Smarta ein ikkje ser (ukjent opphavsrett til bildet)

Smerta ein ikkje ser

Ein konferanse om ung psykisk helse på Kulturhuset i Sogndal 13. november 2018.

Meld deg på her

Det er mange som sit inne med ei smerte som andre ikkje kan sjå. Det er altfor mange som tek sjølvmord, det er altfor mange som opplever vald og utryggleik i heimen, og det er altfor mange som er åleine med angst og smerte. Og det blir fleire som slit, syner dei nyaste tala frå ungdata.no.

Gjennom konferansen "Smerta ein ikkje ser" ønskjer vi å synleggjere dei humanitære behova, slik at dei som slit kan bli sett, høyrt og verdsett. Konferansen er open for alle, spesielt inviterte er ungdom, lærarar, politikarar og andre som arbeider med ungdom og psykisk helse.

Program

 

  • 18.00  Dans – Dans utan grenser Sogndal
  • 18.05  Velkomst – Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal
  • 18.10  Kva er problemet? – Jon Atle Rise, leiar av Røde Kors Ungdom
  • 18.20  Bak maska – kva ser vi og kva gjer vi i møte med unge som slit? v/Inge Nordhaug, klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri.
  • 19.00  Pause
  • 19.20  Erfaringar og råd frå oss som har slitt v/Forandringsfabrikken  
  • 20.50  Avslutning og song – Jostein Vedvik, artist

 

Innleiarane våre:

Forandringsfabrikken

Forandringsfabrikken er eit kunnskapssenter, organisert som ei ideell stifting. Vi inviterer barn og unge til å dele erfaringar om møta med skule, psykisk helsevern og barnevern, og til å gje råd om korleis systema kan bli betre. Forandringsfabrikken har møtt 5000 barn i norsk skule, 600 som har fått psykisk helsehjelp, 1200 barn i barnevernet og 300 som har opplevd vald og overgrep.

Inge Nordhaug

Har arbeidd som klinisk sosionom innan barne- og ungdomspsykiatri i nærare 30 år, og hjå RVTS (ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging) sidan 2006. Har tidlegare leia prosjektet «støtte til seksuelt misbrukte barn».

Konferansier

Jon Atle Rise er leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom. Han er aktiv i hjelpekorpset og starta ei eiga gruppe for Første hjelp og friluftliv for ungdomsskuleelevar i Svelgen.

Arrangørar

Hovudarrangør: Røde Kors Ungdom i Sogn og Fjordane
Medarrangørar: Ungdomspolitisk utval og Mental helse i Sogn og Fjordane.

Det er ikkje påmeldingsfrist på arrangementet.