Vil gjere elevar tryggare

Røde Kors seksualundervisning vektlegg grensesetting og respekt for ulikskap. Det skal trygge elevane til å ta gode val når dei skal ha sex.

rka16-2 aktivt val instruktørar 2016_590

— Vi skal ha seksualundervisning, seier sjukepleiarstudent Jim Roger Edvardsen Johansen til 9. klasse på Sandane ungdomsskule. Hatt om det før?

— Nei, lyder det frå klassa

— Vi såg på fødselsvideo, seier læraren, og innser kanskje at det er litt i den andre enden av det dei skal snakke om i dag. Dei tre sjukepleierstudentane som gjennomfører praksisen sin for Røde Kors, skal snakke om seksualitet, grensesetting, forskjellar og ja, dei skal ha kondomstafett.

rka16-2 aktivt val kondomtreningII_590

Øving 1, ulikskap
Elevane går først saman to og to for å samanlikne hendene sine. Dei slår fort fast at dei har ulike lengd på fingrane, tjukkelse, blodårer, hudfarge, bøyg på fingrane, negler og så vidare. Hendene er forskjellige. 

— Vi skal vere merksame på at alle menneske er ulike. Det gjeld seksualitet også, kjønnsorgana, legning. Det er greitt, det skal vi respektere, seier Jim.

Niandeklassingane vert tatt med vidare på denne reisa der dei får utforske eigne og andre sine haldningar.

— Veit de kva sex er, spør Marius Østenstad Tonning.

Klassen svarar etter litt påtrykk at det er penis i vagina, lage ungar, samleie. Så byrjar dei tre studentane å teikne på tavla, teikne kjønnsorgan og andre kroppsdeler, ber elevane snakke om kva som passar i lag.

—Kva skal vi sette strek mellom, kva passar i lag, spør Marius? Klassen er rimeleg still, men knisande.

rka16-2 aktivt val marius teiknar_600

— Hand og penis, er mitt forslag. Forslag frå dykk? seier den tredje undervisaren, Kjell Arne Aasprang Reite.

Litt stille svarar representantar i klassen at det kan vere penisen og vaginaen, penisen og munnen.

— Og rompa og pikken, eller penis som vi seier. Det er fleire samanhengar. Det varierer frå person til person, seier Marius.

Elevane får spørsmål om kva seksualitet er. Seksualitet er jo kjønnslivet og alt som har samband med det. Det er det fysiske, det er kjenslene og det er det sosiale og etiske.

Kva med forelskelse? Er det ulikt kva kjønn ein vert forelska i? Kan du styre kven du blir forelska i? Kan ein styre tiltrekning? Viss ein er aseksuell, vil ein då ha ein seksualitet, spør Kjell. Elevane får eit bilde av at seksualitet er eit stort tema, og at kvar og ein av dei må finne eigne svar for seg sjølv.

Øving 2, fordomar

Elevane vert bedt om å lukke auga og sitte som ein gut. Så som ei jente. Etterpå som ei lesbisk jente og homofil gut. Avstanden mellom knea, vinkelen i ryggen, handrørsler endrar seg mellom dei ulike oppgåvene.

—Dette handlar om fordommar. Vi gjev ulike grupper ulike eigenskapar, seier Jim.

Til dømes vert «homo» brukt som skjellsord fordi det er knytt negative haldningar til det hjå enkelte. Sexisme er det same – kvinner vert undertrykt på grunn av kjønn. Rasisme er det same, ein gjev personar eller grupper rare eigenskapar basert på fordommar.

Øving 3, grensesetting

Elevane stiller seg på to rekker mot kvarandre. Dei på den eine rekka blir bedt om å gå mot dei andre, og stoppe når dei andre seier stopp. Nokon får gå til dei stoppar i kvarandre, nokon må stoppe på ei armlengdes avstand.

— Kva med ein framand, er det vanskeleg å sei stopp? Kva om han ikkje stoppar? Spør Jim.

— Springe vekk, rope etter hjelp, rygge bak, vise fingeren, svarar elevane.

— Det er mange måtar å sei stopp på, men korleis veit du kva som er for nært?

Når er det til dømes greitt å debutere seksuelt? Marius meiner det er når hovudet og kroppen og den andre er klar.

Øving 4, kondom

Kondomar er det einaste prevensjonsmiddelet som virkar mot både graviditet og kjønnssjukdomar. Difor får elevane ein ekstra god innførsel i kondombruk. Sjekke dato, sjekke at pakningen ikkje er punktert, opne utan å skade kondomen, halde att litt rom øvst før ein trer kondomen på, tre den på plass med rullen på utsida.

—No skal vi ha stafett, fem og fem på lag, der oppgåva er å tre kondomar rett på desse dildoane. Eg kjem til å passe på at de sjekkar datoen og at alt vert rett, seier Kjell.

Elevane gyv laus på oppgåva med stor iver og knising. Studentane rettleiar slik at alt vert rett. OG dei som vil får prøve fleire gonger. Alle får med seg nokon ekstra som «premie».

Øving 5, anonyme spørsmål

Studentane avsluttar økta med det dei kallar dagens høgdepunkt, svare på anonyme spørsmål som elevane har skrive ned på gule lappar.

— Vi har fått masse rare gode og interessante spørsmål. Det første eg til ta, er spørsmål om kva som er vanleg debutalder. For gutar er det 17,1 år, jenter 17,9 jenter. Men ikkje heng dykk opp i det, ein debuterer når de og den de vil debutere med er klar, seier Jim.

«Er det vanleg å barbere seg på kjønnsorganet?»

— Kjønnshår er naturleg og har sin funksjon, seier Marius.

«Er det jenta eller guten som tek med kondom?»

— Det er eit felles ansvar, svarar Jim.

«Kva er gjennomsnittleg penislengde?»

— Dildoane er ganske gjennomsnittlege, men storleikar er jo normale; tynn, tjukk, vinklar seg eller ulike lengde, seier Kjell.

«Kva er symptom på kjønnsjukdomar?»

— Er du usikker, gå til ei helsesøster, dei kan sjekke deg, oftast med urinprøve. Symptom kan vere smerte ved vannlating, blemmer på kjønnsorgan, blod i urinen, svarar Marius.

Neste år skal nye sjukepleierstudentar ut på turne og drive seksualundervisning. Ønskjer de besøk, kontakt med distriktskontoret i Førde på 05003.