Distriktstreff Røde Kors Ungdom

Fylkestreff for unge på Lyngmo

Velkomen til seinsommarens største høgdepunkt!

Røde Kors Ung i Sogn og Fjordane arrangerar ei kjekk og spennande helg på Lyngmo i Hafslo 15.-17. september. Det er ope for alle frå 13 år og oppover. Du treng ikkje vere medlem i Røde Kors for å vere med. 

Program

Fylkestreff er fellesskap, opplevingar, moro og meistring. Det blir eit sosialt og spennande program med situasjonsøving med brannvesenet, sambandsopplæring òg førstehjelpsopplæring. Det blir katastrofesminking, capture the flag, bålpanne, vassaktivitet i kano og båt, bading, fotball og korleis lage spjelk.

På kveldane er det bli-kjent-aktivitetar, kareoke, musikk, dans, film og brettspel.

475A0970
Kva har skjedd her? På Fylkestreffet vil du lære å legge katastrofesminke.

Program

Praktisk informasjon om treffet:

Stad: Lyngmo Gjestehus og Camping ligg i Hafslo i Luster kommune. Leirplassen ligg ved Hafslovatnet, 14 km frå kommunesenteret Gaupne og 14 km frå regionsenteret Sogndal. 

Tid: Fredag 15. september kl. 18.00 til søndag 17. september kl. 13.00

Alder: frå 13år +

Overnatting: Du søv innandørs. Det er ulikt tal senger på kvart rom. Alt mellom 2 og 6 senger. Ein sover på rom med andre av same kjønn.

Pris: Arrangementet er gratis, og vi dekkar billigsaste reise.

Transport: Det går buss til Lyngmo. Gå på skyss.no og søk opp Lyngmo ungdomssenter og camping. Busstoppet er berre nokre minuttar gåtur frå senteret.

Pris: Arrangementet er gratis, og vi dekkar billigsaste reise. Det kjem meir informasjon om dette etterkvart.

Pakking: Du må ha klede som tålar vestlandsvêret. Det blir mykje uteaktivitet. Det blir også høve til å bade ute og vere i kano og båt. Ta med deg badeklede.

Tryggleik

Det er vaksne frå Røde Kors til stades heile helga.

Fire ungdomar spring ut i vatn
Hugs å pakke badeklede til fylkestreffet!

Kontakt

Kontakt Sogn og Fjordane Røde Kors på dk.sognogfjordane@redcross.no eller på 969 24 262. Kontortelefonen er bemanna mellom kl. 09.00 og 15.00 mån-fre. Ein kan sende sms på kvelden og få svar neste dag.

Grunna sommarferieavvikling vil det vere ulike tilsette på kontoret som svara på førespurnadane på e-post eller telefon. 

Ansvarleg kontaktperson er Thor Erlend Mehammer, han er attende etter ferie 21. august. 

Påmelding