Velkomen til Kveik 2018!

Vi samlar oss for å hente inspirasjon, kraft og mot. Anten du vil høyre på våre dyktige innleiarar, ta eit kurs eller jobbe med idear saman med andre - velg sjølv kva du vil delta på!

Sogn og Fjordane Røde Kors har gleda av å invitere alle rødekorsarar - eller deg som lurer på å bli det - til Kveik-samling på Skei, på Thon Jølster hotell 19.-21. oktober.

Program:

Vi har invitert ei rekke dyktige innleiarar og kurshaldarar som har det for auget å gje deg skikkeleg Kveik i løpet av helga. Nokon av dei er avbilda her - alle er introdusert i programmet nedanfor.

Marit Elverland, Øyvind Granlund, Synøve Sande, Marthe Amalie Berntsen, Murtaza Abdulhusein, Gyrid Beck Solberg er blant dei du får treffe på Kveik 2018.

Vi legg opp til at du kan lage ditt eige program. Der det står "Parallell Kveik" skjer det mange ting samtidig - du vel deg programposten som høver deg best. Programmet som vi kallar "Felles Kveik" er retta mot alle i Røde Kors. 

Lenke for påmelding finn du nederst på sida.

Parallell Kveik fredag 18-21

1. Den viktigaste jobben - valnemndsarbeid

2. Introduksjon til Røde Kors

3. Psykososial førstehjelp

4. Norsk grunnkurs førstehjelp (1. bolk)

5. Digitale kart

6. Voice broadcast - nybyrjar

7. DHLR-kurs

8. Eg kan vere ein ven - besøksvenkurs

9. Ein smak av andre kulturar - fleirkulturelt arbeid

10. Opplæring digitale verktøy - Diba + Korsveien

11. Ettersamtale - verktøy for å følgje opp frivillige

12. Beredskapsvakt - eit steg vidare

13. Introduksjon til Rekneskap Røde Kors

 

MØT OSS PÅ STAND! Under Kveik får du møte mange som kan gje deg svar, kanskje opne dører for di Røde Kors-framtid. Spør om opplæring, test ei drone eller prøv ei elektronisk Anne-dukke, få EDB-terapi, still spørsmål om Røff og omsorgsaktivitetar.

 

Felles Kveik laurdag

08-09 Miniseminar om møteleiing

08.30 Kaffi og rundstykker

09.30 Velkomst

09.40 - 10.20 Humanitære mål - psykisk liding, demens

10.40 - 11.30 Relasjonen til media og styresmakter

12 - 13 Det er kraft i dei frivillige hendene - kva med dine?

13 - 14.30 Lunsj, mingling, stands

 

Parallell Kveik laurdag 14.30 - 18.30

1. Operativ og administrativ leiing i Hjelpekorpset

2. Voice broadcast-brukarar

3. Psykisk helse og beredskap

4. Eksempelverkstad: praktisk bruk av Korsveien

5. Beredskapsvakt - eit steg vidare

6. Introduksjon til Rekneskap Røde Kors

7. Røff - friluftsliv krydra med førstehjelp

8. Norsk grunnkurs førstehjelp (2. bolk)

 

Parallell Kveik søndag 09 - 13.30

1. Omsorgsaktivitet - aktuelle tema

2. Ungdomsaktivitet - aktuelle tema

3. Hjelpekorpsaktivitet - aktuelle tema

4. Organisasjonsaktivitet - aktuelle tema

 

Påmelding

 

I 2017 møttest 150 rødekorsarar på Kveik - med mange positive tilbakemeldingar. Deltakarane gav tommel opp for fleksibiliteten, mangfalda i programmet og det sosiale. Ta deg eit minutt og sjå nokre glimt frå samlinga ved å trykke på bildet nedanfor!

 

Med atterhald om endringar.

 

Vel møtt!
Beste helsing
Sogn og Fjordane Røde Kors