Fylkesleir Røde Kors Ungdom

Fylkestreff for ungdom

Velkomen til ein trygg, inkluderande og meistringsskapande møteplass – Røde Kors fylkestreff for ungdom 13+ på Skilbrei 23.–25. november. Vi satsar på ei kjempehelg!

På fylkestreffet vil ein møte jamnaldrande frå rundt om i fylket og lære førstehjelp,  personleg beredskap og gode humanitære verdiar som korleis gje ei hjelpande hand og bidra til å skape betre liv for andre.

Dette skal bli kjekt og spennande!

Samlingane våre er sosiale og inkluderande. Både deltakarane og arrangørane bidreg med påfunn og aktivitetar. Det er felles måltid i spisesalen. Vi søv på firemannsrom.

Vi håper at fylkestreffet kan bli ein plass for ungdom å lære seg litt om organisasjons- og styrearbeid som dei kan få nytte av i Røde Kors Ungdom, RØFF og anna frivillig arbeid seinare. Slik bidrar vi til framtidas humanitære ressursar.

ung_fb_bilde
Røde Kors sitt distriktsråd for ungdom er ansvarleg arrangør. Her saman med president Robert Mood i Norges Røde Kors november 2017.

Samlinga er arrangert av Distriktsråd Ungdom i Sogn og Fjordane Røde Kors. Følg oss på Facebook @sfrodekorsUng og få oppdateringar om treffet og andre aktivitetar.

Målgruppa er ungdom 13+

• Det er vaksne til stades på heile treffet, med vaken nattevakt.
• Vi vil ordne fellestransport mellom Førde og Skilbrei fredag og søndag.
• Ein treng ikkje vere med i Røde Kors for å delta.

Praktisk informasjon

  • Kvar: Skilbrei leirsenter. Det ligg ved E39, 15 minuttar sør for Førde.
  • Transport: Det blir gratis fellestransport klokka 18:15 frå Rutebilstasjonen. Dersom nokon kjem til Førde lenge før det, kan dei vente hjå oss i Røde Kors-bygget, Langebruvegen 28. Det er ca tre minutt gange frå busstasjonen: forbi hotellet, til venstre i lyskrysset, forbi Mega. Kjem du etter 18:15, så hentar vi deg. Spørsmål? Ring oss på 908 94 974.
  • For dei som kjem direkte til Skilbrei: innsjekk mellom kl. 19 og 20.
  • Transport retur: vi fraktar deltakarane til Rutebilstasjonen i Førde om behov.
  • Overnatting: På rom, 2–5 senger på kvart rom.Ta med sengetøy/sovepose.
  • Mat og drikke: Vi ordnar med alt av mat og drikke under arrangementet.
  • Pris: Arrangementet er gratis.
  • Tryggleik: Det er vaksne leiarar til stades på heile treffet, med vaken nattevakt.

Pakkeliste

  • Pute-, dynetrekk og laken eller sovepose.
  • Vi skal lære om sminke av markørar og treng difor: Klær som kan bli skada og misfarga
  • Vi skal ha mykje aktivitetar ute i naturen og
    det er meldt minusgrader, så ta med: Varme ytterklede, ullundertøy, varm genser/ullgenser, gode sko, vottar, skjerf/bøff, lue
  • Toalettsaker, håndkle og klesskifte
  • Mobilladar
  • Innesko/tøfler/tjukke sokkar

Program

Fredag
18:00 Dørene opnar på skilbrei
18:15 Felles buss frå rutebilstasjonen i Førde (kjem du seinare, henter vi deg).
20:00 Middag
21:00 Bli kjent med kvarandre og Røde Kors
Introduksjon til lagkonkurransen (mange spennande og kjekke oppgåver som minesveipar, ball i bøtte m.m. + ei framsyning til slutt på laurdagskvelden)
00:00 Ro

Laurdag
08:30 Frukost
09:15 Informasjon om lagkonkurransen
09:30 Kurs i førstehjelp
12:30 Lunsj
13:30 Lagkonkurranse
14:30 Lage mat på bålpanne
16:00 Innføring i sminke av skade
17:00 Pause
17:30 Fuelbox
18:30 Øving til lagkonkurranse
19:30 Middag
21:00 Kostymefest, lagkonkurranse, fritid 
00:00 Ro

Søndag
08:30 frukost
09:30 Speeddate med dei forskjellige Røde Kors-aktivitetane
10:30 Catch the flag
12:00 Lunsj
13:00 Avslutting, rydding, avreise

Vakttelefon gjennom helga

Treng du komme i kontakt med ansvarleg leiar i løpet av helga, ring oss på

986 55 373

Nummeret er døgnbemanna.

Spørsmål før helga? Kontakt:

Mann men rød vest
Dag Hovland
Dagleg leiar
E-post
dag.hovland@redcross.no
Mobil
908 94 974