Velkomen på Landsleir på Haugland i Fjaler, Sogn og Fjordane. Foto: Jostein Vedvik/Røde Kors

Røde Kors landsleir - saman for andre

Både nyte sommaren og jobbe saman for ei betre verd? Velkomen til Røde Kors sin landsleir på Haugland i Sogn og Fjordane 26.-30. juni 2019.

Vi inviterer Røde Kors-ungdom frå heile landet til landsleir. Der skal du mellom anna få jobbe med internasjonalt engasjement, psykisk helse, integrering, beredskap og innsats i lokalsamfunnet. 

Det blir workshops, kurs og diskusjonar. I tillegg blir det rikeleg med fjordliv, disco og festivalstemning. Sjå film frå aktivitetar på Haugland nedanfor!

Kva ønskjer du?

Interessert? Nysgjerrig? Trykk på lenka nedanfor og fortel oss kva du ønskjer å oppleve, lære og gjere på landsleiren. Der kan du også legge att kontaktinformasjon, så skal vi halde deg oppdatert med nyheiter om programmet, spennande gjester og påmeldingsfrist.

SKRIV DINE ØNSKER HER!

Kva er Haugland?

På Haugland går elevar frå 85 land på Røde Kors Nordisk United World College. Der er det ein eigen leirskule og du finn Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, som hjelper 1300 pasientar årleg. Alt dette har komt i stand fordi Sogn og Fjordane Røde Kors arva eigedomen Haugland av Christian Bekker i 1980 – for at den skulle komme unge til glede.

Praktisk informasjon

På leirstaden overnattar vi i internatbygg med fem sengers rom med eige bad. I tillegg set vi opp gammer med plass til fem-ti personar. Vi har måltid i skulen si kantine, og har program i auditorium, klasserom eller kulturhus. Og sjølvsagt utandørs, ved eller på Flekkefjorden.

Haugland ligg tre kvarter frå næraste flyplass, som er Førde, og tre timar køyring frå Bergen. Det går ekspressbussar frå både Trondheim, Ålesund, Oslo og Bergen til Førde. Derifrå ordnar vi lokal transport til Haugland.

Vi jobbar med ei ordning der vi kan dekke reisekostnader for dei som må reise lengst. Det kjem vi tilbake til når vi opnar for påmelding. Målet vårt er at å ha deltakarar frå absolutt heile landet.

kart bergen uwc
Haugland med UWC ligg omlag tre timar køyring nord for Bergen.

Påmelding opnar 1. mars.

Vi jobbar for at dette skal bli ei oppleving for livet, med eit program med både moro og læring. Vi satsar på å ha klar eit skikkeleg bra opplegg innan 1. mars. Følg med!

 

Hjarteleg velkomen heim til Haugland!

Beste helsing
Sogn og Fjordane Røde Kors og
Røde Kors landsråd ungdom.

 

 

 

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler