Liv Ingunn Holvik (foto: privat), Tore Storehaug (foto: Krf/pressefoto), Adil Khan (foto: adil.no), Inge Nordhaug (foto: RVTS)

Smerta ein ikkje ser

Ein konferanse om ung psykisk helse i Førdehuset 18. november 2017.

Det er mange som sit inne med ei smerte som andre ikkje kan sjå. Ei smerte som ofte vert bagatellisert og gløymd. Det er altfor mange som tek sjølvmord, det er altfor mange som opplever vald og utryggleik i heimen, og det er altfor mange som sit åleine med angst og smerte.

Dette er nokon av det vi får dokumentert i vår nye rapport "Sosial puls 2017", som Norges Røde Kors har fått utarbeida i samarbeid med Statistisk senralbyrå.

Gjennom konferansen "Smerta ein ikkje ser" ønskjer vi å synleggjere desse humanitære utfordringane, slik at dei som slit kan bli sett, høyrt og verdsett. Konferansen er open for alle, spesielt inviterte er ungdom, lærarar, politikarar og andre som arbeider med ungdom og psykisk helse.

 

Program

12:00     Kulturinnslag – Jostein Vedvik, artist
12:05     Velkomen – Jon Atle Rise, leiar Røde Kors Ungdom
12:10     Humanitære behov blant ungdom i Noreg – Robert Mood, president i Norges Røde Kors
12:30     Dei som vert gløymde – Inge Nordhaug, klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri, RVTS
13:00     Lunsjpause
13:40     Open skule, ein møteplass – Liv Ingunn Holvik, miljøkoordinator på Firda vgs.
14:00     Samfunnsutviklinga for ungdom – Panel med ungdomsparti og -organisasjonar
14:45     Pause
15:00     Fordi livet endrar seg… – Adil Khan, Adils hemmlige dansere og dommar i Norske talenter
17:00     Slutt

Konferansier: Tore Storehaug, stortingsrepresentant.

Innleiarane våre:
Adil Khan
: Skodespelar, dansar, programleiar i NRK (Adils hemmlige dansere), og dommar i Norske talenter.

Robert Mood, president i Norges Røde Kors, tidlegare general i den norske hær. Tidlegare sjef for FNs observatørstyrker i Syria (UNSMIS) og Fns observatørkorps i Midtausten (UNTSO). Fekk «Fritt ords pris» i 2016 «for å ha vist stort ytringsmot i kritiske debattar om Forsvarets rolle i samfunnet».

Liv Ingunn Holvik, miljøkoordinator på Firda vgs. i mange år. Skulen fekk i 2017 Dronnings Sonjas skulepris for sitt arbeid med likeverd og inkludering. Liv har i mange år jobba med «open skule», kor elevane har fått seg ein sosial møteplass.

Inge Nordhaug, har arbeidd som klinisk sosionom innan barne- og ungdomspsykiatri i nærare 30 år. Har jobba i RVTS (ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging) sidan 2006. Har tidlegare leia prosjektet «støtte til seksuelt misbrukte barn».

Tore Storehaug, tidlegare fylkesleiar av KrFU i Sogn og Fjordane, sentralstyremedlem i KrFU, 3. nestleiar og internasjonalt ansvarleg, visepresident i YEPP. Er i dag stortingsrepresentant for KrF frå Sogn og Fjordane.

Påmelding
Konferansen skal vere i Storsalen i Førdehuset laurdag 18. november. Det er gratis å delta, men for at vi skal kunne ordne mat og sette opp bussar, er vi avhengige av at alle melder seg på via dette skjemaet: https://goo.gl/CreK31
Frist for påmelding er onsdag 15. november.

Det går gratis buss frå:
Måløy (via Eid, Sandane og Skei).
Stryn (via Olden, Byrkjelo og Skei).
Øvre Årdal (via Sogndal og Skei).
Florø (via Eikefjord).
Balestrand (via Høyanger og Sande).

I påmeldingsskjemaet ovenfor kan du skrive inn kvar du ønskjer å bli plukka opp. Viktig: bussen stoppar berre der vi har bestillingar. (du får tilsendt avgangstid på e-post eller sms). 

Arrangørar
Hovudarrangør: Røde Kors Ungdom i Sogn og Fjordane
Medarrangørar: Ungdomspolitisk utval og Elevorganisasjonen, dessutan ungdomspartia AUF, FpU, KrFU, Raud Ungdom, Senterungdommen, Sosialistisk ungdom, Unge Høgre, Unge Venstre.

Støttespelarar
Førde kommune støttar arrangementet.

Ønskjer du, di verksemd eller din organisasjon å støtte dette viktige ungdomsbidraget i psykisk helse? Ring Thor Erlend Mehammer ved Sogn og Fjordane Røde Kors på telefon 90682381.