassa skal gå, vekslar det mellom snødrev og lett yr. Tåkebankane driv forbi mellom toppen av fjellet og fjorden. Trimmar som alt har kome opp og ventar på konkurranseklassa, står og trippar for å halde varmen.  

2018-09-15 bale_opp (116)
Gudvin Haraldsson overfører målgangen live til storskjerm på Reiselivsmuseet. Kaldt utan hanskar. Då er det kjekt med sanitetsvakt som ofrar sine.

– Ja, her oppe er det lett vind no, lite grande yr i lufta, ikkje så gale. Her strøymer trimmarar oppover. Nokon har vore inne og varma seg og gått ned att. Akkurat no er det fine forhold her, seier den evigpositive speaker Einar Målsnes på samband med startområdet. 

Starten går. Bakke og Nesse nyttar ventetida til å fylle på med varm drikke og litt mat. Det tek ikkje lange tida før Svansson på Orrebenken melder at førstemann har passert dei. Eit kvarter seinare høyrer dei det same frå Buråsi. Etter knappe 40 minutt dukkar leiar av løpet, Øyvind Sundby opp i bakken nedanfor, berre iført ei tynn t-skjorte og kortbukse.  

2018-09-15 bale_opp (69)
Øyvind Sundby er den første løparen som kjem til mål, over to minutt før næraste konkurrent.

– Berre eit lite stykke att no. Vi heiar han i mål, ropar speaker Målsnes 

Så kjem dei, den eine meir tynnkledd enn den andre, heseblesande over målstreken. Gjennomvåte og innsmurte av gjørme oppetter beina. Eit lite, men entusiastisk publikum heiar på desse nokon og 70 mest ivrige løparane.  

2018-09-15 bale_opp (74)
Målgang er rett inn i den oppvarma dagsturhytta Baly. Litt surt utanfor, men råd å få skifta til tørre klede inne.

Og førstehjelparane har lite eller ingen ting å gjere. Etter at dei har fått att pusten, er deltakarane berre store glis, som har fått på seg tørre klede dei har hatt med seg i den obligatoriske sekken. Så folk har vore godt budde og forsiktige.                   

– Vi føler oss viktige når vi gjer dette. Vi hjelper til der det trengs, men har først og fremst ansvar for sanitet og tryggleiken for dei som er med. Eg reknar med at slike løp ville vere vanskeleg å halde utan oss. På slike dagar er det ikkje alltid det kjekkaste oppdraget, men det gjev viktige inntekter til hjelpekorpset, slik at vi til dømes kan kjøpe nytt utstyr eller kan ta fleire kurs, seier Bakke.

2018-09-15 bale_opp (35)
Ken Heine Bakke og Viljar Bakke Nesse tykkjer det er kjekt å ta i eit tak for lokalsamfunnet gjennom å vere klar til å hjelpe dei som treng det.

 

Sanitetsvakt - fakta

Eit ukjent tal idrettsturneringar, motbakkeløp, skirenn, konsertar og festivalar leiger inn Røde Kors Hjelpekorps som sanitetsvakter til å ta seg av skadar som oppstår når mykje folk er samla for å utøve idrett eller feste.

Frivillige i Røde Kors Hjelpekorps har minimum 33 timar kursing i førstehjelp, i tillegg til øving, repetisjon og erfaring.

For å bli hjelpekorpsar, må du bestå ein teoretisk og praktisk test i førstehjelp – kvart trede år.

Sanitetsvakt er eit viktig inntektsgrunnlag for drift av hjelpekorpsa. 

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler